Hopp til innhold

Valkyrien og Alex til semifinalen

Valkyrien Allstars vant denne runden av Kjempesjansen, men Alexander Rybak fekk og ein plass på vinnar-pallen.

Vinnarane av denne runden av Kjempesjansen
Foto: Birte Njøsen Horne / NRK

Det var stor jubel då det gjekk opp for  Valkyrien Allstars og  Alexander Rybak at dei no skal vidare til semifinalen.

- Dette er veldig bra, vi hadde håpa på dette, men det var så mange gode konkurrentar med at vi ikkje hadde rekna med å vinne, fortel gruppa rett etter at kamera i studio blei slått av og dei endeleg kan slappe av og nyte sigeren.

På torsdag fekk Valkyrien Allstars vite at dei hadde vunne over to andre spelemenn i Nettsjansen , no vant dei og denne runden av Kjempesjansen. Og mykje pengar blei det til gruppa, heile 70 300 kroner fekk dei med seg heim.

- Dette er nok den beste timeløna vi har hatt, ler gruppa som er kjempe fornøgd med kvelden.

Alexander er og vidare

Alexander Rybak og Elisabeth Moberg
Foto: Birte Njøsen Horne / NRK

Kvart program er det to deltakarar som går vidare til semifinalen, Alexander Rybak fekk den andre plassen på pallen denne kvelden.

- Man veit aldri kva publikum vil ha, eg hadde håpa, men dette er jo heilt fantastisk, seier Alexander medan vener og familie står rundt og vil ha ein bit av den lykkelege 20-åringen.

Fulle lommebøker

Det er ingen av deltakarane som går heim frå Kjempesjansen utan ei krone i lommeboka. Slik blei pengane fordelt denne kvelden:

Valkyrien Allstars: 70 300 kroner

Alexander Rybak: 68 400 kroner

Tangueros del Norte: 53 500 kroner

Garness: 41 100 kroner

Anine og Lasse: 31 700 kroner

Allereie frå sundag klokka 10.00 kan du stemme på deltakarane til neste veke. Slik gjer du det .

 

 

Kulturstrøm

  • Gustav Klimts siste maleri solgt på auksjon

    Maleriet «Portrait of Miss Lieser» av den østerrikske kunstneren Gustav Klimt ble solgt på auksjon i Wien for 30 millioner euro, som tilsvarer rundt 350 millioner kroner.

    Klimt startet på portrettet i 1917, og det skulle bli hans siste maleri før han døde året etter. Han fikk aldri gjort det helt ferdig.

    Maleriet var savnet i nesten 100 år før det dukket opp på auksjonshuset i Wien tidligere i år, skriver BBC.

    Det har vært flere debatter om hvem kvinnen på bildet er, og hva som skjedde med bilde under 2. verdenskrig.

    Auksjonsleder Michael Kovacek, co-administrerende direktør for Kinsky Auction House taler ved siden av Claudia Moerth-Gasser, Klimt Expert, i begynnelsen av en auksjon for den østerrikske kunstneren Gustav Klimts portrett ble auksjonert ut.
    Foto: Reuters