Hopp til innhold

Under bakken

Ved å grave i fortida, kan vi kanskje lære mer om fremtida? Jorda vi går på skjuler ikke bare informasjon, men historier og levde liv. Hør mer i Norgesglassets radioserie.

Utgraving
Foto: Martin Kierstein

Første episode

Dei fyrste menneska som kom til Norge etter den siste istida levde i ei heilt anna verd enn me nordmenn gjer i dag. På menyen stod sel, kval og sjøfugl, dei einaste trea rundt dei var små dvergbjørker som klorte seg fast i eit landskap som minner om dagens Grønland, og nokre mil unna såg dei innlandsisen ligge som eit lok over landet.

Arkeologi - 1: Dei fulgte etter isen

Andre episode

For fleire tusen år sidan blei skip, byttedyr, stridsvogner og menneskroppar rissa inn i hardt norsk berg. Sidan har mangt eit klokt hovud fundert på kven som gjorde det, og kvifor det blei gjort.

I dag er helleristningane framleis eit mysterium, og eit svaberg på Penne på Lista er dekt av fascinerande gåter.

Arkeologi - 2: Så nært, men likevel så fjernt

Tredje episode

Kvifor blei me bønder? På Penne på Lista leitar arkeologar etter spor frå den gongen dei fyrste menneska starta opp med permanent jordbruk her til lands. Professor Christopher Prescott trur jordbruket steig i land med immigrantar frå Jylland, og han trur dei fyrste heiltidsbøndene budde nettopp på Lista og på Jæren.

Arkeologi - 3: Jordbruket stig i land

Fjerde episode

Nyvinningar innan sjøfarten står sentralt i Prescott sine hypotesar. Frå å pusle på innaskjærs kunne ein no krysse store havstrekningar med stabile fartøy som tok 30-40 mann. Det er på denne tida kysten vår blir dradd inn i den store verda. Christopher Prescott håpar å finne eit båtvrak frå bronsealderen, for å sjå om hypotesane hans held vatn.

Arkeologi - 4: Jakta på bronsealderbåten

Femte episode

Vikingane segla ikkje over Nordsjøen berre for å plyndre kloster - dei aller fleste skipa hadde langt meir fredelege hensikter. Eitt av skipa kom aldri fram - og lasta er i dag attende der den blei produsert. På botnen av Alverstraumen i Hordaland blei det funne 505 kvernsteinar i ulik storleik, alle frå Hyllestad.

Arkeologi - 5: Vikingetida - meir enn mjød og hærtog

Sjette episode

Dei gode gamle dagane var ikkje berre gode sett i eit kulturhistorisk perspektiv. I dag går arkeologar metodisk og forsiktig fram, men tidlegare blei dynamitten flittig brukt. Dei mest effektive arkeologane opna gjerne tre gravhaugar på ein og same dag.

Arkeologi - 6: Frå salonghobby til fag

Syvende episode

Osebergskipet kunne blitt solgt til utlandet - i stadenfor fekk Norge si fyrste kulturminnelov i 1905. I vår serie om arkeologi skal me i dag til Vikingskiphuset.

Arkeologi - 7: Osebergskipet - Norges Tutankhamon

Åttende episode

Over tusen år etter dei blei gravlagde får no tre nordmenn kvar sine tjukke, medisinske journalar. Både Gokstadmannen og dei to Osebergkvinnene har fått eit liv etter døden ingen andre kan vise til.

Arkeologi - 8: Gamle knoklar gir ny viten

Niende episode

I åra før Norge blei kristna såg vestlendingane store steinkors røyse seg mot himmelen langs kysten. Heilt ytterst i Sognefjorden sat håndverkarane som hogg til desse fyrste, kristne symbola.

Men visste dei kven Kvitekrist var? Og kven var det som bestilte desse underlege ikona?

Arkeologi - 9: Den kristne kunstindustrien vaknar

Tiende episode

For norske arkeologar betyr sommaren ein ting: Feltarbeid! I vekesvis ligg dei på kne, i sol og regn, i gjørme og støv, - for å grave fram saker me andre som regel ikkje ser den heilt store verdien i.

Arkeologi - 10: Livet på felt

Ellevte episode

Veit du kva som ligg i bakken under huset ditt? Og anar du om din grunnmur kviler på gamle hustufter? Familien som snart bygger nytt hus i Linnomstien utanfor Tønsberg er i ferd med å få tomtehistoria si uvanleg godt dokumentert.

Arkeologi - 11: Ei tomt med lang historie

Tolvte episode

Arkeologi er ikkje berre flintøkser og vikingeskip - i dag bidreg fag som kjemi og botanikk til at me får vite stadig meir om vår eiga fortid. Arkeologiske funn blir sendt til laboratorium verda over, - og den moderne teknologien gir dagens arkeologar mange bein å stå på.

Arkeologi - 12: Ei hjelpande hand

Trettende episode

Det finst mange slagmarker - og mange slags våpen. Fortida - historien vår kan ofte vere meir effektivt enn kuler og krutt. Arkeologi fortel oss kven me ein gong var, - og dermed kven me er i dag.

Denne kunskapen er så viktig at den både kan skape nasjonar og utslette fiendar!

Arkeologi - 13: Fortida - eit effektivt våpen

Kulturstrøm

  • Får støtte frå pappa

    Den svenske artisten Eric Saade markerte støtte for Palestina under eit Eurovision-arrangement tysdag.

    No får han støtte frå pappa Walid Saade, melder Expressen.

    – Vi viser at vi finst og at det som pågår ikkje får skje, seier han til avisa.

    Besteforeldra til Eric Saade flykta frå Palestina til Libanon i 1948.

    Sweden Eurovision Song Contest Semi-Final
    Foto: Martin Meissner / AP
  • Regjeringen gir en million kroner til Rørosmartnan

    – Rørosregionen er en viktig region for Norge. En investering i kvalitet for investering for Rørosmartnan gir et godt bidrag. Sammen med det lokale næringslivet vil regjeringen bidra til at kulturhistorien og tradisjonene blir sikret på Røros og bevilge 1.000.000 kroner til Rørosmartnan, sier Jonas Gahr Støre.

    Støre var i vinter på besøk på Røros og åpnet arrangementet som første statsminister. Bidraget kommer I forbindelse med revidert nasjonalbudsjett, som legges fram 14. mai.

    – Dette er en merkedag for oss på Røros, og et viktig signal om at Rørosregionen er viktig også for hele Norge, sier ordfører Isak Veierud Busch (A).

    Støre på Rørosmartnan
    Foto: Statsministerens kontor
  • Regjeringa gir 300 millioner i satsing på lærebøker i papir

    – Starten på en tydelig markering av skrift og bøker, sier statsminister Jonas Gahr Støre.

    Pengene er øremerket fysiske bøker.

    – Forskning viser at elever lærer mer ved å lese fysiske bøker, sier kunnskapsminister, Kari Nessa Nordtun.

    Hun sier regjeringen nå tar grep for å snu dårlige lesetall.

    – For mye iPad, skjerm og for lite bøker har ikke vært bra for leselysta, sier statsministeren.