Hopp til innhold

- Aldri vore så sliten før

Blod, sveitte og syltrange treningsbukser. Bli med på første innspelingsdag av Bedre Puls.

Bedre Puls-deltakarane, sesong 4
Foto: Steinarr Sommerset / NRK

- Eg er spent på kva som ventar no. Dei har ikkje fortalt nokon ting.

Medan sigarettrøyken stig mot ein kald, klar hausthimmel, synk alvoret inn. Fire utrente kroppar skal snart i ilden i Bærumsmarka utanfor Oslo.

- Målet må vere å klare å komme seg ut på joggetur mandag morgon. At det å ikkje trene blir eit brot med rutinene i kvardagen. Å kunne vere ein sprekare versjon av seg sjølv, og kjenne eit overskot av energi.

- Vil få betre sjølvtillit

Det er første innspelingsdag av fjerde runde med Bedre Puls .

Kven dei nye deltakarane er, får du først vite når tv-serien er attende på skjermen til våren, denne gongen med utvida sendetid.

Årets deltakarar har ulike utgangspunkt, men èin ting står dei saman om: eit sterkt ønskje om ein sunnare livsstil.

- Eg har ikkje noko mål om å verte muskuløs, eg ønskjer berre å stramme opp litt. Å kunne gå på stranda eller i symjehallen med betre sjølvtillit. Og å lære å ete sunnare, fortel ein av dei.

Høg puls frå første stund

Armhevingar i skauen

Trenar Yngvar gjer klar for armhevingar i skogen.

Foto: Steinarr Sommerset / NRK

Noko skeptiske, skiftar dei til joggesko og tettsittande treningsbukser. Det kan trygt kallast uvant for fleire.

- Eg kjenner meg som ei surra svinesteik, flirar ein av deltakarane.

- Er det noko de treng elles?, spør ein frå tv-teamet.

- Oksygenmaske, lyr det tørt, på veg mot første post i eit skogholt.

Der ventar ein strålande opplagd Bedre Puls-trenar, Yngvar Andersen.

- Velkommen! Så kjekt å sjå dykk i treningsklede – de kjem til å trenge dei i dag.

Med vedkubbar og hanskar som hjelpemiddel, er det rett ned i lyngen for å ta armhevingar.

Alle skal finne sitt treningstalent

Yngvar Andersen

Yngvar Andersen.

Foto: Steinarr Sommerset / NRK

Over 800 treningsvillige nordmenn melde seg på Bedre Puls, etter å ha sett vårens deltakarar fullføre det 10 kilometer lange Sentrumsløpet i Oslo.

Dei fire som er plukka ut skal i staden for generell trening, finne sitt eige treningstalent.

Trenar Yngvar Andersen ser etter ulike styrker hos deltakarane som han kan jobbe vidare med.

- Det kan vere demotiverande å nytte mykje tid på trening ein føler at ein ikkje får til. Vi ønskjer å syne kva slags øvingar som kan passe for ulike folk, og at dette ikkje har noko med korleis ein ser ut å gjere. Slik kan det bli lettare å motivere seg til å trene.

Inga kjære mor

Attende i skogen, manar trenaren engasjert til full innsats på armhevingane.

- Kom igjen! Ta ut alt no!

Armane dirrar i det deltakarane stønnar seg opp frå bakken ein aller siste gong på rein viljestyrke.

- Kor mange blei det?, spør Yngvar.

- Tjue.

- Fjorten.

- Eg var så sliten at eg ikkje klarte å telje.

Trass i slitet, ser humøret ut til å vere upåklageleg. Dette skal dei klare. Trenaren er nøgd med det han ser etter.

- Nokre er i veldig dårleg form, og alle har mykje å gå på. Men dei syner strålande motivasjon, og gjev alt dei har. Eg byrjar å danne meg eit bilete av kva dei er i stand til, det det skal bli herleg å jobbe med dei framover!

- Angrar ikkje slett enno

Boksesekk

Høg intensitet på treninga ved boksesekken.

Foto: Steinarr Sommerset / NRK
Rosa boksehanskar
Foto: Steinarr Sommerset / NRK

Deltakarane får ein kort pust i bakken. Snart ventar ei knallseig runde med den tunge, svarte boksesekken.

- Eg har aldri hatt så vondt i musklane nokon gong. Men det er gøy også, så eg angrar ikkje på at eg har meldt meg på. Enn så lenge, smiler ein av deltakarane, medan sveitten renn nedover ansiktet.

Yngvar er allereie i gong med å ildne opp førstemann ut i den provisoriske bokseringen, som etterkvart får skikkeleg dreisen på dei tjukke hanskane.

- Sjå føre deg nokon du ikkje likar, og slå til, full innsats i eitt minutt no! Beveg deg, og pust! Jobb med høgrehanda!

- Skikkeleg opptur!

Hinderløype

Melkesyra byrjar å melde seg i tauverket.

Foto: Steinarr Sommerset / NRK

I ei lang og utfordrande hinderløype, byrjar det manglande treningsgrunnlaget å vise att.

Trass i heiarop frå laget, må ein av tv-trimmarane kaste inn handkledet. Med null saft igjen i føtene, blir taubrua med dinglande tømmerstokkar nådelaus. Han må gje opp.

- Dette var grusomt tungt når ein er så sliten.

Men andre har fått blod på tann.

- Eg var skeptisk før start, men då eg klarte denne øvinga, blei eg skikkeleg gira og motivert! Dette var ein ordentleg opptur!

Ho har eitt konkret mål med treningsprogrammet.

- Eg ønskjer å kunne springje saman med ungane mine, i staden for å berre springje etter dei.

  • Les alt om Bedre Puls her .

TV og radio

Tonnevis av møbler kastes hver dag. Kan Trygve Slagsvold Vedum og Christian Strand pusse opp barneskolen til Trygve med møbler NAV har dumpa?
Helene sjekker inn - på asylmottak. Norsk dokumentar.
I fem døgn bor programleder Helene Sandvig sammen med asylsøkere på Dikemark Asylmottak. Det blir et tøft møte med en helt annen virkelighet.
Aida sov et helt døgn og Halvor får ikke sove uten å gjøre et spesielt triks. Hva feiler det dem? Tre butikkansatte med nettbrett utfordrer legelaget i kveldens episode. Programleder: Kjetil Røthing Askeland. Sesong 2 (4:8)