Hopp til innhold

Beverly Hills-skodespelaren Luke Perry er død

Den amerikanske skodespelaren Luke Perry er død etter at han fekk slag i førre veke. Perry var kjent frå fleire TV-seriar som «Beverly Hills 90210» og «Riverdale».

Luke Perry

Luke Perry blei verdskjent for rolla som rebellen Dylan McKay i TV-serien «Beverly Hills 90210». Han blei sendt til sjukehus etter at han fekk slag i førre veke. Måndag døydde han av skadane. Han blei 52 år.

Foto: VALERIE MACON / AFP

Luke Perry fekk slag og blei sendt til sjukehus onsdag i førre veke. Måndag morgon døydde han på grunn av skadane, melder TMZ.

Han blei 52 år.

Ifølgje nettstaden hadde han dei aller næraste rundt seg då han døydde. Ein representant for familien seier dei glade for den støtta folk har vist dei siste dagane, men at dei ikkje ønsker å dele fleire detaljar rundt dødsfallet på dette tidspunktet.

Tenåringsidol

Perry er mest kjent for rolla som Dylan McKay i TV-serien «Beverly Hills 90210». Serien gjekk i ti sesongar i perioden 1990–2000. Serien fekk merksemd for å ta opp tema som aids, alkoholisme, lærevanskar og valdtekt.

Serien fekk også ein avleggar med «Melrose Place», og var også malen for seinare ungdomsseriar som «Dawson's Creek» og «The O.C», skriv Washington Post.

Skuespillere fra Beverly Hills 90210

Luke Perry (t.h.) slo igjennom i rolla som Dylan McKay i TV-serien «Beverly Hills 90210» på 1990-talet. Der spelte han blant anna mot Jason Priestley (t.v.), som spelte Brandon Walsh, og Shannen Doherty, som spelte Brenda Walsh.

Foto: CAMERAPRESS / NTB scanpix

I åra etter «Beverly Hills 90210» har Perry spelt i ei rekke filmar og TV-seriar, blant anna HBO-serien «Oz – livet bak murene» og «Jeremiah». Dei siste åra har han spelt i ungdomsserien «Riverdale».

Han har også ei rolle i den komande Quentin Tarantino-filmen «Once Upon a Time In Hollywood» om Charles Manson.

Relansering av Beverly Hills

Perry var ikkje på rollelista då serien blei relansert under namnet «90210» i perioden 2008 til 2013.

Og same dag som han blei lagt inn på sjukehus, kom meldinga om serien skulle få ei ny relansering med neste alle dei originale skodespelarane. Men også denne gongen utan Luke Perry på rollelista, skriv USA Today.

Grunnen til at han ikkje skulle vere med denne gongen, er at han var travelt oppteken med å spele inn nye episodar av «Riverdale». Men det var likevel snakk om at han kunne dukke opp i gjesteroller, skriv TMZ.

Produsentane av «Riverdale» har no sett innspelinga på vent etter dødsfallet, skriv The Hollywood Reporter.

– Luke var ein omsorgsfull, ein fullkomen profesjonell med eit stort hjarte og ein sann venn for alle. Han var ein farsfigur og mentor for dei unge skodespelarane i serien. Han var utruleg sjenerøs og spreidde kjærleik og godheit på settet. Våre tankar går til familien hans i denne vanskelege tida, seier dei til nettstaden.

Luke Perry og Alyson Hannigan

I tillegg til TV og film, spelte Luke Perry også teater. I 2004 spelte han og Alyson Hannigan i sceneversjonen av den romantiske komedien «When Harry Met Sally» i London.

Foto: ALASTAIR GRANT / AP

Uansett kjem Luke Perry for alltid til å bli hugsa for rolla han gjorde i den originale serien frå 1990-talet. Og det var han også klar over sjølv, fortalde han til nyheitsbyrået United Press International i 2008.

– Eg kjem til å bli kopla til han til eg døyr, men det er faktisk heilt greitt. Eg laga Dylan McKay. Han er min.

Kulturstrøm

  • Gustav Klimts siste maleri solgt på auksjon

    Maleriet «Portrait of Miss Lieser» av den østerrikske kunstneren Gustav Klimt ble solgt på auksjon i Wien for 30 millioner euro, som tilsvarer rundt 350 millioner kroner.

    Klimt startet på portrettet i 1917, og det skulle bli hans siste maleri før han døde året etter. Han fikk aldri gjort det helt ferdig.

    Maleriet var savnet i nesten 100 år før det dukket opp på auksjonshuset i Wien tidligere i år, skriver BBC.

    Det har vært flere debatter om hvem kvinnen på bildet er, og hva som skjedde med bilde under 2. verdenskrig.

    Auksjonsleder Michael Kovacek, co-administrerende direktør for Kinsky Auction House taler ved siden av Claudia Moerth-Gasser, Klimt Expert, i begynnelsen av en auksjon for den østerrikske kunstneren Gustav Klimts portrett ble auksjonert ut.
    Foto: Reuters
  • Begravelses-musikal basert på Løvlands sanger.

    I september kommer begravelses-musikalen «You Raise me up» på Lillestrøm kultursenter, i samarbeid med komponist Rolf Løvland, skriver de i en pressemelding.

    Musikalen er en romantisk dramakomedie som utspiller seg i et begravelsesbyrå. Lisa Stokke og Øyvind Boye Løvold spiller hovedrollene.