Henrik Langeland
Wonderboy
Gyldendal 2003
Dette er romanen om ein suksessrik forretningsmann med visjonar: Frå posisjonen som Senior Vice President i Scandinavian Media Group vil han raide forlaga Aschehoug og Gyldendal og integrere dei i den nye økonomien. Dotcom-bobla er på sitt største og optimismen, sjampanjen og millionane flyt i rikelege mengder på solsida i norsk næringsliv.
Mot stupet
Henrik Langeland har tatt føre seg den norske medierøynda
Men som i Robert Musils roman "Mannen uten egenskaper" ligg det eit fall mellom romanens tid og lesingas tid. Hjå Musil veit vi at 1. verdskrigen vil forkludre alle luftige planar; i Wonderboy er det fallet i IT-bransjen som gjer at lesaren veit noko som Wonderboyen Christian ikkje veit. Ironisk nok er dette dermed ein historisk roman, sjøl om handlinga er lagt til år 2000.
Langeland har laga noko så sjeldan som ein norsk versjon av Corporate novel. I SMG kokar det av begjær: etter pengar, makt, prestisje, hemn og kvinner, og Langeland er raus med satiriske verkemiddel i skildringa av dotcommunismens fremste kadersjikt, der familieliv og vennskap er framandord på lik line med skjønnlitteratur og indre liv.
Forfattaren har ei fortid som management trainee i Shibsted, står det å lese på smussomslaget, og det er heilt klart eit godt utgangspunkt. Han kjenner terminologi og tenkemåte, og forstørrar galskapen littegrann heile vegen, slik at bildet herleg grelt og tydeleg også for oss som stod på utsida.
Blir lett parodisk
Men av og til fell han for freistinga og forstørrar inn i parodien, som i møtet med aksjonærar i Aschehoug med Montebello-aksent, eller inn i det surrealistiske som på fuktig kafebesøk på Archimboldo.
Her fell spenningskurva, og det same skjer når han prøver å kle på Christian eit liv utanfor firmaet. Wonderboyen kler best å vere på jobb, og der er han også mest. Christian er ikkje den typen som når heim til familiemiddagen klokka 18 på laurdagane.
Langeland vil altså litt for mange ting, men er for det meste heilt på plass, og plassen er SMG i tida rett før bobla sprekk.
Marta Norheim
Kulturnytt, NRK P2
28. mai 2003