Hopp til innhold

Tone har vekas låt på BBC

Medan Tone Damli Aaberge lanserer si nye plate «Cocool» i Noreg, er 2009-hiten «Butterflies» vekas låt på Storbritannias største radiokanal, BBC Radio 2.

Tone Damli Aaberge

Tone Damli Aaberge, eller Tone Damli som ho kallar seg internasjonalt, opplever ny suksess med «Butterflies».

Foto: Kyrre Lien / Scanpix

«Butterflies» var svært nær å nå eit stort internasjonalt publikum då den vart nummer to i den norske Melodi Grand Prix-finalen i 2009 – bak Alexander Rybaks «Fairytale». No opnar det seg bokstaveleg tala nye kanalar for låten: Denne veka er «Butterflies» Record of the Week i BBC Radio 2, som er den radiostasjonen i Storbritannia med flest lyttarar.

Her kan du sjå videoen til «Butterflies»:

Video Musikkvideo: Tone Damli Aaberge - Butterflies

– Ein kjempebonus

David Eriksen er Tone Damli Aaberges manager og produsent, og skreiv «Butterflies» i lag med Aaberge, Billy Burnette og Mats Lie Skåre. Han er oppglødd over merksemda låten no får i England.

– Dette er kjempegøy og spennande – ei usedvanleg hyggeleg nyheit for oss, seier Eriksen.

– England er ein utruleg tøff marknad. Det er så klart lagt ned mykje arbeid i å selge inn låten, men med den mengda plater som kjem ut der borte, er det ein kjempebonus når noko slikt skjer.

Usikker på effekten

Tone Damli Aaberge i kvit kjole under finalen i Melodi Grand Prix

Tone Damli Aaberge framfører «Butterflies» i Melodi Grand Prix 2009.

Foto: Johannessen, Sara / SCANPIX

David Eriksen er usikker på kor mykje det vil ha å seie for Aaberges sjansar vidare i Stobritannia at låten no når millionar av radiolyttarar.

– Det vil jo sette henne på kartet i eit land der ho ikkje har nokon posisjon frå før, men det er for tidleg å seie kva følger dette vil få, seier Eriksen.

Inntil vidare er andre land i fokus for den internasjonale lanseringa av albumet «I know», som skjer parallelt med at «Cocool» lanserast i Noreg.

– Hovudfokuset har vore på Tyskland, der «Butterflies» er blitt brukt som kjenningsmelodi for ein tv-serie, og på Sveits og Austerrike. Snart skal ho dessutan til USA for å promotere «I know», som snart også kjem ut i Storbritannia.

Tone Damli Aaberges offisielle heimeside kan du mellom anna sjå henne synge på tysk tv.

– Gøy for Noreg som popnasjon

Mats Borch Bugge, musikksjef i P3, gleder seg over også over nyheita.

– Dette er veldig gøy for Tone Damli Aaberge og for Noreg som popnasjon, seier han.

– BBC Radio 2 er ikkje mellom dei mest trendsetjande musikkanalene i England, men har enormt mange lyttarar. Slik sett vil ho kunne nå ut til ein millionmarknad som er kjend for å vere vanskeleg å tilfredsstille.

– Bør dyrke fram live-aspektet

P3s musikksjef trur Tone Damli Aaberge kan ha gode sjansar i England, særleg om ho reindyrkar sitt særpreg.

– Ho har artistiske kvalitetar og framstår som ei uskuldsrein og pen popprinsesse, seier Borch Bugge.

– Samstundes er det mange konkurrentar i sjangeren, og britane er vant til velproduserte, syntetiske låtar. Difor trur eg Aaberge bør dyrke fram det spelte i musikken sin – live-aspektet – nettopp for å skilje seg ut ytterlegare.

Kulturstrøm

  • Gérard Depardieu stilles for retten i overgrepssak i oktober

    Skuespilleren Gérard Depardieu anklages for seksuelle overgrep og stilles for retten i oktober, opplyser fransk påtalemyndighet.

    Depardieu ble mandag løslatt etter å ha blitt avhørt om angivelige seksuelle overgrep, opplyser skuespillerens advokat. Skuespilleren nekter selv for å ha gjort noe galt.

  • ABBA-Benny lagar jinglar til svensk P2

    ABBA-veteranen Benny Andersson har komponert lydlogoar til den svenske radiokanalen P2, melder Sveriges Radio.

    – Eg har laga 37 forskjellige forslag for å sjå om hansken passa, seier komponisten og musikaren til kanalen.

    Jinglane er spelt inn saman med Sveriges Radios Symfoniorkester, og Andersson er sjølv med på piano.

    Dei nye lydsnuttane blei tekne i bruk måndag.

    Benny Andersson
    Foto: Alberto Pezzali / AP