Hopp til innhold

Ukjent Ibsen kan vere oppdaga

To Ibsen-ekspertar er på sporet av eit kunstverk som kan vere mala av Henrik Ibsen.

Video nsps_upload_2009_5_29_16_15_33_58.jpg
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

Kunsthistoriker Tommy Sørbø og leiar for Ibsensenteret, Erik Edvardsen, granskar biletet nøye.

Maleriet forestiller eit alpelandskap i Sveits. Snøkledde fjell bak ein innsjø omringa av tre.

Eigaren av maleriet, Jørgen Gaare, sit heime og ventar i spaning på ekspertane si vurdering.

- Det er jo morosamt å sjå om dei trur det faktisk er ein Ibsen. Han har då mala i liknande stil. Eg hugsar biletet frå då eg var liten, då var det det finaste maleriet vi hadde på veggen.

Tommy Sørbø og Erik Edvardsen studerer et Ibsen-maleri (?)

Tommy Sørbø og Erik Edvardsen studerer det mulige Ibsen-bildet.

Foto: NRK

Usamde ekspertar

Kunstekspertane vurderer fram og tilbake om det faktisk er den verdskjente forfattaren som står bak biletet. For Henrik Ibsen var også kunstmalar i sine unge år.

På ein skala frå ein til ti, er ekspertane uenige om sannsynet for at maleriet er mala av Ibsen.

- La oss seie sju. Det er noko med måten han malar fjella på og signaturen, som absolutt kan vere Ibsen, meiner kunsthistorikar Tommy Sørbø.

Erik Edvardsen frå Ibsensenteret er ikkje like optimistisk.

- Eg er ikkje heilt overtydd, og tenkjer nok heller ein to-tre. Dei tidlege maleria hans er mykje meir urolege enn dette litt glansfulle biletet.

Kan vere ein annan Ibsen

Ibsen-maleri i Aftenposten, 17. juni 1944

Omtale i Aftenposten, 17. juni 1944.

Biletet som har tittelen «Alpenes Perle Schweits» blei omtala i Aftenposten i 1944, då familien Gaare frå Skien kjøpte det av ein snekkar på Skotfoss i Telemark.

Maleriet er signert med namnet Ibsen, men det treng ikkje å tyde at det er den kjente forfattaren som har mala det. Det kan også hende at det er den kvinnelege 1800-talsmalaren A. Ibsen frå Bergen som står bak biletet, seier Edvardsen.

- Signaturen liknar litt mykje på denne kvinnelege malaren sin.
Fleire gongar har det blitt stoppa bilete på auksjonar som har blitt lagt ut som Ibsen-maleri, fordi det var denne kvinna som sto bak i staden, legg Edvardsen til.

Men Tommy Sørbø meiner dette er mindre sannsynt, siden biletet vart kjøpt i Henrik Ibsens heimtraktar.

Må til tekniske undersøkjingar

For å finne ut om biletet faktisk er mala av Henrik Ibsen, må eigaren gjere ei rekkje tekniske undersøkjingar av biletet, seier Sørbø.

- Ein må gå til ein teknisk konservator, kanskje ta det med til Nasjonalgalleriet for fotografering i ultrafiloett belysing, og sjå på veven i biletet.

Eigaren av biletet, Jørgen Gaare, vil gjerne behalde biletet, og har bestemt seg for å få gjor nokon vidare tekniske undersøkjingar av maleriet.

Henrik Ibsen

Henrik Ibsen.

Foto: Scanpix / Scanpix

Blei undervist i kunstmaling

Ibsen mottok undervising i kunstmaling i ungdomsåra, og dreiv aktiv med kunstforma til han var 32 år gamal. Etter dette mala han mindre, for å kunne samle seg heilt og fullt om skrivinga.

Han heldt likevel fram med å teikne og male med vannfargar. Ein del av dette er å sjå som skisser for kostyme og scenografi.

På auksjonar har Ibsen sine maleri gått for fleire hundre tusen kroner.

Kulturstrøm

  • Gustav Klimts siste maleri solgt på auksjon

    Maleriet «Portrait of Miss Lieser» av den østerrikske kunstneren Gustav Klimt ble solgt på auksjon i Wien for 30 millioner euro, som tilsvarer rundt 350 millioner kroner.

    Klimt startet på portrettet i 1917, og det skulle bli hans siste maleri før han døde året etter. Han fikk aldri gjort det helt ferdig.

    Maleriet var savnet i nesten 100 år før det dukket opp på auksjonshuset i Wien tidligere i år, skriver BBC.

    Det har vært flere debatter om hvem kvinnen på bildet er, og hva som skjedde med bilde under 2. verdenskrig.

    Auksjonsleder Michael Kovacek, co-administrerende direktør for Kinsky Auction House taler ved siden av Claudia Moerth-Gasser, Klimt Expert, i begynnelsen av en auksjon for den østerrikske kunstneren Gustav Klimts portrett ble auksjonert ut.
    Foto: Reuters