Hopp til innhold

Sølvguttene syng jula inn ... no?

Jula er for lengst over, men Sølvguttene la denne veka ned ein solid innsats for neste sesongs julestemning. Sjå glimt frå opptaka til julekonserten 2011!

Sølvguttene

Sølvguttene har sunge jula inn sidan 1965.

Foto: Erik Dyrhaug

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Sølvguttene starta sitt travle juleprogram allereie 25. november, og fram til julaftan heldt koret meir enn 50 julekonsertar. Etter den faste romjulspausen sette koret mandag i gang opptaka til årets julekonsert.

Video Prøveopptak med Sølvguttene

Sølvguttene syng Andrew Lloyd Webbers «Pie Jesu». Solistar er Marcus Dawson, Nils Petter Edvinson, Henrik Enger Holm og Ludvig Lohne Otterstad.

Slitne gutar

Fredrik Otterstad har dirigert samtlige konsertar i jula, medan gutane i koret vekslar på å vere med. Dei yngste i koret, som er berre seks år gamle, er med på nokre få konsertar den første sesongen. Likevel vert gutane slitnare enn elles i året:

– Vanlegvis er det masse liv og skravling på vegen heim etter konserten, seier dirigenten.

– Etter konsertane i desember er det derimot ikkje uvanleg at mange av gutane sovnar i bussen.

Les: Sølvguttene fyller 70 år

Lang tradisjon

«Sølvguttene synger julen inn» er mellom NRKs mest populære tradisjonar, og starta så langt tilbake som i 1965. Dirigent Fredrik Otterstad var med på sin første julekonsert som sølvgutt i 1983, og kan ikkje huske anna enn at konserten har vorte spelt inn i januar.

– Det er ei veldig praktisk ordning for oss i koret, seier Fredrik Otterstad.

– Førjulstida er frykteleg travel for oss, og det er betre å spele inn konserten no enn til dømes i oktober – no har vi jo sunge gjennom repertoaret mange gonger.

Sjå i nett-tv: Sølvguttene feirer 70 år

Kulturstrøm

  • Endrar på Taylor Swift-billettar i Sverige

    Ticketmaster gjer endringar på billettane som er selde til konsertane Taylor Swift skal halde i Stockholm neste veke, melder Expressen.

    Dei rundt 200.000 selde billettane var personlege. Det vil seie at den som kjøpte billettane, også var den som måtte bruke dei i dåra.

    Ordninga fekk kritikk, og no har Ticketmaster snudd.

    – Arrangøren har fjerna den tidlegare regelen for å gjere det enklare for fansen å bruke billettane sine, skriv dei ein e-post til kjøparane.

    Taylor Swift opptrer i en rosa paljettdrakt på Monumental stadium på Eras Tour-konserten i Buenos Aires i Argentina i november i 2023.
    Foto: Natacha Pisarenko / AP
  • Det kan bli streik under filmfestivalen i Cannes

    Ei veke før filmfestivalen i Cannes startar, kan det bli streik i filmbyen, skriv NTB,

    Rundt 100 personar, blant dei kinomaskinistar, billettseljarar og pressekontaktar, protesterer mot lønns- og arbeidsvilkår.

    Dei seier at dei ikkje ønsker å sette festivalen i fare, men få merksemd rundt spørsmål dei har prøvd å løfte fram i lang tid.