Olaug Nilssen
Vi har så korte armar
Samlaget 2002
Det er i grunnen berre å kaste korta med ein gong. Det går nemleg ikkje an å melde Olaug Nilssens roman på den tilmålte tida her i Kulturnytt. Gje meg ei teaterscene, eit gresk kor, ein skoddebank og ei salmebok, så nærmar vi oss noko. Alternativ to er at eg plukkar opp att nokon av korta eg nettopp kasta, og nøyer meg med å kome inn på deler av denne samansette og svært fascinerande romanen.
Bondestudentar
Første kort: Tema. Dette er Bondestudentar anno 2002. Reisa frå bygda Skoddeheimen og til byen kan ikkje målast i kilometer, men i språk, samversformer, fordommar og ambivalens. Dei to studentane Ølgjer og Liv frå Skoddeheimen har sitt å stri med, og som det heiter på slutten av boka: "Å, det var han Ølgjer. Å, det var ho Liv. No har dei tolt sine plager."
Collage
Andre kort: Form. Dette er ein collage, der det greske koret deler plass med dagbøker, rapportar, det store vi av ekle jenter, du veit slike som står og ser deg kome gjennom ein lang korridor, og som seier noko ekkelt akkurat når du går forbi, slik at alle ler. Det er utskrifter frå møte i Skoddeheimen samtaleforeining, for eksempel frå eit møte med temaet: "Er Ølgjer homo". Det er salmar og songar og avisutklipp og diverse som er vanskeleg å identifisere, rett og slett.
Rå humor
Olaug Nilssen er frå Solheimsdalen i Førde
Tredje kort: Kritikarens dom. Kritikaren vel ein subjektiv vinkel og seier at dette var ei forbløffande leseoppleving. "Vi har så korte armar" er ei bok som får sagt underfundige ting, ikkje berre om bondestudentar, men også om å finne seg til rette i verda med sjel og ikkje minst kropp. Humoren er rå, tårene er salte, sorga er stor, og Liv bør heilt klart skjerpe seg. Ølgjer også. For ikkje å snakke om Skoddeheimen samtaleforeining.
Boka må lesast!
Fjerde kort: Konklusjon i tre deler:
1. Ein er ikkje nøydd til å vite kven Sterk-Ola Bakken og Sigrid Vangen er, eller kjenne tonen på "Leid, milde ljos", men det er klart det hjelper.
2. Dei som bommar på Sigrid Vangen & co, kan i staden konsentrere seg om dei evige spørsmål i teksten.
3. Det går ikkje an å gå på kafé utan å ha lese boka til Olaug Nilssen.
Marta Norheim
Kulturnytt, NRK P2
10. juni 2002