Bakt torsk

TORSKERYGG: Den finaste delen av torsken blir brukt her. Saman med potetpuré og smørsaus blir dette festmat. Foto/redigering: Alf Vidar Snæland.

Omnsbakt torsk

Torsk er ei fantastisk råvare og utgangspunkt for mange lekre rettar. I dag blir den bakt i omnen med ein potetpuré som smeltar på tunga.

Slik gjør du

Omnsbakt torskerygg

Start med å skrape skinnet på torskeryggen, legg skinnsida ned i ei glovarm steikepanne med olje. Bruk gjerne raps- eller solsikkeolje. Vi reknar rundt 180 gram torskerygg per person. Steik til skinnet er sprøtt. Du rekk kanskje å telje til ti!

Legg torskestykka på ei smurt plate og bak dei i omnen på 120 grader i 5–6 minutt, litt avhengig av kor tjukke stykka er. Torsken kan gjerne kvile nokre få minutt før servering.

Potetpuré

Mandelpotetene og sellerirota kokast møre i vatn og stampast til ein potetpuré. Ikkje ha salt i vatnet når du kokar potetene, då blir pureen seig. Smak til med ein klatt meierismør, litt fløyte, salt og pepar. Ha i litt hakka grasløk til slutt.

Smørsaus

Lag ein enkel smørsaus ved å koke opp vatn og fløyte, pisk inn det usalta smøret og crème fraîche. Smak til med salt.

Server omnsbakt torskerygg med potetpuré, smørsaus, gulrøter og sprø sukkererter som du så vidt har kokt i vatn.

Kilde: Steinar Lindstrøm