Hot Seven, 1958 (Lars-Helge til høgre)
Erik si framtid var fastlagt. Han var odelsgut. Men det stoppa han ikkje i å drøyme om eit liv som kunstnar. Han var talentfull både som musikar og teiknar.
Lars-Helge (v) og Kjell Ole, 1948
For Alf låg framtida open. Men han hadde likevel ingen framtidsplanar eller ambisjonar. Han gjekk pliktskyldig på gymnas og lærarskule utan særleg entusiasme. Og trass i at han var ein talentfull sangar, måtte han overtalast for å ta sangutdanning på Musikkonservatoriet i Oslo.
Brødrene Brothers, 1959 Lars-Helge (v). Alf (h)
Kjell-Ole derimot begynte i arbeid rett etter folkeskulen. Men kva slags framtid drøymde han om?
Lars-Helge hadde vage og hemmelege kunstnardraumar, men trudde som alle tenåringar på 50-talet at framtida skulle kome og hente han og at eit eller anna berre skulle dukke opp.
Lars-Helge på amatørkonkurranse, 1957
For sanninga er vel at ingen av dei visste kva dei eigentleg ville med liva sine. Dei berre lengta etter noko anna. Dei visste ikkje kvar dei skulle, berre kva dei skulle bort frå.
Men var det sånn at ungdomar på 50-talet berre dilta etter forventningane rundt seg og let seg styre av tilfeldigheitene? Var dei uskuldige offer for det naive femtitalet med framtidsoptimisme, planøkonomi og sikker tru på velferdsstatens framvekst? Ei tid då ein trudde alt berre ordna seg etter kvart?
Eller var dei berre som ungdomar flest – den gongen som no?
Alf som rocke-sangar, 1958
Summa Summarum
Livsrekneskap for nokolunde nøgde menn over 60
Av Lars-Helge Myklebust
Teknisk regi: Geir Hauger
Konsulent: Berit Hedemann
Vert sendt i NRK P2 laurdag 4. oktober klokka 10.05
og søndag 5. oktober klokka 19.30