Hopp til innhold

EU godkjenner kroppsskanning på europeiske flyplassar

Flypassasjerar i Europa får retten til å nekte å gå gjennom kroppsskannarane som EU no har gitt si støtte til.

Kroppsscanner er allereie i bruk på John F. Kennedy International Airport i New York

Kroppsscanner er allereie i bruk på John F. Kennedy International Airport i New York.

Foto: MICHAEL NAGLE / Afp

På vei til sikkerhetskontrollen

Slike skilt blir vanlegare på europeiske flyplassar snart. Men det skal vere lov å nekte å la seg scanne.

Foto: Ted S. Warren / Ap
Kroppsscanner på flyplass i Hamburg

Slik ser du ut når du går gjennom «nakenscannaren» som har blitt testa ut på flyplassen i Hamburg.

Foto: FABIAN BIMMER / Afp
Kvinne i sikkerheitskontrollen

Og slik ser det ut når du står der og blir scanna.

Foto: FABIAN BIMMER / Afp

Europaparlamentet har godkjent utplassering av kroppsskannarar på europeiske flyplassar.

Etter ein lengre testperiode har dei dermed bestemt seg for å godkjenne den omstridde sikkerheitsinnretninga.

Dei har framleis ein reservasjonsrett på tre månader, noko som betyr at dei kan ombestemme seg.

Skanneren blir godkjend på det vilkår at flypassasjerar skal kunne nekte å gå gjennom dei, skriv nyheitsbyrået AFP ifølgje The Independent.

Ser gjennom kleda

Bruken av slikt utstyr auka i USA i 2009 og var sentrum for heftige diskusjonar fordi ein med kroppsskanneren kan sjå heilt inn til beinet.

For å hindre pinlege episodar vil medlemmene av Europaparlamentet nekte at bileta blir lagra. Dei skanna bileta skal heller ikkje gjengi noko som kan likne på ein menneskekropp, men heller noko som kan minne om fyrstikkmenn.

Europaparlamentet trur at det blir sikrare å fly med den nye innretninga. Dei ønskjer likevel at passasjerar som ikkje ønskjer å gå gjennom scanneren skal få alternative tilbod.

Det Europaparlamentet ikkje ønskjer, er bruk av røntgenscanning, då dei meiner dette vil vere skadeleg for menneske.

Sprengstoff i trusa

Kroppsskannaren vart meir og meir vanleg etter jula 2009, etter at ein 23 år gamal nigeriansk mann prøvde å sprengje eit fly med neste 300 passasjerar i lufta mellom Amsterdam og Detroit.

Mannen hadde gøymt 80 gram sprengstoff i underbuksene sine. Dette sprengstoffet ville ein skanner kunne oppdaga, meiner Europaparlamentet.

Etter episoden oppfordra amerikanske politikarar også Europa til å innføre skannarar på flyplassane sine. Europeiske politikarar har no undersøkt konsekvensane ved å godkjenne bruken av slike, og har bestemt seg for at det er greit.

Magnhild Meltveit Kleppa

Samferdsleminister Magnhild Meltveit Kleppa (Sp) ville ikkje ha noko av kroppsskannig på norske flyplassar i fjor haust.

Foto: NRK

Norske myndigheiter sa i fjor haust at Noreg ikkje ville vere med på forsøk med kroppsskanning.

– Eg kan heilt sikkert seie at det ikkje blir tale på å innføre ei slik form for kontroll på norske flyplassar, sa samferdsleminister Magnhild Meltveit Kleppa (Sp) til Stavanger Aftenblad den gongen.

TV og radio

Tonnevis av møbler kastes hver dag. Kan Trygve Slagsvold Vedum og Christian Strand pusse opp barneskolen til Trygve med møbler NAV har dumpa?
Helene sjekker inn - på asylmottak. Norsk dokumentar.
I fem døgn bor programleder Helene Sandvig sammen med asylsøkere på Dikemark Asylmottak. Det blir et tøft møte med en helt annen virkelighet.
Aida sov et helt døgn og Halvor får ikke sove uten å gjøre et spesielt triks. Hva feiler det dem? Tre butikkansatte med nettbrett utfordrer legelaget i kveldens episode. Programleder: Kjetil Røthing Askeland. Sesong 2 (4:8)