Hopp til innhold

Tomine Harket: – Eg trur 100 prosent at dette kan vere pappa

Maskorama går på skjermen i Storbritannia no og mange trur at Morten Harket kan gøyme seg bak ei av maskene. – Om det ikkje er han blir eg flau, seier dottera Tomine Harket.

I den britiske versjonen av «Maskorama», skaper «Vikingen» debatt. Flere seere har tippet at den maskerte sangeren er norske Morten Harket, men da han sang «Take On Me» fra A-ha ble det forvirring. Ville han virkelig ha sunget sin egen sang?

HØR SELV: Vikingen synger «Take On Me» fra A-ha.

I haust følgde meir enn ein million sjåarar med på den norske versjonen av Maskorama på NRK.

Konseptet er at kjendisar av alle slag gøymer seg bak masker og opptrer med ei ny låt kvar veke. Ved hjelp av forskjellige hint skal dommarane og sjåarane gjette kven som gøymer seg bak maskene.

No får Vikingen i den britiske versjonen av Maskorama, The Masked Singer UK mykje merksemd i Storbritannia.

Mange hevdar nemleg at det er den verdskjende norske songaren Morten Harket som skjuler seg bak vikinghjelmen og det raude skjegget.

– Kjenner att stemma

Tomine Harket

TRUR DET ER FAREN: Tomine Harket er ganske sikker på at ho kjenner att stemma til faren.

Foto: Sara Tonning / Sara Tonning

Dottera hans, artisten Tomine Harket, er ganske sikker på at det er faren som gøymer seg bak maska.

– Eg likar å tru at eg kjenner att stemma til min eigen far. Det er ein type vibrasjon i stemma til pappa, som gjer at eg trur det høyrest ut som han.

– Det høyrest ut som pappa når vi syng saman heile familien, når bestefar speler på piano og brørne mine står og syng med. Det er den kjensla eg får. Det er der eg tenker at «eg trur det er pappa».

Trur du at Vikingen kan vere Morten Harket?

Det var då den segnomspunne Vikingen song si tolking av låten «Songbird» av Fleetwood Mac, at rykta starta.

Under kan du sjå Vikingen opptre i førre episoden av den britiske utgåva av Maskorama.

Kan dette vere Morten Harket? Mange trur også at det kan vere James Blunt.

– Overjordisk stemme

Den britiske vikingen skal ha ein mogeleg link til The Voice, og der har Morten Harket vore mentor fleire gongar.

Det har også Hanne Sørvåg og ho seier at ho kjenner att poplegenda sine særeigne klangar og fraseringar.

Portrett av Hanne Sørvåg

Hanne Sørvåg er vokalist og tidlegare mentor i The Voice.

– Han har det litt overjordiske i stemma si og så kan det kanskje vere eit hint i kostymet. Kanskje han er Vikingen «vår».

Ho påpeiker at Harket er kjend for å ville ha lyd og show på sin eigen måte.

– Om det er han, synest eg han er modig. Dette er enda meir avkledd med tanke på stemma, sjølv om han er i kostyme.

Sørvåg synest Vikingen si framføring av «Songbird» minner om måten Harket syng på i låten «A Kind of Christmas Card». Er du einig?

– Usikker

Jan Fredrik Karlsen, som tidlegare har vore Idol-dommar seier at kvaliteten i stemma til Morten er svært karakteristisk og vakker.

– Klangen og signaturen i stemma til Vikingen minner veldig om måten Morten brukar stemma på, den er kraftfull og sårbar. Men ikkje alle tonane stemmer.

Jan Fredrik Karlsen

Jan Fredrik Karlsen, artistmanager og tidlegare Idol-dommar.

Foto: Anne Liv Ekroll / Anne Liv Ekroll, NRK

Karlsen seier det er vendingar i framføringa som ikkje stemmer over eins med Harket si stemme. Han er ikkje overtydd om at Harket skjuler seg bak maska til Vikingen.

– Ingenting hadde våre gøyare enn om det er Morten Harket som er Vikingen i England, men eg er faktisk litt usikker.

Men han veit ikkje kven det er om det ikkje er Morten.

Hint peikar på Harket

På Twitter og i kommentarfeltet på YouTube er det mange som meiner at hinta som kjem fram peiker på Morten Harket. Fleire meiner mellom anna at kostymet avslører han.

På fansida a-ha-live.com trekker dei fram fleire andre hint som også passar til vokalisten i a-ha. Eit av dei er «King`s Rock», eller Kongsberg som er byen Harket er fødd i.

Eit anna er at han i verkelegheita har ei anna type rustning. Fansida påpeiker at Harket er slått til riddar av Den Kongelege Norske St. Olavs Orden.

«Songbird» skal også vere ein av favorittlåtane til Harket.

Morten Harket ved sidan av vikingen i den britiske utgåva av Maskorama

Morten Harket ved sidan av Vikingen i den britiske utgåva av Maskorama.

Foto: NRK/ITV

Sanninga kan kome i helga

I helga står Vikingen igjen på scena under The Masked Singer. Han er ein av ti deltakarar som er att, så då står det berre att å sjå om det er Vikingen som må ta av seg maska.

Tomine Harket hadde aldri trudd at faren kunne seie ja til å bli med på noko slikt.

– For det er veldig lite han å gjere, og det er sporty. Om det ikkje er han, er det sjukt.

Kulturstrøm

  • Gustav Klimts siste maleri solgt på auksjon

    Maleriet «Portrait of Miss Lieser» av den østerrikske kunstneren Gustav Klimt ble solgt på auksjon i Wien for 30 millioner euro, som tilsvarer rundt 350 millioner kroner.

    Klimt startet på portrettet i 1917, og det skulle bli hans siste maleri før han døde året etter. Han fikk aldri gjort det helt ferdig.

    Maleriet var savnet i nesten 100 år før det dukket opp på auksjonshuset i Wien tidligere i år, skriver BBC.

    Det har vært flere debatter om hvem kvinnen på bildet er, og hva som skjedde med bilde under 2. verdenskrig.

    Auksjonsleder Michael Kovacek, co-administrerende direktør for Kinsky Auction House taler ved siden av Claudia Moerth-Gasser, Klimt Expert, i begynnelsen av en auksjon for den østerrikske kunstneren Gustav Klimts portrett ble auksjonert ut.
    Foto: Reuters
  • Begravelses-musikal basert på Løvlands sanger.

    I september kommer begravelses-musikalen «You Raise me up» på Lillestrøm kultursenter, i samarbeid med komponist Rolf Løvland, skriver de i en pressemelding.

    Musikalen er en romantisk dramakomedie som utspiller seg i et begravelsesbyrå. Lisa Stokke og Øyvind Boye Løvold spiller hovedrollene.