NRK Meny
Normal

Det er ikkje sikkert du klarer å laga ein einaste rett frå årets kokebok

Avanserte oppskrifter – der du må ha god tid til fermentering, sylting og speking – er stikkord for kokeboka som toppar lista til NRK Mat sitt ekspertpanel.

Maaemo

Det har kome ut meir enn 30 kokebøker i år. Kokkane Stig Juelsen, Anja Moen Hareim og Sven Erik Renaa har plukka ut dei fem beste.

Meir enn 30 kokebøker kom ut i 2017. Kokkane Stig Juelsen, Anja Moen Hareim og Sven Erik Renaa har likevel kome fram til ei topp-fem-liste.

5. «Karlas kjøkken»

Karlas kjøkken

«Karlas kjøkken – hverdagsmat på menyen» er basert på Karla Siverts notat. Karla Siverts døydde sommaren 2016.

I fjor sommar døydde kokken Karla Siverts, som var kjøkkensjef på restauranten Smalhans i Oslo. I denne boka har elleve kokkar, som kjende Karla, valt ut dei beste husmannsrettane ho laga.

Sven Erik Renaa: Her er det god norsk husmannskost, som er kjekk å laga. Det er spesielt mange gode sausar. Det er også ein flott ting at alle inntektene frå denne boka går til KokkeKarlas legat som skal hjelpa unge kvinnelege kokkar opp og fram.

Anja Moen Hareim: Boka er full av gode tips. Du kan utvida oppskriftene ut frå tipsa som står i margen, noko eg synst er veldig kjekt.

Stig Juelsen: Denne er for alle, og har ein morosam måte å angripa kvardagsmat på.

4. «Truls à la Hellstrøm»

Truls a la Hellstrøm

«Truls à la Hellstrøm – mesterkokk på 1-2-3» av Eyvind Hellstrøm og Truls Svendsen.

Foto: NRK

Denne kokeboka er basert på TV2-programmet der kjendiskokk Eyvind Hellstrøm og komikar Truls Svendsen reiser verda rundt på jakt etter god mat og kunnskap om råvarene som blir brukt.

Stig Juelsen: Det er ikkje avanserte ting i denne. Det er veldig enkelt og veldig godt. Dessutan er det ei kjekk bok å lesa i, med mange gode historier.

Anja Moen Hareim: Eg blei positivt overraska over denne. Det er veldig mykje humor i serien, noko som gjorde at eg var usikker på seriøsiteten i boka, men dette er verkeleg ei flott bok med mange gode oppskrifter og historia bak oppskriftene.

Sven Erik Renaa: Overraskande solide oppskrifter og mange nyttige tips.

3. «Lises gatekjøkken»

Lises gatekjøkken

«Lises gatekjøkken» av Lise Finckenhagen.

Foto: NRK

Lise Finckenhagen har reist rundt i verda og funne inspirasjon frå trendy gatemat når ho har laga denne boka.

Sven Erik Renaa: Denne er veldig variert, med gatemat frå Amerika, Sør-Amerika og Asia. Det er spanande smakar, som nok er nye for veldig mange. Bileta er også flotte, og gjer at du får lyst til å prøva deg på dei ulike rettane.

Anja Moen Hareim: Ei fresh og flott bok med fine fargar. God variasjon i råvarebruken, og som alltid med Lise Finckenhagen treng du ikkje vera tvil om oppskriftene fungerer. Verkeleg ei topp-tre-bok. Det er også eit pluss at du nesten ikkje finn smør og fløyte i denne boka.

Stig Juelsen: Sjølv om alt ikkje er like lett å få tak i, har ho tips til kor ein kan finna dei ulike råvarene.

2. «Ny norsk mat»

By norsk mat

«Ny norsk mat» av Even Ramsvik.

Foto: NRK

Mannen bak den nå nedlagde Michelin-restauranten Ylajali, Even Ramsvik, har gitt ut kokeboka «Ny norsk mat». Det einaste minuset panelet finn med denne boka er at det blir brukt mykje smør.

Stig Juelsen: Denne boka tek føre seg tradisjonell norsk mat på ein ny måte. Den er noko heilt anna enn den rutete kokeboka. Boka er gjennomført og gjennomtenkt med alt frå tang og tare til grønsaker og urter.

Sven Erik Renaa: Det morosame er at den er litt step-by-step. Det er ei avansert kokebok som faktisk går an å følgja frå råvare til ferdig rett. Av og til kan det vera vanskeleg å lesa seg fram til kva kokken meiner, men her ser du det fysisk. Han bruker litt mykje smør, og det er jo enklare å laga god mat når ein bruker mykje smør. Men om ein ikkje vil bruka så mykje smør, kan ein halda seg til dessertane, for dei er sunne.

Anja Moen Hareim: I tillegg blir du kjent med mange norske råvarer. Dei me bruker ein del, men også dei me kanskje bør bli litt flinkare til å bruka.

1. «Maaemo»

På topp ligg boka som utan tvil har dei mest avanserte oppskriftene. Trioen er likevel klare på at det ville vera feil å ikkje ha Noreg sin einaste trestjernersrestaurant, Maaemo, si kokebok på topp.

Anja Moen Hareim: Dette er ikkje ei bok du finn fram på fredag ettermiddag for å finna ut kva du skal ha i helga. Du må ha betre tid enn det.

Maaemo

Maaemo av Esben Holmboe Bang.

Foto: NRK

Sven Erik Renaa: Her skal det syltast, fermenterast og spekast, noko som nok gjer at mange melder seg av. Men sjølv om du ikkje lagar så mykje som ein einaste rett frå boka så er det ei flott coffee-table-book. Eit kunstverk med foto, skisser og oppskrifter som syner Noreg frå si mest reelle og beste side. I tillegg er det jo flott å ha moglegheita til å prøva seg på mat frå ein trestjernersrestaurant, seier kokken som sjølv har ei Michelin-stjerne på Stavanger-restauranten sin Re-Naa.

Stig Juelsen: Rømmegrauten er eit døme på ei oppskrift som mange kan klara. Om ein berre får kjøpt seg eit spekehjarte då, men dei andre oppskriftene bør du nok ha litt erfaring før du går i gang med.