Hopp til innhold

Tuva and The Far Out Orchestra

Når det gjeld sjanger er dette bandet litt vinglete som dei kallar det sjølv, men det er blues som har prega det frontfiguren Tuva likar å skrive og spele. Blues har ho elska sidan ho var lita jente.

Tuva and The Far Out Orchestra
Foto: Promo

Om dette bandet kjem vidare til Kjempesjansen frå Nettsjansen vil dei framføre "slowly" som frontfiguren i bandet Tuva Sofie Andersen sjølv har skrive. Men allereie no kan du sjå "Nightmind" som Tuva og har skrive, den kan du sjå på musikkvideoen deira .

Innom alt

Endå Tuva Sofie Andersen alltid har elska blues er det ikkje alltid det ho syng. Ho har vore innom dei fleste sjangrar, alt frå pop til country til funk.

- Til og med klassisk har eg vore innom.

Song er det Tuva likar aller best å halde på med, men det er ikkje få instrument ho har prøvd seg på.

- Eg byrja å spele piano då eg var lita, men utanom det har eg dei siste åra byrja å lære meg gitar og bass. Pedal-steel er og eit fantastisk instrument, så det varar nok ikkje lenge før eg går til innkjøp av det.

Pause

Oslojenta har sunge så lenge ho kan hugse, men det har vore ein periode i livet hennar ho ikkje har brukt songstemma. Då Tuva var 12 år fekk ho polyppar (svulstliknande utvekst i slimhinne) på stemmebandet, det gjorde til at ho måtte gjennom tre inngrep med laser.

- Stemma mi var HEILT borte i over tre månadar, det var forferdeleg frustrerande! Då stemma kom tilbake song eg som aldri før.

Kva vil du bruke pengane du vinn til?

- Plateinnspeling, og eventuelt utstyr og fleire instrument. Og ei god flaske med Chablis skal vi og ta oss råd til!

På gøy med Tuva:

Kva er det mest ”nerdete” ved deg?

- Eg kan nok litt for mykje unødvendig kunnskap om dei europeiske kongefamiliane og melodi grand prix.

Er det noko du er spesielt dyktig til?

- Eg kan hisse på meg måker, ved å høyres ut som dei.

Fobiar?

- Edderkoppar, slagar og panfløytemusikk!

Kulturstrøm

  • ABBA-Benny lagar jinglar til svensk P2

    ABBA-veteranen Benny Andersson har komponert lydlogoar til den svenske radiokanalen P2, melder Sveriges Radio.

    – Eg har laga 37 forskjellige forslag for å sjå om hansken passa, seier komponisten og musikaren til kanalen.

    Jinglane er spelt inn saman med Sveriges Radios Symfoniorkester, og Andersson er sjølv med på piano.

    Dei nye lydsnuttane blei tekne i bruk måndag.

    Benny Andersson
    Foto: Alberto Pezzali / AP
  • Nye rekordar for Swift

    Aldri før har eit album blitt strøyma så mykje på ei veke som Taylor Swifts «The Tortured Poets Department». Utgjevinga gjekk rett til topps på Billboard-lista.

    Musikkmagasinet sjølv omtaler det som «ein historisk debut på nummer 1».

    Albumet med 16 låtar blei gitt ut 19. april. To timar seinare overraska Swift fansen ved å sleppe 15 låtar til, og kunngjorde at det var eit dobbeltalbum.

    I veka fram til og med 25. april blei det selt 2,61 millionar såkalla albumekvivalentar. Av dette var 1,91 millionar tradisjonelt albumsal, inkludert digitale nedlastingar, CD-ar, kassettar og heile 859.000 vinylplater.

    Dette er det høgaste talet vinylkopiar av eit album som er selt på ei veke i moderne tid, opplyste Billboard.

    (NTB)

    Taylor Swift