For vin tar knekken på bakteriane! Og alkoholen i vinen har sin del av æra for det, så det nyttar ikkje å vaske golvet med alkoholfri vin, altså.
Det er pålitlig forsking, dette, altså, men eg ville likevel venta litt før eg kastar kvit-skjorta i vaskemaskina og heller på med ei flaske rødvin...
Og om desse produkta kan erstatte kvarandre den andre vegen; om du kan helle inn på ei flaske Klorin til ei god steik, det vågar eg å slå fast at ikkje er lurt...
ADVARSEL: Eg veit denne advarselen kjem litt seint, sidan den står nederst på sida. Uansett; eg vil advare mot eit latterlig dårlig skriftspråk her i "Arilds absurditorium", som ikkje er rikskringkastinga verdig. Men ikkje hiss deg opp og ring til Bernander i sinne, for alt har si forklaring. Desse historiene er nemlig skrive for muntlig framføring på mi langt frå gramatisk riktige dialekt. Så pliiiis; ikkje klag til sjefen min, då?