Fiskefingrar med kimchi

Heimelaga fiskefingrar og kimchi.

Foto: Espen Hobbesland / NRK

Fiskefingrar og kimchi

Hanne Frosta har med seg den koreanske kokken Yeoyoung Son i Førkveld. Dei tar seg av det mest brukte tilbehøyret i koreanske rettar, kimchi. Forfattar Per Asbjørn Risnes jr. lagar fiskefingrar med corn flakes. Dottera kallar det corn fish.

Slik gjør du

Per Asbjørn Risnes jr. sine fiskefingrar
Del fisken i fingertjukke bitar.
Vend dei først i mjøl, deretter dyppar du dei i piska egg, deretter trykker du dei ned i knuste cornflakes. Du kan også bruka brødskalkar som du kjører i food prosessor, eller knusa kavringar, kapteinskjeks, knekkebrød eller liknande.
Steik på medium varm steikepanne med smør og olje.

Kimchi
Del kinakålet i to, riv opp med hendene.
Ha kinakål i ei stor bolle med vatn og grovt salt – bland godt og sett det til sides i ca. 2 timar.

Ta kålen ut av vatnet og skyll godt. Ha i salat slynge eller tørk i handkle.
Dersom du har østers – opna og del dei.

Saus
Ta alle ingrediensane i ein morter eller mixar. Bland kinakål med saus og vårlauk. Bland i østers og dryss på sesamfrø.

Tips

Se også: Oppskriftene fra Hanne Frosta

Kilde: Yeoyoung Son og Per Asbjørn Risnes jr. i Førkveld