Yama Wolasmal (35) har arbeidd i TV2 sidan 2006 som reporter og utanriksreporter med særleg ansvar for Sør-Asia. I 2010 tok han permisjon i TV2 for å flytte til Kabul for ein periode. Då jobba han som Kabul-korrespondent for den engelskspråklege, kinesiske nyheitskanalen CCTV English, som er ein av dei største nyheitskanalane i verda.
Dei siste åra har han vore nyheitsanker i TV2 Nyhetskanalen og programleiar for debattprogrammet «Underhuset» på same kanal.
– Eg har hatt ti fantastisk lærerike år i TV2, og er takksam for alle moglegheitene eg har fått der. No ser eg fram til å vere med å bygge opp direktelinja i NRK, seier Wolasmal til NRK
Stolt og glad
Wolasmal seier han er lidenskapleg oppteken av «breaking news», og at han gler seg til å ta fatt på nye oppgåver i NRK.
– Samtidig ser eg fram til å møte gode kollegaer frå TV2 i konkurransen om å vere først ute med dei viktigaste nyheitshendingane.
Redaktør for NRK Direkte, Espen Olsen Langfeldt, er glad og stolt over å få Yama Wolasmal med på laget.
– Han har svært brei erfaring som reporter, programleiar og nyheitsanker, og han kan moderne nyheitsformidling. Yama vil komplettere laget i NRK Nyheter, og han kan også brukast i mange andre roller i NRK. Vi gler oss til han er på plass, seier han.