Laster innhold, vennligst vent..

Kjøtfri kokebok til topps i kåring

NRK Mat har fått tre kokkar til å kåra dei beste kokebøkene i 2018. Her er topplista deira.

Kokkane Anja Moen Hareim, Gunnar Hvarnes og Stig Juelsen har kåra dei beste kokebøkene i 2018.

Kokkane Anja Moen Hareim, Gunnar Hvarnes og Stig Juelsen meiner Grønnsakskokeboka er den beste kokeboka i 2018.

5. «Mjølk» av Bodil Nordjore

Dette er ei kokebok med gamle norske mjølkebaserte oppskrifter. Her finn du sjølvsagt mange dessertar og ulike typar graut, men også mykje om både smør, rømme og ost. Boka er spekka med bilete og historier.

Mjølk, historia om livet på staulen
Foto: Mona Gundersen

Dette er dei tinga me må ta vare på. Puttar me det i ei skuffe så mistar me litt av identiteten vår

Gunnar Hvarnes

Gunnar Hvarnes: Eg får flashback til bestemora mi som lagde prim heime, og støypte det i gamle mjølkekartongar. Dette er dei tinga me må ta vare på, puttar me det i ei skuffe så mistar me litt av identiteten vår.

Stig Juelsen: Det Bodil Nordjore gjer her er veldig viktig for norsk matkultur.

4. «Fritter shjiten» av Reneé Fagerhøi

Her er det oppskrifter til retter som sinte egg med sprø svinehud, ostesmørbrødis og blodpannekaker, servert saman med historier om film, musikk og barndomsopplevingar. Master-chef-vinnaren, Reneé Fagerhøi, har med andre ord laga alt anna enn ei tradisjonell kokebok.

Fritter shjitten
Foto: Geir Mogen / Falck Forlag

Det er litt rock'n'roll over henne

Stig Juelsen

Stig Juelsen: Dette er ei morosam bok med gode oppskrifter frå Reneé Fagerhøi. Det er litt rock'n'roll over henne.

Anja Moen Hareim: Det er ei kjempefin bok som tek i bruk litt andre råvarer enn det me vanlegvis bruker. Ho gir gode tips til nye måtar å bruka råvarene på. Noreg treng kule kokkedamer som vågar å gå sin eigen veg.

Gunnar Hvarnes: Boka er ei blanding mellom kjempeharry og kjempekul.

3. «Familiemiddag» av Ole Martin Alfsen

I denne boka er det kvardagsmiddagen som er i fokus. Korleis familiemiddagen kan bli god og næringsrik i ein travel kvardag. Det er lagt mykje vekt på at middagane skal passa for små barn.

Familiemiddag

Her får du tips til korleis du kan få barna dine til å prøva nye råvarer

Anja Moen Hareim

Gunnar Hvarnes: Det kjem ut ganske mange bøker i denne kategorien, men her har dei treft bra med at dette er realistisk mat å laga, og at det kan fungera for ein familie.

Anja Moen Hareim: Her får du tips til korleis du kan få barna dine til å prøva nye råvarer og nye smakar. Det er fint presentert med bilete der maten ser ut slik han vil sjå ut når du sjølv har laga den. Ole Martin Alfsen overraskar og fornyar seg kvar gong han kjem med ny kokebok, noko som er ein prestasjon i seg sjølv.

Stig Juelsen: Det er ein fin guide til korleis du kan fôre barna, og det er gjennomførbart.

2. «Feinschmecker» av Knut Stene Johansen, Lars Erik Underthun og Vinay Tangen

Ei kokebok med franske klassiske rettar frå kjøkkensjefane ved restauranten Feinschmecker i Oslo. Dette er matrettar for dei som allereie har brukt litt tid bak kjøkkenbenken, og som er klar for å ta det eit steg vidare.

Feinschmecker
Foto: Lars Petter Pettersen / Forlaget Press

Ei kokebok du kan stola på

Gunnar Hvarnes

Gunnar Hvarnes: Dette er kokeboka for matfrelste og foodies som vil laga gourmetmiddag. Det er solide oppskrifter med veldig gode råvarer. Dei er lite kompliserte, men har høg standard. Ei kokebok du kan stola på.

Anja Moen Hareim: Du får mykje informasjon om teknikkar, men på ein enkel måte som gjer at kven som helst faktisk kan få det til.

Stig Juelsen: Det er mange klassiske franske grunnoppskrifter her, som til dømes beurre blanc, hollandaise og sabayon.

1. «Grønnsakskokeboka» av Tom Victor Gausdal og Stian Floer

Sjølv om alle i juryen er svært glade i kjøt, så er vinnarboka i år ei heilt grøn kokebok. Grønnsakskokeboka har sett seg som mål å læra opp alle som ønsker å laga grønare og sunnare mat. Her er meir enn 400 oppskrifter på alt frå løkterte til sprø vårrullar med dipp. Mat til kvardag og fest.

Grønnsakskokeboka
Foto: Lars Petter Pettersen / Forlaget Press

Det er nytt, fresht og kjempebra

Anja Moen Hareim

Stig Juelsen: Desse to gutane har laga ei bok som er eit oppslagsverk med grundige og veldig fine oppskrifter. Dei bruker råvarene på ein morosam og kreativ måte.

Anja Moen Hareim: Boka gir gode tips til korleis ein kan laga til kvar enkel grønsak. Ho har jo eit heilt grønsaksleksikon. I tillegg er det flotte heile middagsrettar. Det er nytt, fresht og kjempebra.

Gunnar Hvarnes: Dei bind seg ikkje til noko konsept, utanom at det skal vera godt. Her er både asiatiske og norske teknikkar, og då blir det spanande.

Tidlegare kokebok-kåringar: