Hopp til innhold

Viser ikkje Russisk Oscar-kandidat i Russland

Den russiske filmen Leviathan har vunne Golden Globe og kan vinne Oscar. I Russland nektar fleire kinoar å vise Leviathan, og ei ny lov kan gjere filmen ulovleg.

FILM-GOLDENGLOBES/ Producer Rodnyansky and director Zvyagintsev pose backstage with their award for Best Foreign Language Film for their film "Leviathan" at the 72nd Golden Globe Awards in Beverly Hills

KAN BLI FORBODEN: Produsent Alexander Rodnyansky og regissør Zvyagintsev feirar at dei har fått Golden Globe for beste utanlandske film 11. januar. Den russiske staten finansierte 35 prosent av produksjonen av filmen. Fleire politikarar krev no pengane tilbake.

Foto: MIKE BLAKE / Reuters

Leviathan har vunne prisen for beste utanlandske film på Golden Globe og kan no vinne Oscar for beste utanlandske film i Hollywood 22. februar. Filmen handlar om ein mann sin kamp mot korrupt byråkrati og rettsvesen i ein landsby utanfor Murmansk.

(Artikkelen fortset under traileren)

– Jobbar for at filmen ikkje skal bli sett

Leviathan har fått svært gode omtalar i internasjonal presse og har blitt hylla av The Guardian, blant andre. Trass i at filmen blir lovprisa i utlandet så er ikkje Russiske myndigheiter begeistra for Leviathan.

Julie Wilhelmsen er seniorforskar ved Norsk utanrikspolitisk institutt (NUPI). Ho seier at myndigheitene aktivt jobbar mot filmen:

– Myndigheitene vil ikkje eksplisitt vere undertrykkande og forby, men dei finn heller andre skjulte måtar for å avgrense at filmen blir utbreidd.

«Anbefaler å ikkje vise Leviathan»

Russiske myndigheiter diskuterte i media å forby drama-filmen. Den 15. januar så blei filmen nominert til Oscar for beste utanlandsskrpåklege film.

Etter den prestisjetunge nominasjonen så seier myndigheitene at dei ikkje vil forby filmen, likevel.

Samtidig så skriv russiske medier at fleire kinoar har fått anbefalingar av myndigheitene om å ikkje vise filmen. Ein kinodirektør i Murmansk seier dette til den regionale avisa Zona Media:

«Det ser ut til at me må avstå frå å vise filmen, ingen vil ha problem med myndigheitene i regionen»

Inna Sangadzhieva og Lene Wettland

FØLGER MED: Seniorrådgjevar Inna Sangadzhieva og leiar for Russland-avdelinga Lene Wetteland i Den Norske Helsingforskomite. Sangadzhieva kjem sjølv frå Russland og fortel at ting fort kan snu i Russland no og at myndigheitene er uforutsigbare.

Foto: Øystein Windstad

– Praksis frå Sovjet

Og når myndigheitene i Russland anbefaler kinoar å ikkje vise Leviathan, så er det meir enn ein vennleg oppmuntrande klapp på skuldra, fortel Russland-ansvarleg i Den Norske Helsingforskomite, Lene Wetteland:

– Anbefalingar veg veldig tungt. Dette er den same praksisen som ein hadde i Sovjet-unionen som var mykje basert på munnlege anbefalingar, fortel Wetteland.

Ho seier temaet for filmen er universelt, men at det er den realistiske skildringa av korrupsjon og mangelen på rettstryggleik som gjer at myndigheitene ikkje likar filmen.

Ny lov som kan sensurere

Det blir no jobba med å få gjennom ei lov i det russiske parlamentet Dumaen som vil forby filmar som myndigheitene meiner «er mot eit einskapleg Russland».

– Konsekvensane av denne lova som godt kan kome, er at ein vil forby filmar som viser noko anna det dei offisielle myndigheitene likar. Det betyr at Leviathan eksempelvis kan bli forboden, seier Wetteland i Helsingforskomiteen.

Kulturstrøm

  • Girl in Red med historisk milepæl

    Ho er den første norske kvinnelege artisten som har fått éin milliard strøymingar på ein song på strøymetenesta Spotify.

    Det er låten «we fell in love in october» som har bikka éin milliard, ifølgje VG. Låten blei gjeve ut i 2018.

    Marie Ulven Ringheim, som ho eigentleg heiter, seier til avisa at ho synest det er veldig gøy at ei låt som ho har skrive, produsert, miksa og mastra har resonnert så mykje.

    Girl in Red
    Foto: ANNA KURTH / AFP
  • «Victoria må dø» vant publikumspris

    Den norske filmen «Victoria må dø» vant publikumsprisen under årets Barnefilmfestival i Kristiansand.

    «Mounted Games» av Karen Houge vant årets pitchekonkurranse og «Smerteterskel» stakk av med prisen for beste kortfilm.

    Festivalsjef Cathrine Sordal forteller i en pressemelding at det har blitt vist 83 filmer fra 42 land under årets festival.

    Barnefilmfestivalen har i år delt ut 10 ulike filmpriser. Her kan du lese om alle vinnerne.

  • Aaron Sorkin skriv «The Social Network»-oppfølgar

    Aaron Sorkin held på med eit manus til det han kallar «ein slags The Social Network-oppfølgar», fordi han meiner Facebook har skulda for storminga av Kongressen i USA 6. januar 2021.

    Det sa Sorkin under ei direktesending av podkasten «The Town». Han vil derimot ikkje seia kvifor han meiner Facebook står bak storminga.

    Sorkin fekk ein Oscar for manuset til dramafilmen The Social Network frå 2010, regissert av David Fincher. Filmen tek for seg oppstarten av Facebook.

    Sorkin har tidlegare sagt at han ønsker å skriva ein oppfølgar som utforskar «den mørke sida» av Facebook, særleg dersom Fincher vil regissere.

    Aaron Sorkin
    Foto: GARY HERSHORN / Reuters