Hopp til innhold

SlinCraze

SlinCraze, eller Nils Rune Utsi som han eigentleg heiter, er noko for seg sjølv, han er den einaste som driv med sin sjanger, nemleg samisk rap.

SlinCraze
Foto: NRK

Når SlinCraze skal underhalde oss på laurdag er det med rapen "Rahkisvuohta lea artet", som han har laga sjølv. Den kan du allereie no høyre på musikkvideoen hans .

To i SlinCraze

Annbjørg Hætta fremfører "Mun dárbbašan du" Sámi Grand Prix 2004
Foto: NRK

Nils Rune kjem frå den lille bygda Maze i Kautokeino, der han nok er kjent for sin ganske spesielle musikksjanger. På laurdag skal femtenåringen ha med seg Annbjørg Hætta frå Kauokeino på scena. Ho skal for første gong tilpasse songstemme si til rap-musikken.

- Ho blei i 2004 nummer to i Sami Grand Prix, med låta ”Mun darbassan du”, som betyr ”eg treng deg”.

Givssideapmi

Og det var nok på grunn av hans ganske spesielle sjanger at femtenåringen fekk underhalde som pauseinnslag på Sami Grand Prix i 2005.

Då han sto på scena under Sami Grand Prix rapa han sin eigen song som heiter ”Givssideapmi”, som betyr ”mobbing”. Teksten handla om Nils Rune sine eigne opplevingar gjennom fleire år på ungdomsskolen.

By:Larm

Då han rapa på Sami Grand Prix var det mange som fekk auga opp for ungguten. Daleg leiar i By:Larm Erlend Mogård Larssen såg femtenåringen og ville han han som artist på by:Larm.

- Då var eg årets yngste deltakar.

Kva vil du bruke pengane du vinn til?

- Investere i eit studio.

På gøy med SlinCraze:

Er det noko du absolutt ikkje klarer?

Begge: - Koke kaffi!

Kva slags Disneyfigur ville du helst vore?

Nils Rune: - Langbein

Annbjørg: - Ariel, den lille havfrua.

 

Kulturstrøm

  • Gérard Depardieu stilles for retten i overgrepssak i oktober

    Skuespilleren Gérard Depardieu anklages for seksuelle overgrep og stilles for retten i oktober, opplyser fransk påtalemyndighet.

    Depardieu ble mandag løslatt etter å ha blitt avhørt om angivelige seksuelle overgrep, opplyser skuespillerens advokat. Skuespilleren nekter selv for å ha gjort noe galt.

  • ABBA-Benny lagar jinglar til svensk P2

    ABBA-veteranen Benny Andersson har komponert lydlogoar til den svenske radiokanalen P2, melder Sveriges Radio.

    – Eg har laga 37 forskjellige forslag for å sjå om hansken passa, seier komponisten og musikaren til kanalen.

    Jinglane er spelt inn saman med Sveriges Radios Symfoniorkester, og Andersson er sjølv med på piano.

    Dei nye lydsnuttane blei tekne i bruk måndag.

    Benny Andersson
    Foto: Alberto Pezzali / AP