Hopp til innhold

Testa oppskrifter til kokebok – lagra ost i senga i tre månader

Margit Dale er ute med si femte kokebok. Under test av oppskrifter til boka, enda ein ost opp under dyna i senga.

Nåost som Margit Dale lagret i sengen i tre måneder.

Nåost som Margit Dale lagra i senga i tre månader.

Foto: Frode Verpe

– Dei franske ostane kan eigentleg berre gå og legge seg. Vi har mykje skarpare ost frå Setesdal.

Det fortel kokebokforfattar Margit Dale etter at ho testa ut oppskrifta til Nåost til kokeboka si.

Dale er ein formidlar av norsk tradisjonsmat og har ein lidenskap for mattradisjonar frå Setesdal, blant anna ostar.

Margit Dale står foran en hytte i Setesdal.

Margit Dale er tydeleg glad i Setesdal og tradisjonelle matretter frå dalen.

Foto: Frode Verpe

Ost under dyna

Oppskriftene på ostar som er med i kokeboka, har Dale har funne, og ho har fått gode tips.

– Eg fann ei gammal oppskrift og så tipsa ei gammal dame meg om å lagre osten i senga, for der er det jamn temperatur. Osten låg under dyna på gjesterommet i tre månader.

Ho ler litt når ho fortel vidare.

– Etter kvart begynte det jo å lukte ganske stramt inne på rommet. Osten lukta død og forderving, så i starten torde eg ikkje å smake på han sjølv. Det var far min som blei prøvekanin. Han likte han godt, seier ho.

Ein del av oppskriftene frå boka er godt kjente blant folk i Setesdal, men Dale trur dei er på veg ut.

– Det var derfor viktig for meg å dokumentere det, seier ho.

Ho beskriv ostane som nokre av dei beste smaksopplevingane ho har hatt.

Margit Dale viser frem en av rettene hennes fra kokeboka.

Margit Dale meiner det er viktig å bruke varer rundt oss til matlaging.

Foto: Frode Verpe

Forplikting

«Setesdal: Kulinariske skattar og levande tradisjonar» er den femte kokeboka til Dale.

Ho fortel at kvar gong ho er ferdig med ei bok tenker ho at det skal vere den siste. Det er likevel noko som får henne til å fortsette.

– Eg kjenner nok på eit behov for å formidle kunnskapen eg har, og på ei forplikting til å skrive det ned, seier Dale.

Ho meiner det er viktig informasjon til dei yngre generasjonane.

Les også Manglet gjester tross Michelin-stjerne: – Ingen selvfølge at det skal gå bra

Restauranten Under

Meir aktuelt

Forfattaren meiner også at gamle tradisjonar blir meir og meir aktuelt i forhold til berekraft.

– Det er viktig å bruke minst mogleg ressursar på matvarer. Kanskje ikkje takke dei som har reist jorda rundt for å få tak i varer, men heller bruke det du har rundt deg.

Ho seier at ho merkar at mange har mista kreativiteten rundt basisvarene, fordi vi har tilgang til så mykje anna.

Dette vil ho gjere noko med.

Bilde av Komper fra kokeboken til Margit Dale.

Komper frå kokeboka til Margit Dale.

Foto: Frode Verpe

Familieprosjekt

Dale synest at det var viktig å kunne skrive og lage kokeboka på sin eigen måte.

– Derfor valde eg å gi ut boka med eige forlag. Da hadde eg fridommen til å gjere akkurat det eg ville, seier ho.

Ho fortel at kokeboka var ein tidkrevjande prosess, men at ho fekk god hjelp. Boka var eit familieprosjekt.

Les også Slik skal stavkyrkja sjå ut når ho er ferdig

Modell Setesdal stavkirke

Mannen hennar var fotograf og illustratør, og dottera grafisk designar.

– Det var krevjande, men det gjekk veldig greitt. Da vi var ferdige sa dei til meg at det her er siste kokebok eg skal lage. Men eg tenker at det går nokre månader, så er eg i gang igjen, seier ho.

Margit Dale sitter under et tre.

Forfattar Margit Dale er ekstra stolt over kokeboka. I tillegg til å ha med oppskrifter, er det også inkludert historie og kultur.

Foto: Frode Verpe

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Åpnet verdens største bikube 00:36
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 0,85 kr
Dyrest kl. 08 1,73 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %