Hopp til innhold

Heile verda elskar kjøttkaker

Ingen kjøttkaker er som mor sine. Du veit det. Vi veit det, og sånn har folk det over heile verda. Kva med å prøve herlege og spennande kjøttkaker frå andre land?

Kjøttkaker i brun saus

Dette er de norske. I artikkelen finn du også kjøttkaker frå Danmark, Sverige, Hellas, Marokko, Pakistan og Spania.

Foto: Tone Rieber-Mohn / NRK

Kjøttkaker har vandra over heile verda i mange hundre år. Ulike kulturar har over tida sett sin eigen smak på denne favoritten, i dag finst dei i tallause variantar, formar og smaker.

I Marokko smaker kjøttbollane av koriander og ingefær. Der koker dei sausen med smakfulle urter og krydder.

Spanjolane liker kjøttkakene mykje meir krydra enn oss. Dei kallar dei albondigas og bruker tomat i sausen. Perfekte til tapas, på pizza og i pastaretter.

Svenskane elskar sine «köttbullar» bada i ein fyldig fløytesaus. Det blir sagt at dei svenske kjøttbollane faktisk er baserte på ei oppskrift kong Karl 12 tok med heim frå Tyrkia tidleg på 1700-talet.

Kjøttkakene kom truleg først til Noreg via Danmark. Dei kallar kjøttkakene sine for frikadeller. Vi gir deg ein av dei betre oppskriftene her.

Ekspedisjonsjenta Amy Mir såg du i «Familiekokkene» på NRK i 2020 og i «Festen etter fasten» i 2021. Ho svingar festmat med pakistanske kofte wala salan.

Det greske kjøkkenet kallar retten for keftedakia. Ein klassikar med lam, kvitløk og urter som også passar godt med heimelaga tzatziki og pitabrød.

Og sjølvsagt dei beste kjøttkakene til slutt. Norske heimelaga kjøttkaker i brun saus. Velbekomme.