Hopp til innhold

Kunnskap gjer deg friskare

2 av 10 ungdom sliter med psykiske problemer. Nokon få timar med prat reddar mange hundre ungdomar frå psykiatrien kvart år.

Førsteårselevar ved Åssiden vidaregåande skule

Førsteårselevar ved Åssiden vidaregåande skule i Drammen har besøk av ein psykiatrisk sjukepleier og ei helsesøster.

Foto: Kristin Mehlum / NRK

Bror Just Andersen

Bror Just Andersen har i fem år forska på effektane av førebyggjande psykisk helsearbeid i vidaregåande skule.

Foto: Kristin Mehlum / NRK

Psykiske lidingar er i ferd med å bli det største helseproblemet i vår del av verda.

Meir enn kvar femte ungdom slit med psykiske problem av ein slik art, at det går ut over skulearbeid eller andre delar av kvardagslivet.

LES OGSÅ: – Barn bør få egen advokat

Imponerande effekt

Men eit enkelt tiltak gir gode resultat

Eit prosjekt med å spreie kunnskap om psykisk helse på vidaregåande skular, viser seg å ha imponerande bra effekt.

– Vi vart så overraska over funna, at vi måtte bruke tre ekstra månadar på å dobbeltsjekke forskinga, seier Bror Just Andersen, som har forska på effekten av det førebyggande programmet VIP, til NRK.

VIP står for Veiledning og informasjon om psykisk helse hos ungdom, og har dei siste åra spreidd seg til om lag halvparten av dei vidaregåande skulane i landet.

Fem skuletimar med prat om psykisk helse er alt som skal til.

LES OGSÅ: Sliter du? Slik kan du hjelpe deg selv.

Halverte angstallet

Eitt år seinare viste det seg at talet på elevar som sleit med angst var blitt halvert, og mobbinga var redusert med ein tredel på dei skulane Andersen følgde.

Andersens studie viser at over 1000 elevar vil bli redda frå å hamne i psykiatrien, om VIP-programmet vert innført på alle dei vel 450 vidaregåande skulane i landet.

Suksessformelen til VIP er dialog framfor monolog, skal vi tru elevar ved Åssiden vidaregåande skule i Drammen.

– Dei andre førebyggjande programma vi har hatt opp gjennom grunnskulen, har som regel vore at det kjem ein person opp på ei scene og snakkar om sine erfaringar, seier Rebecca Engeli Eriksen etter eit par timar med gruppesamtale med ein psykiatrisk sjukepleier og helsesøstera på skulen til NRK.

Men ein får ikkje kome i diskusjon.

– Når vi sit i klasserommet, i ring, og får letta på kjensler og får folk som lyttar til kva vi verkeleg tenker om temaet, er det mykje enklare å lære om det, legger hun til.

LES OGSÅ: Gir tenåringen opp idretten for lett?

Oppsto på Blakstad

Måla med VIP-programmet er å forklare elevane kva som er normale opp- og nedturar i livet, og korleis psykiske lidingar er.

Og senke terskelen for å hjelpe andre eller søke hjelp sjølv.

Ideen til prosjektet oppsto på Blakstad sjukehus i Asker.

Eit par pasientar sa til leiinga ved det psykiatriske sjukehuset, at om dei berre hadde visst tidlegare det dei hadde lært om psykisk helse i løpet av behandlinga, ville dei aldri hamna der.

Då ville dei ha søkt hjelp tidlegare. Dei oppfordra leiinga til å spreie kunnskap om psykisk helse på skulane.

Og lærdomen går inn, i følgje Andersens forsking.

– Kunnskapen om psykisk helse går frå eit relativt lavt til eit solid høgt nivå. Og dei huskar mesteparten av det dei har lært eit år seinare, seier Andersen.

Mellom anna kor ein kan søke hjelp om ein sjølv eller andre treng det.

Det viser seg også at ungdomane blir flinkare til å søke hjelp i ein tidleg fase, og såleis unngår at små psykiske problem veks seg store.

Og dei som har psykiske problem opplever at det er lettare å vere open om det i etterkant av VIP-programmet.

LES OGSÅ: Ikke farlig å snakke om selvmord

TV og radio

Tonnevis av møbler kastes hver dag. Kan Trygve Slagsvold Vedum og Christian Strand pusse opp barneskolen til Trygve med møbler NAV har dumpa?
Helene sjekker inn - på asylmottak. Norsk dokumentar.
I fem døgn bor programleder Helene Sandvig sammen med asylsøkere på Dikemark Asylmottak. Det blir et tøft møte med en helt annen virkelighet.
Aida sov et helt døgn og Halvor får ikke sove uten å gjøre et spesielt triks. Hva feiler det dem? Tre butikkansatte med nettbrett utfordrer legelaget i kveldens episode. Programleder: Kjetil Røthing Askeland. Sesong 2 (4:8)