Hopp til innhold

Er framtidas mann skalla?

Mange menn fortvilar når dei innser at den eingong så fyldige hårmanken er i ferd med å gå tapt. Men ifølgje hårlege Cato Mørk er det kanskje nettopp den glattskalla som er framtidas mann.

Jonas Rønning og Fredrik Steen

Komikarane Jonas Rønning (t.v.) og Fredrik Steen valde begge å la håret falle i byrjinga av 20-åra, og kjem ikkje til å la det vokse ut igjen. Saman har dei skrive boka «Skalla».

Foto: Kristin Mehlum/NRK

Tidlegare trong vi menneske kraftig hår både på kropp og hovud for å overleve i kaldt klima og i jegersamfunnet. No treng vi heller å kvitte oss med overskotsvarmen i kroppen, og håret har ikkje lenger den same funksjonen.

Hud- og hårlege Cato Mørk

Hud- og hårlege Cato Mørk fortel at naturleg håravfall er svært tett knytt opp til arv.

Foto: Kristin Mehlum/NRK

– Vi treng det rett og slett ikkje lenger for å overleve, seier hud- og hårlege Cato Mørk til NRK Puls.

NTNU-professoren trur difor menn i framtida kan kome til å verte langt tynnare i sveisen enn dagens utgåve av hankjønnet. Likevel er det kanskje ei mager trøyst for menn som gjerne vil behalde løvemanken ei stund til.

– Kvar tredje mann under tretti år opplever hårtap, og når ein bikkar femti er omtrent halvparten av norske menn vesentleg tynnare i håret, seier Mørk.

Maskulint å misse hår

Ifølgje Mørk vert kraftig hårvekst på hovudet framleis assosiert med virilitet og ungdom, og håret er viktig også for mannen sin identitet. Men paradoksalt nok er det nettopp det mandige som gjer at menn misser håret.

– Det mannlege kjønnshormonet testosteron spelar nemleg ei nøkkelrolle når hårtustane tek til å falle av urovekkjande fort. Naturleg håravfall hos menn skuldast ofte eit samspel mellom hormonet dihydro-testosteron, arv og alder, forklarer Mørk.

I hårsekkane sit det ei mengde reseptorar og desse reagerer med testosteron.
Kor mange reseptorar kvar enkel av oss har vert avgjort av arv. Og dess fleire reseptorar, dess meir hårtap. Likevel er det svært mykje vi enno ikkje veit om dette kompliserte samspelet.

Dramatisk for kvinner

Mange kvinner opplever også det som vert kalla naturleg håravfall, og ofte har dette vore knytt opp til overgangsalder, forklarer Mørk. Dette fordi kvinnekroppen då produserer mindre østrogen og testosteronet får større spelerom. Likevel er det også hos kvinner, som hos menn, svært tett knytt opp til arv.

– Vi ser at kvinner i alle aldrar kan få tynnare hår. Hos kvinner er håret knytt endå sterkare til identitet enn hos menn, så for mange kvinner kan hårtap opplevast svært dramatisk, seier Mørk.

Blodtrykksmedisin i håret

Det vert stadig forska på nye middel og medikament som kan virke førebyggande eller bremse hårtap. Mørk fortel at eit lovande middel no er augedropar som har vore nytta mot grøn stær. Heilt tilfeldig oppdaga fleire at dette også gav kraftigare augevipper, og ein er no i ferd med å prøve ut middelet mot hårtap.

Elles finst det ulike hårvatn på marknaden, og ein del tablettar. Også desse midla vart oppdaga tilfeldig, som til dømes at blodtrykkmedisin viste seg å vere bra å ha i håret.

– Ein medisin for forstørra prostata har også vist seg å kunne bremse håravfall, seier Mørk, men understrekar at ingen av midla på marknaden er vedundermedisinar, seier Mørk, og legg til:

– Nokre av tablettkurane inneber i prinsippet ei mild kjemisk kastrering, og ikkje mange, men nokre rapporterer om biverknader som nedsett lyst og seksuelle evne.

På marknaden finst det og ei mengde kommersielle produkt, men problemet ifølgje Mørk – er at relativt få av dei er veldokumenterte.

For dei aller fleste menn med naturleg hårtap handlar det om å finne ein meistringsstrategi. Nøktern informasjon og tid gjer ofte sitt til at menn avfinn seg med at håret vert naturleg tynnare med alderen.

– Det er aller beste rådet er kanskje oppsummert i filosofen Spinoza sine ord, meiner Cato Mørk

«Elsk din skjebne».

Damene som avgjer

Om framtidas mann er skalla eller ei kjem heilt an på damene, meiner professor i zoologi, Per Jacobsen, ved Universitetet i Bergen.

Han er samd med Cato Mørk i at håret var viktigare for mannen i jegersamfunnet og for å overleve i sol og kulde. Men i dag påverkar likevel kulturelle vilkår sterkt.

– Kva som er attraktivt seksuelt og mote styrer i stor grad også utviklinga på korleis vi menneske vert sjåande ut, seier Jacobsen, som ikkje vil spå ei hårlaus framtid for mannen enno.

I mellomalderen var det til dømes kjempeattraktivt for ein mann å vere småfeit, for då viste han evne til å brødfø seg sjølv og familien i ei tid då det var lite mat.

– Kor vidt det å vere skalla vert eintydig symbol for suksess, velstand og gode seksuelle evner vil difor vise seg, meiner Jacobsen, og legg til:

– Kanskje er det slik at håret til menn vert nøytralt i framtida, på den måten at det ikkje er hårmanken som i særleg stor grad avgjer om kvinnene ønsker denne mannen som far til sine barn. Ut ifrå motebildet og samfunnet i dag kan ein kanskje helle mot ei slik nøytral utvikling, trur Jacobsen.

Skalla

Fredrik Steen og Jonas Rønning

Fredrik Steen (t.v.) og Jonas Rønning er glade i sine hårlause hovud.

Foto: Kristin Mehlum/NRK

To karar som veit å setje pris på sin blanke isse er komikarane Jonas Rønning og Fredrik Steen. Da Steen og Rønning var 24 år tok dei farvel med sine tidlegare fyldige mankar.

– Det var på mange måtar frigjerande å la håret falle, og ganske kort tid etter fekk eg gode tilbakemeldingar, seier Rønning til NRK Puls.

– Eg fekk sjølvtilliten tilbake. Det var ein god følelse, og eg slapp å late som at eg hadde ein anna sveis, seier Steen til NRK Puls.

Saman har dei skrive boka «Skalla», kor dei på humoristisk vis blant anna fortel om sine hårhistorier, kvifor håret forsvinn og korleis ein taklar det hele. I arbeidet med boka innhenta dei masse informasjon om det å bli skalla.

Komikarane er samde om at det å vere skalla gir fordelar.

– Eg kan dusje på to minutt, og det ser ut som eg er 30 sjølv om eg er over 40, seier Rønning, og ser spørjande på Steen.

– Eg fekk utfordra sjølvtilliten på eit tidleg tidspunkt i livet. Det har vist seg at det var bra, sjølv om det var tøft, seier Steen.

I videoen under kan du sjå komikarduoen vise fram sin heimelaga hentesveis.

Komikarane Fredrik Steen og Jonas Rønning kjem med tips til heimelaga hentesveis for dei som manglar hår på hovudet.

SE VIDEO: Komikarane Fredrik Steen og Jonas Rønning kjem med tips til heimelaga hentesveis for dei som manglar hår på hovudet.

Puls ser du måndagar på NRK 1 klokka 19.45

TV og radio

Tonnevis av møbler kastes hver dag. Kan Trygve Slagsvold Vedum og Christian Strand pusse opp barneskolen til Trygve med møbler NAV har dumpa?
Helene sjekker inn - på asylmottak. Norsk dokumentar.
I fem døgn bor programleder Helene Sandvig sammen med asylsøkere på Dikemark Asylmottak. Det blir et tøft møte med en helt annen virkelighet.
Aida sov et helt døgn og Halvor får ikke sove uten å gjøre et spesielt triks. Hva feiler det dem? Tre butikkansatte med nettbrett utfordrer legelaget i kveldens episode. Programleder: Kjetil Røthing Askeland. Sesong 2 (4:8)