Brynjulf Jung Tjønn
Eg kom for å elske
Samlaget 2002
Brynjulf Jung Tjønn skriv vakkert, seier Ragnhild Vik Nilsen
Brynjulf Jung Tjønn er ute på tynn is når han i ei bok på under hundre sider tek føre seg ein død bror, ein far som forlet familien, ei mor som ikkje et og som visar seg å vere lesbisk og ei jente med sjølvdestruktiv framferd.
"Enno ei bok om familiekrise og småbrør som døyr", tenkjer du kanskje. For det har vore ein del av det i det siste. Den litterære trenden er å skrive om familien og dei nære ting.
"Eg kom for å elske" er Brynjulf Jung Tjønns litterære debut i tradisjonell forstand, men 23-åringen har tidlegare publisert tekstar på nettet og i Cappelens antologi "Signaler". Han er dessutan student, redaktør i nettforlaget Jung Forlag og journalist. Det er altså mogeleg å skrive bøker sjølv om du har tusen andre ting å gjere, i alle fall for forfattaren av denne kortromanen.
Historia vert fortald av ei ung jente som oppdagar mora i seng med ei anna kvinne. Ved hjelp av korte tekstbitar får vi også innblikk i den tragiske historia om broren som døyr og faren som dreg sin veg. Men her er og glimt av lukke, gjerne knytta til tida før alt det vonde og til venninna Oda. Alt dette må vi pusle saman sjølve, for tekstane følgjer ikkje kronologisk. Det gjer det meir spanande for lesaren, utan at det vert uforståeleg.
Det som imponerer mest med denne debuten er det vakre språket og dei nyskapande bileta. Eg kan nemne julepresangane som vert liggjande uopna under det døyande juletreet og broren som vert fødd med to fingrar ekstra og får dei operert bort, men som likevel spelar piano som om han hadde fleire fingrar enn andre menneske.
Tjønn unngår på glimrande vis alle klisjear og alt kjenslevart kliss. Dette er ein prestasjon det står respekt av, særleg sidan han tek føre seg tema som vanlegvis dryp av oppbrukte bilete. "Eg kom for å elske" vert aldri sentimental, berre sterk og fin.
Det er ei trist bok, men likevel ikkje deprimerande. For mest av alt handlar det om korleis livet berre held fram, trass i alle vonde ting som skjer.
Ragnhild Vik Nilsen