Old town road
Illustrasjon: Kjersti Lofthaug / NRK

Ein hest og ei landeplage

Det var den gongen ein 20 år gammal rappar, faren til Miley Cyrus og ein hest slo leir på toppen av hitlista.

«Korleis i alle dagar har dette blitt ein så stor hit?!»

Det var juli 2019. Det opne kontorlandskapet låg ope og langstrekt som aldri før. Utanfor var det sol, badeglade folk og late ettermiddagar, alt som høyrer sommaren til, inkludert årets største sommarhit: ein låt om ein hest.

Musikkvideoen viste ein ung, svart fyr i cowboy-antrekk. I bakgrunnen stod det som såg ut som hans kvite, streite country-bestefar.

«I'm gonna take my horse to the Old Town Road», song dei over gitarklimpring og hiphop-bass.

Opplysninga om at låten slo alle rekordar på Billboard-lista i USA hadde treft meg med full styrke.

På notatblokka mi stod eit spørsmål som var så presserande at det hadde både spørsmålsteikn og ropeteikn bak seg. Eg kunne ikkje forstå korleis «Old Town Road» hadde blitt svær.

Lil Nas X var eit ukjent namn for meg, og eg stussa på at faren til Miley Cyrus, ei litt avdanka countrystjerne, plutseleg var heite greier. Var låten så fantastisk at han forsvarte å halde førsteplassen lenger enn både The Beatles, Elvis og Justin Bieber? Var dette eit teikn på at endetida var nær, slik enkelte kommentarfelt-skribentar spådde?

Slik starta eit desperat forsøk på å forstå 2019s «Macarena».

Hestebord

Liten rakkar til hest

Hos Sony Music Norway var Lil Nas X-feberen høg.

– Dette er langt større enn ein vanleg sommarhit, sa Sandra Helsem, produktsjef for internasjonal portefølje, over telefonen.

Sidan 1958 har over 1000 låtar gått til topps på Billboard-lista. Tre songar har lege på førsteplass i mellom 15 og 17 veker. Berre éin song har halde førsteplassen lenger enn 17 veker: «Old Town Road».

Sånn sett kan ein seie at hestelåten er tidenes hit. Og det er ikkje berre i USA at han har tatt av.

Låten har blitt spelt over 19 millionar gongar på strøymetenester i Noreg så langt i år, berre slått av Lady Gaga og Bradley Cooper med «Shallow».

Framfor meg låg ein lang ridetur der eg skulle forsøkje å få has på rakkaren. Eg starta med å stille Internett det openberre spørsmålet:

Kven er Lil Nas X?

Hest motsett veg

Meme-meister

Lil Nas X er eigentleg ein 20 år gammal fyr ved namn Montero Lamar Hill, sa Internett.

Ja vel. Det første eg assosierte med artistnamnet, var den hardbarka old school-rapparen Nas. Fanst det eit slektskap her?

På ein måte. Lil Nas X hadde tatt artistnamnet som eit humoristisk nikk til rapartistar som kallar seg Lil og Nas og X.

Allereie her byrja eg å få litt sansen for han. Eg fann bilete som dette og måtte smile. Det såg ut som om Lil Nas X levde sitt beste liv.

Lil Nas X et kylling på ein premiere i Hollywood

GLAD COWBOY: Lil Nas X kan knegge heile vegen til banken. Her et han kyllingvenger på ein musikkfestival.

Foto: Jerritt Clark / AFP

Vidare fortalde Internett at han hadde hatt ein fattig oppvekst i sørstaten Georgia og at foreldra hans skilde seg då han var liten. Han såg på seg sjølv som litt av ein outsider. Då han var 15 år, hadde han byrja å poste korte videoar, såkalla memes, som raskt spreidde seg på nettet. Mange der ute visste kven han var allereie før musikk-karrieren tok av.

Det første frøet til «Old Town Road» blei sådd i 2018. Lil Nas X hadde droppa ut av universitetet. Han prøvde å slå gjennom med musikken og budde hos systera si på nåde.

Medan heile Noreg såg direktesendingar om leiarstrid i KrF, gjekk Lil Nas X på Youtube for å finne ein rytmisk bakgrunnsmelodi som han kunne leggje vokal oppå.

Det fann han.

I Nederland sat soverom-musikkprodusenten Young Kio og la slike spor nesten gratis ut på nettet. Slik håpte han å bli lagt merke til og få betre betalte jobbar. For å gjere ting enda meir komplisert, så var det ikkje slik at låten starta med han. Young Kio ville skilje seg ut i skogen av wannabe-Kygos og hadde også lånt. Gitarklimpringa stamma eigentleg frå ein låt av rockebandet Nine Inch Nails!

Vokalisten, Trent Reznor, er dermed rettmessig kreditert som med-låtskrivar på «Old Town Road».

Young Kio la musikken ut og fekk napp. Kjøparen var anonym.

Lil Nas X betalte skarve 30 dollar for sporet.

Han hadde sett pengane på rett hest. Neste steg var å leggje på tekst. Kriteria han jobba etter, var: Låten måtte vere morosam. Han måtte vere catchy. Han måtte vere hiphop, han måtte vere country. Og kort!

Han lytta til musikken om att og om att, heilt til orda kom til han. Sidan han var litt deppa over nesten å bli kasta ut av huset til systera, så plasserte han seg sjølv i rolla som ein cowboy som vil reise frå alt. Han song med si beste songstemme: «Yeahhh I’m gonna take my horse to the Old Town Road, I’m gonna rideeee ‘till I can’t no more.»

2. desember 2018 gjekk Lil Nas X i studio. I denne første versjonen song han heilt åleine. Låten klokka inn på under to minutt og blei lagt ut på nettet same dag.

Intervju eg las med Lil Nas X gav inntrykk av ein morosam og lettbeint, men modig type. Profilane hans på sosiale medium var fylde med ein god miks av humor og seriøst engasjement. For eksempel: I mai hadde han kjøpt to hundar, fordi han ikkje hadde klart å velje ut éin. I juni hadde han stått fram som homofil.

Kor stor del av suksessen kunne vi tilskrive han som kul type? Det var på tide å ringe til P3.

Alt og ingenting

– 40 minutt?!

Daniel Ramberg stussa då lengda på intervjuet blei stadfesta. Ja, vi skulle snakke om hestelåten såpass lenge. Eg hadde mange spørsmål.

Ramberg hadde tidlegare jobba i hipsterens høgborg, Natt og Dag, men hadde no fått seg vaksentittel: redaksjonssjef for nett og sosiale medium i NRK P3. Han hadde også vore vikarierande musikksjef i same kanal.

Stoppeklokka gjekk.

– Lil Nas X har jo ein veldig avvæpnande måte å vere på Internett som gjer at han er spiseleg for utruleg mange. Det han driv med er liksom ingenting i kraft av å vere mange forskjellige ting, og det gjer det veldig enkelt å sjå og høyre på, sa Ramberg.

På Instagram hadde Lil Nas X 4,1 millionar følgjarar. Ikkje så mange viss ein samanlikna med eldre stjerner som Katy Perry (84,6 mill.) og Taylor Swift (121 mill.). Likevel hadde han veke etter veke klart å halde begge unna toppen av Billboard-lista.

Han måtte ha blitt kjent på anna vis.

– Det at ein ikkje kan google seg tilbake til noko vedkomande har gjort før, gjer at det kjennest friskt og eige. Og så kan ein enkelt ta eigarskap til det, for eksempel med unge menneske på Tik Tok, sa Ramberg.

Tik Tok? Det var gresk for meg.

Hiphop

Marcus & Martinus i full galopp

Tik Tok er ei superpopulær video-plattform der (stort sett) unge folk deler frå kvardagen sin, syng og dansar, gjerne til kjente låtar.

Mykje av den tidlege suksessen til «Old Town Road» kunne sporast tilbake hit. Lil Nas X hadde til saman laga over 100 korte videoar som han porsjonerte ut på strategiske tidspunkt. I tillegg hadde han gitt ei utfordring til fansen: Kle dykk ut som cowboyar og post videoar der de dansar til låten.

Eg lasta ned Tik Tok-appen. Ei ny verd kom til syne. Eg følte meg brått 100 år gamal, sjølv om eg er 32.

Folk hadde reagert i bøttevis på låten. Det var absurd dansing, kjæledyr som myste mot kamera, og desperat posering. Låten var ekstremt lett og ukomplisert å danse til. Han gjekk treigt nok, slik at alle kunne få til noko kult. Var du ikkje ein meisterdansar, så kunne du rett og slett late som om du var ein hest.

Innimellom dukka kjente ansikt opp i straumen. Marcus & Martinus, som er blant Noregs største profilar på Tik Tok (fire millionar følgjarar), hadde posta ein video som enda i ein galopp. Kanskje kunne tvillingparet forklare meg eitt og anna om «Old Town Road»?

Dei hadde det veldig travelt, fekk eg opplyst, var på reise ein stad med dårleg dekning, men til slutt kom det inn ein e-post frå dei i innboksen. Yihaa! No måtte eg vel få stjerne i boka frå redaksjonsleiaren for å «sikte ungt»?

Marcus: «Det er jo ein veldig kul låt som vi likte veldig godt med éin gong vi høyrde han. Og sidan han har eit ganske tydeleg tema, var det enkelt å gjere noko gøy med han.»

Tvillingane hadde sjølv gode erfaringar med å sleppe låtar på Tik Tok.

Martinus: «Det er ein stad vi når ut til veldig mange, og kanskje nokon som ikkje har høyrt låtane før, oppdagar dei der. Anten hos oss eller hos nokon andre som brukar dei.»

Marcus: «Ja, vi får meldingar og kommentarar frå fans som faktisk har oppdaga oss på Tik Tok før dei har høyrt musikken vår andre stadar eller sett musikkvideoane.»

Eg forstod, basert på dette, at Tik Tok kunne propellere ein låt til topps. Video killed the radio star, igjen. Men spørsmålet mitt stod framleis: Var det ein god låt?

Country + hiphop = sant

Eg var halvvegs inn i mitt desperate forsøk på å forstå låten. Den konstante eksponeringa gav resultat; no hadde han byrja å sette seg på hjernen. Foten gjekk. På eit tidspunkt fekk eg «Old Town Road»-taleforbod av sambuaren. «Nok er nok», sa han.

Jakta var ikkje over.

– At ein låt ligg på toppen av listene er jo ikkje alltid eit teikn på at det er god kvalitet. Men eg synest ikkje at dette er nokon dårleg hit, altså.

Musikkprofessor Anne Danielsen ved Universitetet i Oslo hadde latt seg fascinere av møtet mellom country og hiphop i «Old Town Road».

For nokre år sidan hadde ho gjennomført ein studie om nordmenns lyttarvanar og strøymetenester saman med fleire andre forskarar.

Dei hadde konkludert med at det er veldig få som høyrer på hiphop som også høyrer på country, og omvendt. Berre ville kombinasjonar som metal og gospel, eller metal og soul, scora dårlegare (ingen overlapp i det heile tatt).

Så kvifor i alle dagar fungerte denne blandinga i «Old Town Road»?

Danielsen meinte at samansetninga av to vidt forskjellige sjangrar var sjølve nøkkelen til suksessen.

– Country- og hiphop-elementa passar så veldig godt saman musikalsk, men når det kjem til kva assosiasjonar og kulturelle univers dei vekkjer, så er det ting som ikkje går saman i det heile tatt, sa ho.

I bakgrunnen klimpra gitaren over den tunge hiphop-beaten. Ho heldt fram:

– Lil Nas er jo litt parodisk. Han har ei underleg framtoning som gir veldig mange ulike kulturelle assosiasjonar. Medan Billy Ray Cyrus signaliserer ei heilt tydeleg tilknyting til country.

Lil Nas X var kokkemeisteren som sette saman to smakar som ikkje passar saman på papiret. Litt som når Joey i «Venner for livet» et ei kake som feilaktig har fått eitt lag med kjøtdeig, eitt lag med syltetøy, og seier: «Meat is good. Jam is good. What’s not to like?», så sa Lil Nas X til seg sjølv: «Hiphop er kult. Country er kult. Kva er det å ikkje like her?»

Var det nettopp fordi samansetninga var så søkt, at dette blei så populært?

Ja, trudde forskaren. Å blande sjangrar for å nå fram til eit større publikum var dessutan ein veldig lur og kjent strategi i musikkbransjen. Slik byrja Lil Nas X sin låt å spreie seg til unge og gamle.

Linedance

Kontroversen

Plateselskapa fekk auga opp for Lil Nas X etter at låten hadde bobla på Tik Tok ei stund.

Ved utgangen av desember 2018 var det full bodkrig. Selskapa ville mjølke låten for det han var verdt. Colombia Records, som husar verdas største artistar (Beyoncè, Adele, Bob Dylan, Calvin Harris og Depeche Mode, mellom anna) vann til sist fram. Den siste dagen i året underteikna Lil Nas X ein avtale som skulle endre livet hans – og gjere 2019 til eit heilt vilt år.

I mars 2019 var låten komen inn på dei tradisjonelle hitlistene.

Billboard målar kva låtar som er mest populære i USA gjennom éi veke. Dei har lister dedikert til spesifikke sjangrar, som R’n’B og country, og ei felles liste der ulike sjangrar konkurrerer. Dette er kanskje den gjævaste hitlista i den vestlege verda.

«Old Town Road» hadde nådd nittandeplass på countrylista, då han brått blei fjerna. Dei som utarbeida listene, meinte låten mangla nok kjente country-element i seg til å bli kalla «country». Låten fekk halde fram på hiphop-lista.

At Billboard fjerna ein svart, ung artist frå countrylista, skapte kontrovers. Fleire hevda at dette var eit rasespørsmål.

Fjerninga av låten gav berre meir vind i segla. No byrja låten å klatre på topp 100-lista, der låtar frå alle slags sjangrar konkurrerte. Daniel Ramberg, han frå P3, hadde kalla dette «Barbara Streisand-effekten». Songarinna hadde på eit tidspunkt ynskt å få eit spesifikt foto fjerna frå Internett. Det verka mot si hensikt. Plutseleg var fotoet spreidd overalt.

Lil Nas X hadde ein joker på lur som skulle løfte låten enda lenger opp på Topp 100. Ein songar med godkjent countrystempel: Billy Ray Cyrus.

Ein remiks av «Old Town Road» var på trappene.

Billy Ray Cyrus, ein sexy tornado

Billy Ray Cyrus har blitt skildra som det nærmaste ein kan kome den amerikanske draumen. Høfleg og beskjeden, bestemt og talentfull. Stille privat, men ein «sexy tornado» på scena (Aftenposten, 1993).

Dei fleste i dag kjenner han kanskje best som faren til Miley Cyrus, både i røynda og i TV-serien «Hannah Montana».

Cyrus har tent masse pengar på å vere på rett stad til rett tid, og hadde smakt på suksess lenge før Miley svinga rundt naken på diskokula.

«Achy breaky heart», ein av 1990-talets største hits, hadde popularisert dansen såpass at han nådde fram til ein gymsal på Søre Sunnmøre. Muskelminnet mitt sørgja for at Billy Ray og linedance var limt saman.

No var Billy Ray tilbake i manesjen igjen.

Lil Nas X hadde spurt countrystjerna om å bli med på låten allereie før han blei kasta ut av countrylista. Cyrus gjekk ut og støtta Lil Nas X same dag som remiksen blei sleppt.

Lil Nas X og Billy Ray Cyrus

HELAN OG HALVAN: Lil Nas X (20) og Billy Ray Cyrus (58) har blitt gode vener, i tillegg til å tene godt med pengar på det musikalske samarbeidet.

Foto: Richard Shotwell / AP

No byrja låten å ta skikkeleg av. Var Billy Ray Cyrus sitt engasjement ektefølt, eller berre eit PR-jippo?

Malin Pettersen, aktuell artist som guidar lyttarar til god countrymusikk i «Kåbbåi» på NRK P13, kasta lys over det eg hadde sett på som ei avdanka countrystjerne. Ho meinte dette var eit modig val av den kommersielle artisten Cyrus, fordi han kunne risikere å støyte frå seg nokon.

– At han likevel gjer det, vitnar om at han har litt gi faen-haldning. Det er digg å sjå, fordi det er mange som held på veldig puristiske og konservative linjer innanfor Nashville-countryen, sa ho.

Pettersen meinte Billy Ray stod fram som ein utforskande type som gjorde det han hadde lyst til, ut av kjærleiken til musikk.

– Han har fått med seg den nye verda, med døtrene hans som driv med heilt annan type musikk og definitivt er moderne menneske. Så verkar det som om han gjennom det kommersielle likevel har lyst til å vere genuin. Det synest eg er veldig kult.

No møtte eg mine eigne fordommar i døra.

Forskar Anne Danielsen hadde peikt på ein annan kvalitet ved Billy Ray.

– Ein treng ikkje å høyre meir enn to sekund av den låten for å kjenne igjen stemma hans.

Billy Ray evna å tilpasse stemma til hiphop-beaten med litt hjelp frå ein ung rappar; vekk med lett country-trav, inn med tung og treig lunting. «I'm like the Marlboro-man, so I kick on back.» Han spytta ut orda.

Dette blei den første av mange remiksar som skulle sikre evig liv for «Old Town Road» på førsteplass. Var ikkje dette bloddoping?

Hestebord

Remix!

Undervegs i arbeidet skjedde det noko med meg. Eg hadde blitt fan av Lil Nas X, lasta ned Tik Tok og fått «Achy breaky heart» som guilty pleasure. Kvar dag dukka det opp ein ny «fun fact».

Som då eg fann ut at Lil Nas X hadde gitt ut fem ulike versjonar av «Old Town Road», og at alle blei telt som éin låt!

Dette gjeld både på Topplista i Noreg og Billboard-lista i USA. Ein remiks av ein låt kan bidra til salstala for låten, så lenge det ikkje er ein heilt ny låt.

Smart og strategisk hadde Lil Nas X sleppt nye versjonar når førsteplassen var trua av Katy Perry eller Billie Eilish.

«Old Town Road» hadde blitt remiksa så mange gongar at om det verkeleg hadde vore éin låt, så måtte ein ha ropt ut «remix!» for kvart vers. Det minte jo nesten om eit slags strategispel. Kva hadde skjedd med den eine gode låten som tolte tidas tann?

Det var visst ganske vanleg å sleppe fleire remiksar av éin låt i USA. I Noreg: meir uvanleg.

– Ein er reddare for å vatne ut suksessen ein eventuelt allereie har, for det er vanskelegare å byggje ein låt her. Eg trur det må vere ein veldig, veldig stor låt før ein tør å sleppe ein eller fleire remiksar, hadde P3s Daniel Ramberg forklart.

Handla det å kome på toppen av lista no meir om strategi enn å lage éin skikkeleg god låt?

Ikkje meir enn i gamle dagar, fortalde musikkprofessor Anne Danielsen.

– Musikkindustrien har alltid vore ekstremt opptatt av pengar. Det er nye verktøy, men attituden er den same.

Verdsherredømet til Lil Nas X var nesten fullenda. Han hadde til og med sleppt ein koreansk versjon.

Kva blei det neste?

Tid for cowboystrekk

Sommarforelskinga gjekk mot slutten.

Eg hadde drukke av ungdomskjelda, and it was good. Frå å ha vore skeptisk i starten hadde eg lært meg å like låten, til og med blitt litt besett av han, men det såg ikkje ut til å bli eit langvarig forhold. Kanskje heller ein flørt eg ville løfte fram i svake augneblinkar.

Eg nynna litt på «Macarena». «One sweet day», derimot, låten som Boys II Men og Mariah Carey hadde halde Billboard-rekorden med før Lil Nas X, klarte eg ikkje å hugse. Og eg er Mariah Carey-fan.

Ville Lil Nas X og «Old Town Road» lide same skjebne og bli gløymt?

Hovudpersonen sjølv verka ikkje bekymra for det. I ei Facebook-oppdatering som vi heretter gir legende-status og rekord for flest emojis i éi og same melding, skreiv Lil Nas X:

– Eg er så takknemleg for at denne velsigninga har blitt lagt på meg. Denne låten har endra livet mitt, og måten eg ser verda på, på mindre enn eit år. Takk til kvar enkelt person som har vore ein del av denne reisa. Det er berre byrjinga, avslutta han optimistisk, etterfølgt av 🖤🤠🐎⚡️

Eg fekk ikkje pirka meir i framtidsplanane hans, for han svarte aldri på intervjuførespurnaden eg hadde sendt. Kanskje baud det seg ein ny sjanse på eit Absolute 2019 Party om 20 år.

Kva sat vi igjen med etter «Old Town Road»? «Kåbbåi»-programleiar Malin Pettersen var inspirert og håpte at dette kunne opne dørene for enda meir sprek country.

Eg spurte Sony Music Norway om dei hadde ein norsk versjon, ein Lil Jørn, på lur. Dei svarte ordentleg per e-post at «vi er alltid opne for alle artistar og låtar som vi trur har eit potensial til å nå ut til eit stort publikum – spesielt viss det er noko som kan bryte ned barrierar mellom ulike sjangrar og musikkpreferansar».

P3s Daniel Ramberg funderte på om Noreg allereie hadde hatt sin sjangeroverskridande hit, med Multicydes rap, folkemusikk og pop i «Not for the dough».

Uansett. Ein sommar var over. Folket hadde flokka frå stranda og inn i kontorlandskapet att. Lil Nas X og Billy Ray Cyrus hadde pakka snippsakene og var på veg ned frå Billboard-fjellet. Sola var i ferd med å gå ned for «Old Town Road».

Nye hitrøvarar låg på lur bak steinane.

For meg var det på tide med ein cowboystrekk. Kanskje kom eg til å ha mareritt om den neste sjangerblandinga. K-pop-metal? Danseband-hiphop? EDM-jazz?

Eg hengde av meg hatten og slokna raskt.

I søvne kunne eg høyre hovane til ein hest som slo taktfast ned i bakken. «Yeeeaah, I'm gonna take my horse to the Old Town Road ...»

Sommaren 2019 var blitt eit minne.

Snart er det julebordsesong.

Rir inn i solnedgangen

P.S. Ein fan tipsa Young Kio om at noko som høyrdest ut som kjennemerket hans var med i ein ny låt. Han fekk seg ei overrasking då han såg kor populær «Old Town Road», med hans melodi, hadde blitt. No er han signert av eit plateselskap og jobbar med å lage fleire beats for Lil Nas X. Lil Nas X, hesten og Billy Ray Cyrus blei omsider skyvd ned frå førsteplassen etter 19 veker i august. Ho som tok over førsteplassen, heiter Billie Eilish og er 17 år gamal ...

Anbefalt vidare lesnad:

NRK Beta: Analyse av korleis Tik Tok erobrar Noreg

Hei!

Blei du begeistra, stussa du på noko, eller sit du med ei historie? Ta gjerne kontakt. Tidlegare har eg mellom anna skrive om Noregs mest mystiske kunstsamlar, folka bak London Fashion Weekdei siste norske klesfabrikkane og mannen som viste fingeren til kunstverda