"My private sky"
Foto: Helle Holm / Astrup Fearnley Museet

Gammal travar rir igjen

For 22 år sidan skapte denne einhjørningen norsk kunsthistorie. No er han tilbake i manesjen.

Tenk om du ikkje hadde vaska håret på mange år. Alt støvet og skiten som hadde samla seg tynga ned hårstråa. Ein enkel hårvask ville ikkje halde, du måtte til med tyngre skyts.

Dette er situasjonen for ein kvit einhjørning i verkstaden til kunstnar Børre Sæthre.

Einhjørningen, som eigentleg er ein utstoppa villhest frå Island, fekk enorm merksemd då han blei stilt ut på Astrup Fearnley Museet i 2001. Han hamna på coveret av ei prestisjefylt bok om kunst og blei kåra til ei av Noregs viktigaste kunsthendingar på 2000-talet.

Bokcover "Installation art in the new millennium"
Foto: Thames & Hudson

Så blei det stille. Det firbeinte kunstverket blei plassert i ei transportkasse på eit kunstlager, og sakte, men sikkert bleikna glansen i pelsen.

No blir einhjørningen stilt ut på nytt. Når Astrup Fearnley Museet fyller 30 år, er han det store trekkplasteret.

Først trengst ein kraftig makeover.

Ut og vaske hestar

Korleis vaske ein einhjørning som er ein hest?

Utanfor kunstnar Børre Sæthres studio står ein hengjar som minner om ein slik ein transporterer hestar i, men det luktar ikkje stall inne i verkstaden. Hesten er rein. Og død. Men lever som eit kunstverk.

Hoven på einhjørningen
Hornet til einhjørningen

Ein trio står rundt dyret. Det er Sæthre, taksidermist Espen Lynne og 14 år gamle Viljar Mysen. Lynne er ekspert på konservering av dyr, medan Mysen har ei noko spesiell arbeidsveke. Han skal få plassere hornet i panna på hesten.

"My private sky" i verkstaden

ARBEIDSVEKE: Viljar Mysen skrur inn hornet, som er modellert etter ein narrkval. I bakgrunnen står kunstnar Børre Sæthre og følgjer med, medan taksidermist Espen Lynne hjelper til.

Taksidermist Espen Lynne fortel at han såpa inn hesten akkurat slik som ein gjer sjølv i dusjen, før han skylte av mange år med støv.

Slik vaskar du ein einhjørning: Med eit eige pelsvaskemiddel.

– Og så hender det vi brukar litt vanleg sjampo og balsam, faktisk, seier Lynne.

For å få pelsen til å ligge riktig, har dei smurt hesten med vaks og gelé. Dei har rufsa til pelsen, slik at han ser ut som ein type einhjørning som ein finn i gamle eventyr.

Penslar i studioet til Børre Sæthre

Saman med spesialeffekt-ekspert June Olsen som tidlegare har jobba hos Madame Tussaud, har Lynne sete i mange timar og stifta inn enkelthår, slik at den litt slitne Fola Blakken skulle bli til skinande einhjørning.

Det store gjennombrotet

I 2001 representerte einhjørningen, med verkstittelen «My Private Sky», ei ny utvikling i den norske samtidskunsten. Bruken av dyr, iscenesetting og filmreferansar var forfriskande. Du trådde inn i eit blått rom der du blei usikker på rom og tid. I sentrum låg einhjørningen og såg innbydande mot deg medan han løfta det eine bakbeinet.

Dette verket har ein ruvande plass i norsk kunsthistorie, bekreftar NRKs kunstkritikar, Mona Pahle Bjerke.

mona-pahle-bjerke
Foto: Werner Anderson

Einhjørningen var faktisk ein stor del av grunnen til at ho valde seg samtidskunst heller enn mellomalderkunst som felt då ho var ung kunsthistoriestudent.

Eg hugsar eg var heilt fascinert av Børre Sæthre, at eg såg det blå verket, og ja… At det var ei skilsetjande oppleving.

Ho framhevar den spesielle science fiction-stemninga som Sæthre skapte med dette verket, inspirert av filmskaparar som Stanley Kubrick og Alfred Hitchcock.

– Han bringa jo inn eit heilt nytt formspråk som vekte veldig oppsikt. Og som eg trur trefte veldig ein nerve.

Solveig Øvstebø, direktør ved Astrup Fearnley Museet, hugsar også godt einhjørningen frå starten av si karriere.

– Det er ekstremt bra handverk. Og ambisiøst i måten det fyller museet på. Eit interaktivt verk som publikum får lov til å bli ein del av, samanfattar Øvstebø.

Solveig Øvstebø er ny direktør for Astrup Fearnley Museet
Foto: Javier Auris / NRK

Oppdaga på nytt

I 2020 gjekk Øvstebø som nytilsett direktør gjennom samlinga på jakt etter verk som hadde definert museets historie. Ho blei overraska då ho oppdaga at museet faktisk ikkje eigde einhjørningen, berre eit foto av han, og tok kontakt med kunstnaren.

Børre Sæthre hadde på sett og vis venta på førespurnaden. Med unntak av ein svipptur på utlån til museum i New York og Frankrike, hadde einhjørningen stått i ei temperaturkontrollert kasse på kunstlageret hans.

"My private sky" på MOMA PS1

TUR TIL NEW YORK: Einhjørningen blei utstilt på det prestisjefylte museet MOMA PS1 i 2008.

Foto: Photo courtesy of MoMA PS1

Museet kjøpte verket, og ballen byrja å rulle. Sæthre tok kontakt med taksidermist Lynne, som var med på å montere einhjørningen i 2001. Då var det Per Lynne, far hans, som leia an. NRK følgde skapinga av verket den gong. Kroppen blei forma av skum, anatomien fiksa på og kledd med pels frå ein ekte villhest.

Taksidermisten og kunstnaren har kjent kvarandre i snart 30 år.

– Det har alltid vore for mykje å gjere. Eg har aldri vore i nærleiken av å gå tom for jobb, seier Lynne.

Taksidermist Espen Lynne

FOLA BLAKKEN: Espen Lynne fiksar på einhjørningen.

Det er elg- og hjortejegerar som vil ha eit hovud på veggen, for det meste. Av og til rekvisittar til reklamefilmar – eller NRK. Ein gong lagde Lynne ein fjernstyrt bjørn til rikskringkastaren som ein kunne gå inni.

– Etterpå prøvde han å prakke bjørnen på meg, minnest kunstnaren Sæthre.

For taksidermisten er målet vanlegvis å få dyret til å sjå mest mogleg naturleg ut. I møte med kunstnaren må han tilpasse seg litt. Her får han leike seg. Det er kunst. Hornet i panna og bakbeinet som løftar seg er jo langt frå anatomisk korrekt.

– Dette er jo eigentleg ei funky posering, viss det hadde vore ein hest. Men det er det jo ikkje. Så då kan ein tillate seg slike ting, seier Sæthre.

Einhjørningen

På Internett finst det nok av eksempel på at det å stoppe ut dyr, det treng ikkje nødvendigvis å bli pent. Føter og labbar som peikar i alle retningar. Lister med verdas styggaste utstoppingsjobbar. Espen Lynne forklarar oss kva som er viktig for å bli ein dyktig taksidermist.

– Å bli god på anatomi. Og så er blikket på dyra kanskje det viktigaste. At du føler at det er vakent, at det ser deg. At det ikkje tittar i alle retningar.

Einhjørningens auge kviler på oss frå midten av rommet. Det er blåaktig og borande og mystisk.

Auget til einhjørningen

Viljar står i bakgrunnen og følgjer med. Han har hatt ei bra arbeidsveke.

– Tusenfryd var jo valet til dei fleste andre, det er der folk stort sett er. Men eg trur ikkje det er like eksotisk som det her, seier han nøkternt.

"My private sky" hos taksidermisten

Kunstnaren ser tilbake til 2001

For Børre Sæthre representerer «My Private Sky» gjennombrotet som kunstnar. Både publikum og kritikarane likte verket samtidig. Det opplever ein ikkje alltid som kunstnar, noterer han.

Det var overveldande, for det var første gang eg fekk den type merksemd.

Børre Sæthre og einhjørningen i 2001
Foto: Rune Holm Schulstad / Aftenposten

Når han ser på einhjørningen han lagde som 20-åring, slår det han kor grenselaus han var. Han tenkjer at han turte.

– Det er fint å tenkje på at eg har vore der. Ein ser ein yngre versjon av seg sjølv, og det vekkjer ein reaksjon.

Einhjørningen vekkjer kjensler i han fordi han på den tida ikkje forstod rekkjevidda av kva verket kom til å gjere for han, eller kva effekt det kom til å ha på andre. Det ser han i dag.

Børre Sæthre

Det verkar som eit høgst gledeleg gjensyn, samtidig kan det vere mogleg å lese ein liten ambivalens i ansiktet hans. Ein kunstnar som møter seg sjølv i døra, mange år seinare, slik som vi alle gjer når vi blir konfrontert med fortida.

Han jobbar mykje med dei same tema som før, men på ein annan måte. Meir subtilt. Ikkje så sterke verkemiddel som eit dyr.

– Ville du gjort noko annleis med dette verket i dag?

– Det er ei problemstilling som er vanskeleg å svare på. Det er som å seie: Eg skulle ynske eg var 20 år og visste det eg veit i dag.

Børre Sæthre og einhjørningen

Etter gjennombrotet, som blei følgt opp med prestisjefylte Festspelutstillinga i Bergen i 2007, jobba og budde Børre Sæthre for det meste i utlandet.

I 2021 viste han si første separatutstilling i Noreg på ti år, noko som fekk NRKs kritikar til å skrive begeistra: «For et herlig gjensyn med en kunstner som jeg håper vi skal se mye til i årene som kommer.»

No er Børre Sæthre meir opptatt enn på lenge. Parallelt med at einhjørningen skal fram igjen, set han opp sin hittil største installasjon ved Kode i Bergen.

"Last Dance" av Børre Sæthre ved Kode i Bergen

NYTT VERK: «Last Dance» ved Kode i Bergen. Dette er siste del av ein trilogi som tar for seg fenomenet «cruising» i eit historisk perspektiv, nemleg offentlege stadar der menn kunne møtast og ha sex i ei tid der homofili var kriminalisert.

"Last Dance" av Børre Sæthre

"Last Dance" ved Kode i Bergen. Kondomane på bakken er laga av glas.

"Last Dance" av Børre Sæthre

"Last Dance" ved Kode i Bergen. Installasjonen er bygd spesielt for Tårnsalen der, og er den største Sæthre nokosinne har laga.

Å hoppe mellom det gamle og det nye har vore ei «interessant omstilling», seier han.

– Eg held på med eit nytt arbeid der eg er maks fokusert, og så kjem eg tilbake, inn i ein tidskapsel. 22 år tilbake i tid.

Celeber gjest på besøk

Nokre dagar før opning konkluderer taksidermisten, kunstnaren og 14-åringen med at einhjørningen er god som ny.

Viljar skrur i hornet, vi høyrer eit knepp, før taksidermisten kommenterer:

– Han vakna no.

Børre Sæthre og assistent Viljar

ARBEIDSVEKE: Der klassekameratane fyller på med dorullar og vaskar, gjer Viljar Mysen (til venstre) hest om til einhjørning. Kunstnar Børre Sæthre følgjer med i bakgrunnen.

Dei tre ser på einhjørningen. Børre Sæthre beundrar skjegget og dei litt viltre augebryna.

– Han er freshare enn han har vore på mange år.

Når einhjørningen skal ned til museet der han først gjorde suksess for 22 år sidan, blir han ikkje pakka inn i transportkassa, men trilla rett inn. Sæthre samanliknar det med å pynte seg til ei spesiell anledning.

– Når du har jobba med håret ditt i to timar, så tar du ikkje på deg lue etterpå.

Eg får likevel klappe dyret kjapt, kjenne på den mjuke pelsen. Det er siste sjanse, for idet han står inne på museet er han omfatta av forsikring og blir handtert med kvite hanskar.

Makeoveren viser seg å vere verdt strevet. På opninga får den gamle travaren ein svært celeber gjest på besøk. Etter å ha opna 30-årsutstillinga til museet, kravlar Dronning Sonja gjennom eit vindauge inn til den vakre skapningen.

Einhjørningen har blitt eit kunstobjekt igjen.

Dronning Sonja opnar utstilling på Astrup Fearnley Museet

INNE HOS EINHJØRNINGEN: Dronning Sonja og kunstnar Børre Sæthre. Ved dørinngangen står direktør for Astrup Fearnley Museet, Solveig Øvstebø.

Foto: Abrakadabra Studio / Julie Hrncirova
"My private sky" på Astrup Fearnley Museet i 2023
Foto: Astrup Fearnley Museet

Astrup Fearnley Museets jubileumsutstilling «Before Tomorrow» står fram til 8. oktober 2023.

Hei!

Om du har tips til nye kultursaker, kan du ta kontakt her. Tilfeldigvis har eg allereie skrive ei sak om ein einhjørning og ei sak om ein hest. Lovar at eg skal skrive om eit anna dyr neste gong. 

Anbefalt vidare lesnad: