enhjørning
Illustrasjon: Marco Vaglieri / NRK

Einhjørningens historie

Som grått gjørmedyr vart han fødd, til rosa dukke skulle han bli.

– I dag har eg gjort eit intervju om einhjørningar, seier eg til mi seks år gamle niese straks eg kjem inn døra.

Eg er opprømt over det eg har funne ut.

– Visste du at einhjørningen faktisk har eksistert, spør eg.

Ho får store auge. I gangen ligg skulesekken hennar med det firbeinte dyret på. Ho snur seg straks mot søstera mi.

– Men mamma, du sa jo at einhjørningen ikkje var ekte!

Eigen emoji, populær karakter i bøker og filmar, og kommersiell kjempesuksess. I 2019 er einhjørningen kanskje det vanlegaste husdyret heime hos norske småbarnsfamiliar. Han har ei magisk kraft som får foreldre til å punge ut, barn til å smile og leiketøybransjen til å smile enda breiare.

Kan barnas favoritt-kosedyr verkeleg ha levd? Pusta inn den same lufta som oss?

På ein måte, ja.

Då eg fann det ut, hadde eg tenkt: Dette er ei opplysning som kjem til å skake Noreg.

Einhjørningen er populær

Fødd som gjørmedyr

Han blir først nemnt i skrift 400 år før Kristus, etter det latinske namnet unicornius, som betyr éin og horn.

Frå tidleg av er det knytt stor forvirring til kva dyr dette faktisk er. I år 77 skildrar romaren Plinius den eldre, for eksempel, einhjørningen som ein esel-liknande hest med hovud som ein hjort, føter som ein elefant, tryne som eit villsvin og eit langt svart horn. Under hornet skal det ligge ein edelstein som kan kurere menneske for sjukdom, står det å lese i skildringa.

Føter som ein elefant? Tryne som eit villsvin? Kva dyr er dette eigentleg?

Eg ringer zoolog Petter Bøckman.

– Du kan berre titulere meg som han derre fyren frå Naturhistorisk Museum, seier han.

Han svarar gjerne på obskure spørsmål om dyr. Museets nettsider opplyser om at han nyleg har stilt opp i artiklar som «Bever gnagde ned to trær: – Kanskje de er lei syklistene?», «Blekkspruten slo tilbake mot vloggeren» og «Elefanter synes mennesker er søte».

Petter Bøckman

KRYPTOZOOLOGI: Petter Bøckman fortel at einhjørningen høyrer heime i læra om dyr som vi ikkje veit om finst.

Foto: Karsten Sund / Universitetet i Oslo

Eg melder mitt ærend.

– Har einhjørningen eigentleg eksistert?

– Ja og nei. Det eksisterer dyr i dag med eitt horn i panna. Dei er berre ikkje fullt så elegante og langbeinte som på plakatane. Vi snakkar om nashorn, seier Bøckman.

Historia om einhjørningen baserer seg på forteljingar frå reisande europearar i Kina og India. Som mange turistar, smurte dei litt ekstra på når dei skulle fortelje om turen til dei heime. Slik har nashornet blitt til ein vakker hesteskapning.

Einhjørningen dukkar også opp i Bibelen på grunn av unøyaktig ordbruk.

Ordet «villbøffel» blei til «einhjørning» i ein omsett versjon. Dette førte til at trua på dyret vart styrkt. For stilte du spørsmål ved einhjørningen, stilte du spørsmål ved Gud. Det var det få som turte.

– Men altså. Blande nashorn og villbøffel med einhjørning. Kva var det folk dreiv med?

– Det er veldig typisk at ein blandar så gamle ting saman. Du kan tenkje deg, når ingen har fotoapparat og det er språkbarrierar, då blir det ræl, seier Petter Bøckman.

Meir ræl skal det bli, for einhjørningens horn får tidleg ei magisk kraft knytt til seg.

Slik blei nashornet til einhjørning

Magisk horn

– Kinesarane meinte at einhjørningen hjelpte mot alt frå skallebank til potens, så han stod fram som nesten magisk, og det er den forteljinga reisande tok med seg tilbake til Vesten, seier Bøckman.

Også denne kvaliteten har likskapstrekk med nashornet. Nokre hevdar at horna deira kan gjere sjuke menneske friske, og dei blir difor jakta på i stor skala. Sjølv om, som Bøckman påpeiker, nashorn er laga av keratin og «ikkje kan kurere noko meir enn kva ein kan ved å tygge negler».

Gjennom antikken og mellomalderen forstod lure kremmarar at einhjørningen var ei kommersiell skattkiste. «Einhjørningpulver» og «einhjørninghorn» vart selde til menneske på desperat jakt etter magisk medisin. Såkalla einhjørninghorn var verdt ti gongar vekta si i gull.

– Kva var det i denne «medisinen» eigentleg?

– No kjem det andre dyret som har rota seg opp i dette, sukkar Bøckman og tar ein liten pause.

Eg får nokre takknemlege ekstra sekund til å notere.

Narkval

SER DU NOKO SOM LIKNAR? Illustrasjon av narkval frå 1896.

Foto: THEPALMER / Getty Images

Han fortel at vi skal innom elfenbein, dei kremkvite tannbeina frå elefantar, kvalross og mammut, som blei brukt til å lage pianotangentar og kunst av. Før handelsvegen til Afrika vart opna på 1400-talet, var det svært vanskeleg å få tak i elfenbein. Det var så eksklusivt at det hadde same pris som smykke.

Menneske på kvalrossjakt etter elfenbein kom ofte i same slengen borti narkvalen. Narkvalen har ei opptil tre meter lang, spiralforma tann som står ut gjennom leppa – ikkje ulikt eit einhjørninghorn.

Både eskimoar og vikingar har gjort god butikk ved å selje narkvaltenner til overtruiske europearar. Bøckman kommenterer:

– Når den kvite mann kjem og er villig til å betale for noko rask som er til overs etter kvaljakta, så seier du ikkje nei.

Gamle presentasjonar av einhjørningen som hest underbyggjer det Bøckman seier. Der ser ein ofte ei slik tann i panna på einhjørningen.

Okey, så einhjørningen stammar frå eit faktisk dyr og blir rekna som magisk.

Før han vart leiketøy, blei han brukt som moralsk kompass for unge jenter.

Jomfru med einhyrning

KLASSISK: Jomfrua som temmer einhjørningen er ei kjent forteljing frå mellomalderen. Denne teikninga er datert til cirka 1650.

Foto: Mary Evans Picture

Moralsk kompass

Allereie frå 300-talet av blir skildringar av ekte dyr, så vel som fantasidyr, skrive ned. Gjennom illustrerte moralforteljingar der dyr snakkar med kvarandre, kalla bestiarar, får kvart dyr eigne tydingar. Desse er seigliva og heng ved fleire dyr i dag som gamle skrømt.

Einhjørningen blir knytt til ei av dei viktigaste rettesnorene for jenter i mellomalderen, jomfrudom. Ifølgje moralforteljingane kan einhjørningen berre bli fanga om han ynskjer det. Ved å ta husets jomfru ut, så kunne ein lokke einhjørningen til å leggje hovudet i fanget hennar, og slik fange han.

Einjørningen blir kopla til kvinneleg reinskap, noko hans tidlege kvite farge underbyggjer, samtidig som han symboliserer sex og maskulinitet. I utgangspunktet er einhjørningen eit farleg og stolt dyr. Hornet er eit våpen som kan drepe, eller ta jomfrudom.

Den stolte einhjørningen blir skotsk nasjonalsymbol, og i 1603, då England og Skottland blir samla, går han også inn i det britiske våpenskjoldet, der han poserer ved sidan av den engelske løva. Dei to figurane dukkar kort tid etter opp i eit populært barnerim, som startar slik:

«The lion and the unicorn

Were fighting for the crown

The lion beat the unicorn

All around the town.»

Slik trer einhjørningen først inn i barnas medvit.

Ved midten av 1900-talet skal ein kjent forfattar bruke barnerimet og gi einhjørningen ekstra fart i steget: C.S. Lewis med bøkene om Narnia.

Einhjørningen er Skottlands nasjonalsymbol

Frå Narnia til kosedyr

Då C.S. Lewis skreiv dei populære Narnia-bøkene i etterkrigstida, hadde han nettopp konvertert til kristendomen. Fabeldyret dukkar mellom anna opp som kongens følgjeven og som stridsdyr i slaget om Narnia.

Kva betyr det?

Janne Stigen Drangsholt forskar på mellom anna fantasy, film og litteratur ved Universitetet i Stavanger, og kan hjelpe oss med å forstå den symbolske krafta til einhjørningen.

Janne Stigen Drangsholt

EMOJI: Janne Stigen Drangsholts mest brukte emoji er einhjørningen. Når tommel opp ikkje duger, tyr ho til fabeldyret. – Det er som ein dobbel tommel opp med eit dryss av stjerner.

Foto: Ole Berg-Rusten

I Narnia-bøkene er einhjørningen veldig tydeleg plassert på lag med det gode. Kongen er ein representant for Gud, ifølgje Drangsholt. Dermed blir einhjørningen opphøgd som hjelpar for Gud. Dette er ei av fleire tydingar som dyret får i populærkulturen.

Forskaren forklarar at som med vampyrar og englar, vil einhjørningen representere ulike ting i takt med at kulturen endrar seg, sidan vi brukar kulturen til å spegle oss sjølve.

Generelt ser ho på einhjørningen som eit svært interessant fabeldyr, fordi han er sjølvstendig, og det er vanskeleg å spå kva han kjem til å gjere til ei kvar tid. Han går sjeldan i flokk, er stolt og smart.

– Du kan ikkje berre kalle på han, og så kjem han. Når eg høyrer ordet «einhjørning», så tenkjer eg på eit dyr som lever åleine, litt som ein ulv, seier forskaren.

Men i takt med at samfunnet har endra seg, har einhjørningen, som mange andre dyr, blitt sminka opp med glitter og plassert framfor ein regnboge. Dette starta i 1983, då My Little Pony introduserte barn for hestar og einhjørningar med langt, bølgjete hår, fargar og stjernetatoveringar. Slik har populærkulturen vore med på å omvende einhjørningen frå vilt, farleg dyr til dukke.

Janne Stigen Drangsholt meiner såleis at einhjørningen i dag ikkje symboliserer seksualitet, men barndommen som eit eige rike; det magiske som vi menneske har tapt.

Parallelt lever dei gamle mytane om einhjørningen vidare. Ved starten av 2000-talet får fantasylitteratur og -film eit oppsving, og der passar einhjørningen inn som hov i hestesko. For eksempel i den første Harry Potter-boka, i ei scene som er så grufull at Drangsholt ikkje tør å lese ho for barna sine.

Ved å drikke blodet til to einhjørningar, kan den vonde trollmannen Voldemort bli heil igjen. Men forfattaren, J.K. Rowling, åtvarar:

«Blodet fra en enhjørning vil holde deg i live, var du så en hårsbredd fra døden, men prisen er grufull. For å redde deg selv, har du drept noe rent og forsvarsløst, og derfor blir det du får, bare et halvliv, et forbannet liv, fra det øyeblikket blodet berører leppene dine.»

Sterk kost.

Fabeldyret einhjørningen

Det er ikkje einhjørningen som har hovudrolla i Harry Potter, og det er ganske typisk. Han likar seg best i ei birolle.

– Når einhjørningen dukkar opp i filmar og bøker, er det alltid i glimt, som eit stjerneskot. Du får aldri heilt vite kva som er historia hans, og det er kanskje det mest fascinerande, seier Drangsholt.

Sidan einhjørningen har mange tydingar, kan han vere både mystisk girl next door og gøyal sidekick. Han er allsidig.

Frå filmar og bøker er vegen kort til leiker. Leiketøybransjen har lenge tent pengar på populærkulturen som vi er fascinert av.

Hyperkommersiell

Leiketrenden med einhjørningar starta for nokre år sidan.

Norske leiketøybutikkar og bokhandlarar bekreftar at det er stor etterspurnad etter dyret med eitt horn. Produsentane er mange og i ulike marknader.

Er det så enkelt som at barn elskar einhjørningen, og difor blir han populær? Eller har den kommersielle leiketøybransjen orkestrert det heile?

Prinsesse Twilight Sparkle fra «My Little Pony»

ROSA: Prinsesse Twilight Sparkle, einhjørningen, frå My Little Pony.

Foto: Mark Lennihan / Ap

Ingvild Kvale Sørenssen er førsteamanuensis i pedagogikk ved NTNU, og har mellom anna intervjua Disney om kjempesuksessen «High School Musical». Sidan ho forskar på barn, sosialisering og media, kan ho litt om korleis leiketrendar oppstår.

Forskaren startar med eit hjartesukk:

– Det er ikkje sånn at barn berre passivt tar innover seg dei det blir servert.

Ho forklarar at leiketøybransjen berre er ein av fleire faktorar som påverkar kva barn vil leike med. Dei store selskapa har tilsette, gjerne psykologar eller forskarar, som jobbar med å spå kva ungane vil ha.

Samtidig kan barn, like mykje som bransjen eller foreldre, vere med på å bestemme kva leiker som blir populære. Trendane varierer frå skule til skule, klasse til klasse og venegjeng til venegjeng. Einhjørningen kan for eksempel vere kjempepopulær på ein skule, medan ungane på ein annan skule kan synest at han er kjempeteit.

– Ein fordel ved einhjørningen, sett både frå bransjens og barnas synspunkt, er at han ikkje er knytt til éin karakter. Det er difor lettare å fylle han med den bodskapen ein ynskjer sjølv. Han kan leikast med på mange ulike måtar, seier Sørenssen.

Av same grunn blir ikkje einhjørningen avleggs like fort som andre karakterar, og det finst tallause variantar. Ein av dei siste års absurde leikesuksessar, for eksempel, er ei einhjørningdukke som drit regnbogar.

Kanskje enda viktigare for bransjen, er det at ingen har copyright på einhjørningen. Det gjer han lett og billig å produsere og selje.

Difor kan han også bli brukt av vaksne, som symbol i homoparadar, i alternativrørsler eller som nerdesymbol. Til og med i finansverda. Der står «unicorn» for spesielle gründerbedrifter som er verdt meir enn éin milliard amerikanske dollar. Og ikkje minst er han blitt emoji, kanskje ei av vår tids store suksessbarometer, if you can make it there, you can make it anywhere, tilgjengeleg på alle smarttelefonar.

At einhjørningen er allemannseige, gjer han på andre sida sårbar for utnytting. Mange vil tene pengar på han, og ikkje alle har reint mjøl i posen.

Dessutan kan han bli for populær. Nokre meiner at det er eit problem.

Nashornet og einhjørningen

Mytologien lenge leve

Hos leiketøybutikken Sprell ser dagleg leiar Hege Arnesen teikn på at einhjørningens tid som konge på toppen av leikehaugen er forbi.

– Når eitt dyr blir trykt på absolutt alt, og du får einhjørningar hos dei veldig lågt prisa aktørane, så forsvinn noko av verdien til produktet, og då forsvinn også interessa, fordi alle har det jo, liksom. Eksklusiviteten droppar, seier Arnesen.

Arnesen har vore i bransjen i nesten 25 år, og kvart år ser ho nye leiketrendar bli presentert på messer.

Før einhjørningen slo gjennom for nokre år sidan, var ugla trenddyr nummer ein. No promoterer dei store aktørane lamaen, rett nok med lange augevipper og glitter på, men Arnesen er ikkje overtydd.

– Det er jo eit veldig søtt dyr, men... Vi ler jo litt, og tenkjer at dette trur vi ikkje på, fordi lamaen er eit ganske framand dyr i Noreg, og heller ikkje eit fantasidyr.

Ho vil heller tilby tidlause variantar av fabeldyra – og der vil den klassisk kvite einhjørningen framleis få plass.

Trenden er kanskje i ferd med å gå over, men einhjørningen døyr aldri.

Forskar Janne Stigen Drangsholt trur at vi tyr til gamle mytar for trøyst og tryggleik når samfunnet går gjennom store endringar som vi slit med å forstå. Berre tenk på fascinasjonen kvar gong eit dyr feilaktig blir fødd med eit horn i panna – som den søte hundekvalpen nyleg. Verda går av hengslene, frydar seg.

– Dei mytologiske figurane er knaggar som vi kan hekte kjenslene og angsten vår på. Slik sett burde det vore einhjørningar på alt, for er det nokon som treng han, så er det oss, konkluderer Drangsholt.

Symboliserer han kanskje at alt er mogleg? Somewhere over the rainbow, bortanfor klimakrise, høge bensinprisar og krig, der er det ein fargeglad einhjørning som viser vegen inn i himmelen.

Bakgrunnskjelder: «Symbolernes Verden» av Judith Vogt, intervju med professor i religionsvitskap Dag Øistein Endsjø, Store norske leksikon, artikkel om å jobbe i leiketøybransjen (American Psychological Assosciation), investopedia.com, allnurseryrhymes.com, Smithsonian.com

Anbefalt vidare lesnad: