Desse spørsmåla og fleire til blir både stilt og besvart på ein ny natursti ved brekanten i Hardanger. Reporter Gøril Grov Sørdal og breforskar Jostein Bakke frå Bjerknessenteret i Bergen snører fjellskoa, plottar inn koordinatane på GPS'en og legg ut på ei klimahistorisk vandring ved Folgefonna.
Folgefonna - frå snø til blåis
Kva er ein isbre? Kvifor ligg dei der dei ligg? Kva er ein katabatisk vind, og kor sterk kan den bli?
Bli med på fyrste post:
Folgefonna og botanikken
Naturen er tøff, den har klart seg gjennom utallige istider. Spørsmålet er om menneskeskapte klimaendringar rett og slett blir ein FOR tøff motstandar...
Bli med på post to:
Folgefonna og landskapet
Ingen annan erosjonskraft er så sterk som ein isbre. Det som i dag er bratte fjell og djupe fjordar var ein gong eit ørkenaktig sletteland.
Bli med på post tre:
Folgefonna - ein kanarifugl for klimaet i framtida
Korleis veit ein egentleg korleis klimaet vil vere i framtida? Korleis kan forskarane spå polsmelting og temperaturauke?
Breforskninga sit på eitt av svara - for å sjå inn i framtida må me kjenne fortida.
Bli med på post fire:
Frå den vesle istida til menneskeskapt tøvær?
Om nokre tiår er mange av dei norske isbreane borte. Forskarar trur dei rett og slett vil smelte vekk. Men gjer det noko då?
Isbrear er ikkje til å spøke med, anten dei veks - eller minkar.
Bli med på post fem: