Hopp til innhold

Wild Vikings går Berserk

Med rotter, solstikk, altfor høg promille, maling og sjukehusbesøk er Berserk-gjengen klare til å erobre verda.

Berserk på en tidligere ekspedisjon
Foto: wildvikings.com

I byrjinga av februar kom mannskapet til den nye Berserk-skuta til Karibia, klare for å pusse båt.

Mannskapet

Foto: Marius Alstedt / NRK

Ombord er Kaptein Jarle Andhøy, stuert Fredrik Juell, maskinsjef Rune Olsgaard og Knut Rasmussen som nettopp er blitt degradert skipssnekker.

Høyr Kaptein Jarle Andhøy forklare kven han har tatt med seg på denne turen.

Det var mange som søkte om å få vere med Kaptein Jarle Andhøy på tur , men det var desse gutane som til slutt fekk den ære av å få slite og kose seg i Karibia.

Dei reiste frå kalde Norge for å finne eksotiske himmelstrøk.

Desse fire halvgalne gutane, eller heilgalne om ein vil, skal reise på jordomsegling i heile fem år. Ei ferd som nok blir meir enn berre segling, dette blir nok ei ekte vikingferd.

Gjer som Roald Amundsen 

Den 47 fot store stålbåten, eller den flytande tanksen som dei kallar den, er og blir heimen til gutane framover. No ligg dei i Puerto Rico, men snart skal ferda gå i Roald Amundsen sine fotspor.

Unik reiserute

Berserk
Foto: wildvikings.com

Om kort tid er dei klare for å reise gjennom nordvestpassasjen, den første delen av ei lang reise.

Vidare går turen gjennom Stillehavet til Antarktis og deretter vest til Asia, Indiske hav og Afrikas horn.

Men ikkje tru at gutane berre skal segle, det blir ein god del pause på vegen. Og då blir det blant anna heim til Norge for å slappe av.

I Nitimen

Turen til gutane kan du følje i Nitimen. Denne veka har Kaptein Jarle Andhøy rapportert om kva som har skjedd med dei til no. Som for eksempel rotter om bord, sjukehusbesøk, blålys, alkohol og solstikk.

Høyr Kaptein Jarle Andhøy i Nitimen mandag

Høyr Kaptein Jarle Andhøy i Nitimen tirsdag

Høyr Kaptein Jarle Andhøy i Nitimen onsdag

Høyr Kaptein Jarle Andhøy i Nitimen torsdag

Høyr Kaptein Jarle Andhøy i Nitimen fredag

Høyr Kaptein Jarle Andhøy i Nitimen laurdag

Kulturstrøm

  • Endrar på Taylor Swift-billettar i Sverige

    Ticketmaster gjer endringar på billettane som er selde til konsertane Taylor Swift skal halde i Stockholm neste veke, melder Expressen.

    Dei rundt 200.000 selde billettane var personlege. Det vil seie at den som kjøpte billettane, også var den som måtte bruke dei i dåra.

    Ordninga fekk kritikk, og no har Ticketmaster snudd.

    – Arrangøren har fjerna den tidlegare regelen for å gjere det enklare for fansen å bruke billettane sine, skriv dei ein e-post til kjøparane.

    Taylor Swift opptrer i en rosa paljettdrakt på Monumental stadium på Eras Tour-konserten i Buenos Aires i Argentina i november i 2023.
    Foto: Natacha Pisarenko / AP
  • Det kan bli streik under filmfestivalen i Cannes

    Ei veke før filmfestivalen i Cannes startar, kan det bli streik i filmbyen, skriv NTB,

    Rundt 100 personar, blant dei kinomaskinistar, billettseljarar og pressekontaktar, protesterer mot lønns- og arbeidsvilkår.

    Dei seier at dei ikkje ønsker å sette festivalen i fare, men få merksemd rundt spørsmål dei har prøvd å løfte fram i lang tid.