Hopp til innhold

Tiårets beste kinobesøk

Du trudde kanskje kinoen var død? Bransjen sjølv er ikkje einig. – Berre Oslo treng 25 til 30 kinosalar for å dekke kinobehovet, hevdar SF Kino. Hittil har 2016 vore det beste kinoåret her i landet på ti år.

Deapool

Superheltfilmen Deadpool har dradd folk til kinosalane. 4,2 millionar nordmenn har så langt i år løyst kinobillett.

Foto: 20th Century Fox

Dei fire fyrste månadane i 2016 er det selt 4,2 millionar kinobillettar her i landet. Det er store blockbusterar, som superheltfilmen Deadpool, som drar nordmenn til kinosalane. Det er ti år sidan liknande besøkstal i fyrste kvartal.

Ivar Halstvedt

Ivar Halstvedt i SF kino meiner kinobehovet til nordmenn er umetteleg.

Foto: www.jonasnoren.se / SF Kino

– Filminteressa i Norge, og dette veit vi, er sterkare enn i veldig mange andre nordiske og europeiske land. Målet vårt er å bygge fleire kinoar og kanskje også overta fleire kinoar frå dei som driv kino i dag, seier Ivar Halstvedt.

Han er administrerande direktør i SF Kino og ser optimistisk på framtida. Berre for hovudstaden har dei store planar.

– Etter våre vurderingar manglar Oslo mellom 25 og 30 kinosalar samanlikna med befolkningsgrunnlaget.

14 filmar med besøk over 100 000 så langt i 2016

Film

Besøk

Deadpool

311 544

Birkebeinerne

266 901

The Revenant

236 084

Alvin og gjengen: I farta

222 809

Batman v Superman: Dawn og Justice

221 299

Zootropolis

208 258

Jungelboken

201 197

Solan og Ludvig - Herfra til Flåklypa

194 102

Kung Fu Panda 3

168 185

Mannen fra Snåsa

167 975

Star Wars: The Force Awakens

160 802

Den gode dinosaur

160 133

The Hateful Eight

140 296

En mann ved navn Ove

103 671

Ekspander/minimer faktaboks

Store utbyggingsplanar

Ved sidan av ein diger byggeplass på Storo, nord i Oslo, blir det bygd nye bustader. Og om eit par år opnar dørene til det som skal bli den største kinoen i landet: 11 salar og 2000 seter i ein by som allereie har over 10 andre kinoar.

Det er SF Kino AS som bygger. Selskapet eig 27 prosent av norske kinoar og i 2014 hadde dei eit årsresultat på over 22 millionar kroner. Halstvedt i SF Kino meiner kinobehovet til nordmenn er umetteleg.

– Korleis kan de vere sikre på at kino er det som er riktig når det finnast så mange andre tilbod?

– Kino har overlevd absolutt alle andre konkurrerande medium. Det er ingenting som har drepe kinoen eller redusert interessa for å gå på kino.

Verdstrend

Ulrik Eriksen er filmkritikar i Morgenbladet og skriv eigen blogg om billettsal på norske kinoar. Han har ein klar teori om kvifor folk framleis gidd å gå på kino:

– Kinoen tilbyr ei sone som det er mindre av i vår tid. Merksemda di blir leia mot eitt kulturprodukt og ein blir bedt om å skru av mobiltelefonen. Ein sit i mørket og ser på ein skjerm, i ei tid der vi får mykje input overalt. Difor kan nok ei slik ramme vere meir og meir attraktiv.

Trenden i Norge speglar også trenden i resten av verda. I fjor var det omsetningsrekord i kinobillettar på verdsbasis.

– Kino står veldig sterkt. Oppskrifta Hollywood har brukt for å møte utviklinga har vore ganske riktig, meiner Eriksen.

Kulturstrøm

  • Céline Dion gjør comeback i OLs åpningsseremoni

    Arrangørene av sommer-OL i Paris bekreftet fredag at den canadiske artisten Céline Dion skal opptre under åpningsseremonien.

    Arrangørene har tidligere hintet om at den internasjonale popdronningen skulle opptre, men først fredag kveld ble det offisielt bekreftet, melder CNN.

    Céline Dion slutter seg dermed til Lady Gaga og den fransk-maliske artisten Aya Nakamura på scenen. Hun forventes å synge «L'Hymne à L'amour» – en hyllest til den franske legenden Edith Piaf.

    55-åringen måtte tidligere i år avlyse sin verdensturné fordi hun er rammet av sykdommen «stiff person syndrome», en svært sjelden, nevrologisk sykdom.

    Opptredenen i Paris er Dions første siden hun fikk diagnosen.

    (©NTB)

    Celine Dion begins world tour in her hometown
    Foto: ALICE CHICHE / AFP
  • Sendes på hemmelig oppdrag

    – Regissør Guy Ritchie er tydelig inspirert av klassiske «men-on-a-mission»-filmer. (...) Hans «The Ministry of Ungentlemanly Warfare» er løst basert på sanne figurer og hendelser under andre verdenskrig, men Ritchie behandler historien som en enkel machofantasi med tvilsom logikk og glimt i øyet, skriver filmkritiker Birger Vestmo.