Steffen Kverneland er festspeldiktar i 2023
Det er historisk når ein teikneserieskapar blir festspeldiktar på Dei litterære festspela i Bergen i mai. Steffen Kverneland tok kunstnarbiografien til eit nytt nivå i «Munch» (foto) i 2013, som han fekk Brageprisen for sakprosa for.
Seinare har Kverneland gitt ut den sjølvbiografiske teikneserieboka «Ein frivillig død», som er eit sårt portrett av far hans, som ikkje ville leve, og «Brillegeit», ei humoristisk sjølvbiografi.
Det er Norsk forfattarsentrum Vestland som vel festspeldiktar. Dei meiner at bøkene til Kverneland, med stort emosjonelt trykk og ein personleg stil, viser nye vegar for forteljarkunsten og kunstformidlinga.