Hopp til innhold

Smaken av advent og førjulsgodt

Rull ut dei gode, lune smakane og kryddera som lagar førjulstida perfekt for deg. Og har du lyst å prøve noko nytt, er det berre å lese vidare.

Bringebærmarsipan

Den vakre ventetida er i gang. Kos deg med smakane av advent, og la deg inspirere til nytt førjulsgodt.

Advent er graut. Kva enn du måtte føretrekkje, anten det er semulegryn, havre, risengryn, bygg eller havre. Lag god graut og hugs garnityr. Vi et med auga òg.

Så såre enkelt og godt. Mandlane kan også bli lekker gåve. Legg dei i ei krukke og ha ei sløyfe rundt.

Finn fram safranen og lag lussekattane akkurat sånn som du gjer kvart år. Mat er tradisjon. Og spis dei helst medan dei er varme.

Anten du bruker vin, sider eller eplemost, lag herleg gløgg. La julekryddera fylle koppen og pynt med appelsin og nøtter.

Bak ei god gammaldags kringle som metter mange. Her blir det til og med brukt ein eldre bakemetode. Smellgod!

Denne suppa er ein god venn på kalde vinterdagar. Masse god smak og varme som spreier seg til heile kroppen.

Også kakao er herleg sånne mørke kalde førjulskveldar. Denne varianten med appelsinskal, chili, kanel og vanilje går rett til topps.

Inviter venner til konfekt. Aller helst: La dei vere med å lage dei. Mjuke herlege marsipanhjarter med sjokolade og bringebær.