Hopp til innhold

Lars von Trier er uønska i Cannes

Filmfestivalen i Cannes kastar ut Lars von Trier frå festivalen med umiddelbar verknad, etter nazikommentarar.

FRANCE-FILM-FESTIVAL-CANNES

Lars von Trier er uønska i Cannes, etter kommentarar på ei pressekonferanse i går.

Foto: ANNE-CHRISTINE POUJOULAT / Afp

Filmfestivalen i Cannes meldte i dag at den danske filmregissøren er uønska på festivalen, etter at han kom med nazikommentarar under ein pressekonferanse i går, ifølgje nyheitsbyrået AFP.

Filmen «Melancholica» er likevel med i konkurransen for Palme d'Or, prisen for beste film.

«Cannes-festivalen er eit forum som artistar frå heile verda kan bruke til å presentere arbeidet sitt og forsvare ytringsfridomen og uttrykket sitt. Festivaldirektørane, som hadde eit ekstramøte i dag, er lei seg for at dette forumet har blitt misbrukt av Lars von Trier til å kome med kommentarar som er uakseptable, intolerante og ikkje samsvarar med ideala om humanisme og generøsitet som er bakgrunnen for heile festivalen», står det i pressemeldinga frå festivalen.

Hjalp ikkje å seie unnskyld

Festivalen tar avstand frå kommentarane og erklærer von Trier for uønska, ein «persona non grata» på filmfestivalen, med effektiv verknad.

Det hjalp dermed lite at regissøren ba om unnskylding for kommentarane i går.

Von Trier tråkka i salaten då ein journalist spurte han om hans forhold til tysk kunst på pressekonferansen.

Les: Naziflørt sjokkerte Cannes

Sjå video:

Video Von Trier sier han forstår Hitler

Von Trier seier han forstår Hitler.

– Eg ville eigentleg vere jøde, men så fant eg ut at eg var nazist. Eg forstår Hitler, sa han.

Ei talskvinne for festivalen seier til Reuters at ho ikkje veit om dette har skjedd før i historia eller om von Trier vil bli invitert tilbake til festivalen i framtida.

I 1958 vart den franske regissøren Francois Truffaut utestengt frå Cannes-festivalen fordi han uttalte seg negativt om den. I 1959 fekk han likevel kome tilbake til festivalen og vant til og med prisen for beste regissør for «De 400 slagene».

I 1954 skal skodespelarinna Simone Sylva ha blitt kasta ut av Cannes-festivalen og fråtatt tittelen som «Miss Festival», etter at ho reiv av seg bikinitoppen på stranda.

– Ein skandale

Vegard Larsen i «Filmbonanza» var til stade på ein eksklusiv nordisk pressekonferanse etter at von Trier hadde kome med nazikommentarane.

– Det er ein skandale. No var det vel humoristisk meint frå dansken, men ein kan vel kalle det ganske smaklaus humor. Han malte seg inn i eit hjørne han ikkje klarte å kome seg ut av, seier Larsen til NRK.

Kjetil Lismoen, filmanmeldar i Aftenposten, er einig.

– Det er jo tragikomisk, fordi det var eit forsøk på ironi, slik eg såg det. Men då må du kunne betre engelsk enn von Trier. Når det blir sitert i internasjonale medier utan ironi og intensjonen, er skaden allereie skjedd, og då må festivalen verne sitt renommé, sjølv om eg skulle ønske dei let tvilen kome han til gode, seier han til NRK.

Lismoen syns det burde vere større takhøgde i Cannes enn i Hollywood.

– Det var ikkje nokon under pressekonferansen som tok det som blei sagt seriøst, og ingen stilte oppfølgingsspørsmål, seier Vegard Larsen.

(Artikkelen held fram under biletet)

Lars von Trier

Kirsten Dunst vart tydeleg ukomfortabel på pressekonferansen då von Trier svarte at han var nazist.

Foto: YVES HERMAN / Reuters

Nervøs i pressesituasjonar

Von Trier har rykte på seg for å vere nervøs i pressesituasjonar. Kjetil Lismoen fortel at von Trier verka svært nervøs og svetta førre gong han vitja Cannes, med den kontroversielle filmen «Antichrist».

– I år virka han meir avslappa, slik at den kommentaren han kom med om nazistane berre blei klønete, og for nokon ufølsom, seier han til NRK.

Peter Aalbæk Jensen, direktør i Zentropa, filmselskapet som står bak Lars von Trier, bekreftar at dansken er kasta ut av filmfestivalen og trur ikkje han kan vinne Gullpalmen i år.

– Cannes hadde ikkje noko anna val, dei kunne ikkje risikere at han fekk Gullpalmen med slike kommentarar, seier han til Danmarks Radio.

– Det er latterleg

Aalbæk Jensen er ikkje overraska over avgjerda, men er lei for at det gjekk så langt.

– Han har sagt unnskyld, det burde vere nok, seier han.

Filmregissør og ven av von Trier, Jørgen Leth, meiner avgjerda er latterleg.

– Han er ein av våre største kunstnarar og har gitt så mykje til denne festivalen. Eg meiner festivalen overreagerer veldig, seier han til dansk TV2.

Kulturstrøm

  • Céline Dion gjør comeback i OLs åpningsseremoni

    Arrangørene av sommer-OL i Paris bekreftet fredag at den canadiske artisten Céline Dion skal opptre under åpningsseremonien.

    Arrangørene har tidligere hintet om at den internasjonale popdronningen skulle opptre, men først fredag kveld ble det offisielt bekreftet, melder CNN.

    Céline Dion slutter seg dermed til Lady Gaga og den fransk-maliske artisten Aya Nakamura på scenen. Hun forventes å synge «L'Hymne à L'amour» – en hyllest til den franske legenden Edith Piaf.

    55-åringen måtte tidligere i år avlyse sin verdensturné fordi hun er rammet av sykdommen «stiff person syndrome», en svært sjelden, nevrologisk sykdom.

    Opptredenen i Paris er Dions første siden hun fikk diagnosen.

    (©NTB)

    Celine Dion begins world tour in her hometown
    Foto: ALICE CHICHE / AFP
  • Sendes på hemmelig oppdrag

    – Regissør Guy Ritchie er tydelig inspirert av klassiske «men-on-a-mission»-filmer. (...) Hans «The Ministry of Ungentlemanly Warfare» er løst basert på sanne figurer og hendelser under andre verdenskrig, men Ritchie behandler historien som en enkel machofantasi med tvilsom logikk og glimt i øyet, skriver filmkritiker Birger Vestmo.