Hopp til innhold

Vi vil ha kåtskap og komikk

I jakta på kjæraste er humor, varme og sexlyst kvalitetane som er høgst prioritert.

Par

Når nær annakvart ekteskap ender i skilsmisse er vi tydelegvis ikkje så flinke til å velje partner. NRK tester parforholdet ditt i nytt tv-program.

Foto: Colourbox

Dersom du skulle skildre idealpartnaren din, korleis skulle han eller ho vere?

Truleg ville du bruke ord som humoristisk, varm og full av sexlyst. Det er i alle fall slike eigenskapar dei 91 000 aktive brukarane av nettsjekkestaden Sukker.no verdset høgst.

– Vi ønskjer oss kjærastar som er blide, varme og nære. All forsking viser det. Alle syns slike folk er hyggjelegare å vere saman med enn sure, kalde og fjerne, seier psykolog Andreas Løes Narum i Abintus.

Ein vits i senga?

Andreas Løes Narum

Andreas Løes Narum, psykolog i Abintus, meiner det er få som systematisk går inn og tenker kva som vil vere ein god match.

Foto: Abintus
Morten Gulliksen

Morten Gulliksen i Sukker.no seier det er særleg kvinner i 30-årsalderen som ønskjer seg ein humoristisk partner.

Foto: NRK

Sånn sett er nettsjekkarane nokon lunde gjennomsnittlege. For statistikk henta frå brukarprofilane på nettsjekkestaden, der medlemmene må vekte 70 eigenskapar ved potensielle partnarar, viser at humor er det som hyppigast går igjen som svært viktig.

– Det gjeld uansett kjønn og alder. Men særleg kvinner i 30-årsalderen ønskjer seg ein humoristisk partner, seier Morten Gulliksen i Sukker.no.

Vårt nest høgste ønskje er ein varm og kosete kjæraste. Og den tredje mest prioriterte eigenskapen er i same gate, nemleg at partnaren har lyst på sex.

Vidare er det viktig for oss at kjærasten har sosial intelligens, og at han eller ho ikkje flørtar med andre.

Det er særleg unge menn og eldre kvinner som ikkje tolererer flørtande kjærastar.

– Det er vel dei som er mest utsett for konkurranse i kjøttmarknaden, kommenterer Gulliksen.

Har DU funne den rette?

Ein ting er korleis vi skildrar draumekjærasten. Skildringa av den vi endar opp med er kanskje er anna historie?

– Nei, når vi ber folk beskrive idealpartnaren sin og sin eigen partner, så er det ganske samanfallande kva idealpartnaren skal vere og kva partnaren er, fortel Løes Narum.

Men skilsmissestatistikken nyanserer paridyllen. Når nær annakvart ekteskap ender i skilsmisse er vi tydelegvis ikkje så flinke til å velje partner.

Derfor vil NRK no hjelpe par med å finne ut om dei er riktige for kvarandre, gjennom eit nytt tv-program.

VIL DU TESTE PARFORHOLDET DITT, FINN DU INFORMASJON OM PROGRAMMET HER.

Tilfeldig val?

Psykolog Løes Narum syns altfor mange tek altfor lett på valet av partner.

– Det er veldig få som heilt systematisk går inn og tenker kva som vil vere ein god match for meg.

Brukarane av nettsjekkestaden må i det minste ta stilling til 70 personlege eigenskapar for både å beskrive seg sjølv og kva dei ønskjer hos ein kjæraste.

Og statistikken henta ut frå profilane kan vise interessant samfunnsutvikling.

Då dei starta opp i 2005 var det 51 prosent som kryssa av for at det var veldig viktig med ein røykfri kjæraste. I løpet av dei neste seks åra har dette auka jamt til 61 prosent.

– Dette illustrerer jo godt utviklinga av antirøykhaldninga i samfunnet, seier Gulliksen.

TV og radio

Tonnevis av møbler kastes hver dag. Kan Trygve Slagsvold Vedum og Christian Strand pusse opp barneskolen til Trygve med møbler NAV har dumpa?
Helene sjekker inn - på asylmottak. Norsk dokumentar.
I fem døgn bor programleder Helene Sandvig sammen med asylsøkere på Dikemark Asylmottak. Det blir et tøft møte med en helt annen virkelighet.
Aida sov et helt døgn og Halvor får ikke sove uten å gjøre et spesielt triks. Hva feiler det dem? Tre butikkansatte med nettbrett utfordrer legelaget i kveldens episode. Programleder: Kjetil Røthing Askeland. Sesong 2 (4:8)