Hopp til innhold

Slik unngår du myggen

Lei av i bli bitt opp om sommaren? Slik unngår du den.

Mygg
Foto: Colourbox.com

- Myggen lukter deg, den kjenner varmen din og den ser deg, fortel kjemiprofessor Svein Stølen.

Unngå å bli bitt

Kjemiprofessoren fortel at du må gjere livet ditt litt annleis om du vil unngå å bli bitt.

- Beveg deg lite, vask deg ofte, gå med lyse klede og ikkje et salt mat, for då produserer du mykje meir mjølkesyre.

Myggstikk
Foto: colourbox.com / colourbox.com

HØR: Sommerkjemi: Mygg

Produser lite

For det er to ting myggen legg merke til ved deg.

- Den merkar CO2 som du pustar ut og den merkar mjølkesyre.

Og det er då du bør tenkje på kor mykje av dette du produserer.

Myggstift

Mygg
Foto: Løchen, Per / SCANPIX

Det fins ein del produkt som det er mogeleg å bruke for å unngå myggen.

- Dette er ein illeluktande stift som inneheld eit kjemisk stoff som er forkorta med DEET. Det blokkerar evna myggen har til å lukte deg. Då svirrar den rundt og sett seg ikkje ned og bit deg.

Men endå det ikkje akkurat luktar godt av myggstift så meinar kjemiprofessoren at ein har to val.

- Valet er å anten lukte litt eller bli bitt.

Og då er kanskje ikkje valet så vanskeleg...

Les og

Gode råd mot myggen

Kjerringråd mot mygg

Kulturstrøm

  • «Victoria må dø» vant publikumspris

    Den norske filmen «Victoria må dø» vant publikumsprisen under årets Barnefilmfestival i Kristiansand.

    «Mounted Games» av Karen Houge vant årets pitchekonkurranse og «Smerteterskel» stakk av med prisen for beste kortfilm.

    Festivalsjef Cathrine Sordal forteller i en pressemelding at det har blitt vist 83 filmer fra 42 land under årets festival.

    Barnefilmfestivalen har i år delt ut 10 ulike filmpriser.

  • Aaron Sorkin skriv «The Social Network»-oppfølgar

    Aaron Sorkin held på med eit manus til det han kallar «ein slags The Social Network-oppfølgar», fordi han meiner Facebook har skulda for storminga av Kongressen i USA 6. januar 2021.

    Det sa Sorkin under ei direktesending av podkasten «The Town». Han vil derimot ikkje seia kvifor han meiner Facebook står bak storminga.

    Sorkin fekk ein Oscar for manuset til dramafilmen The Social Network frå 2010, regissert av David Fincher. Filmen tek for seg oppstarten av Facebook.

    Sorkin har tidlegare sagt at han ønsker å skriva ein oppfølgar som utforskar «den mørke sida» av Facebook, særleg dersom Fincher vil regissere.

    Aaron Sorkin
    Foto: GARY HERSHORN / Reuters