Hopp til innhold

Vil at folk skal møtast i kommentarfeltet

Det finns mange appar for å møte ein kjærast, men ikkje like mange for å finne venner. No vil påverkarar at folk skal bruke kommentarfelt i sosiale medium for å bli venner.

Gjelsvik instagram

VENNSKAP: Kristin Gjelsvik ønskjer at folk skal starte vennskap i hennar kommentarfelt.

Foto: Skjermbilde

Fleire påverkarar har kasta seg på trenden «vennskapstrådar» i sosiale medium. Her oppmodar dei følgjarane sine til å finne kvarandre i kommentarfeltet. Påverkaren Kristin Gjelsvik la ut eit innlegg måndag, som allereie har fått over 1600 kommentarar.

Trenden går ut på at ein i kommentarfeltet skriv eit hjarte, til dømes raudt, viss du er frå Nord-Noreg, eller gult viss du er frå Sørlandet, og litt om deg sjølv. Gjennom dette håpar Gjelsvik at folk kontaktar kvarandre.

– Eg har allereie fått meldingar frå folk som har avtalt møte med nokon dei aldri har treft før, fortel Gjelsvik.

Instagram Vennetråd

POPULÆRT: Instagram-bilete til Kristin Gjelsvik har allereie fått over 1600 kommentarar.

Foto: Thomas Hagajore Fosse / NRK

Kampen mot einsemd

Responsen på innlegget har, ifølgje Gjelsvik, berre vore positiv. For påverkaren, viser det tydeleg at folk har sakna eit slik tilbod.

– Det er veldig mange som kjenner seg veldig åleine, og som synest det er vanskeleg å utvide vennekrinsen, og vanskeleg å få seg venner i det heile tatt.

Ifølgje levekårsundersøkinga frå 2020, oppgav 11 prosent at dei var mykje plaga av einsemd, 37 prosent var litt plaga.

Undersøkingar frå Folkehelseinsituttet kan òg indikere at dette talet har auka som følgje av pandemien.

– Det er veldig mange no som no etter nedstenginga, som har flytta til ein ny stad på grunn av jobb eller studie. Då kan det vere vanskeleg å finne nye kjennskap, meiner Gjelsvik.

Møttest i kommentarfeltet

Silje Glasø Haugan vart kjend med bestevenninna si Estafania for fleire år sidan. Dei møttest gjennom kommentarfeltet på bloggen til Kristin Gjelsvik. Dei trefte kvarandre i verkelegheita for første gong i 2014.

Silje Glasø Haugan

TREFTE BESTEVENN: Silje Glasø Haugaun trefte ei god venninne gjennom kommentarfeltet til Kristin Gjelsvik.

Foto: Privat

– Det var veldig koseleg. Eg var litt smånervøs.

Den dag i dag, har dei framleis god kontakt, og møtest med jamne mellomrom. Haugan trur at det er lettare å ta kontakt med kvarandre i kommentarfeltet når ein veit at ein er i same by, og har litt felles interesser.

– Gå ut av komfortsona, og berre prøv å gjere det. Eg angrar ikkje på at eg gjorde det sjølv. Det kan vere starten på eit vennskap.

Svensk influenser Johanna Bladh

SAKNA TILBOD: Johanna Bladh opplever at det finst mange moglegheiter for å finne ein kjæraste, men ikkje like mange for å finne nye venner.

Foto: Per Stübler

Har treft folk sjølv

Kristin Gjelsvik sitt initiativ var inspirert av den svenske påverkaren Johanna Bladh. Innlegget hennar, som ho la ut på Instagram i juli, har fått over 1500 kommentarar. Ho har sjølv òg brukt innlegget til å treffe venner.

– Eg har faktisk sjølv møtt ei veldig hyggeleg jente i Stockholm gjennom innlegget eg la ut. Vi som kom frå Stockholm som kommenterte, vi har no ein gruppesamtale saman.

Ho er kjempeglad for at dette òg har komme til Noreg. For henne sjølv, sakna ho ein arena for å finne nye venner.

– Det finst mange bra appar for dating. Det finnast mange bra måtar å treffe ein ny partnar eller for å bli forelska i nokon på. Men det finst ikkje så mange måtar å treffe venner.

No håpar Bladh og Gjelsvik at fleire kastar seg på denne trenden.

– Det er veldig fint om andre kan gjere det same, kanskje nokon som har ei mykje eldre målgruppe. Så kan vi skape vennskap i alle aldersgrupper, seier Gjelsvik.

Kulturstrøm