Hopp til innhold

Slik held pianoesset hendene mjuke

Her demonstrerer eit av verdas største pianotalent, Daniil Trifonov (22), ein av sine teknikkar for å halde hendene mjuke til sin norske konsertdebut.

Daniil Trifonov demonstrerer ei av sine øvingar for å halde fingrane og hendene sine mjuke.

Daniil Trifonov har mange metodar for å trene og ta vare på hendene. Ein av dei andre er å øve med hendene under vatn – rett nok utan piano! (Foto/redigering: Fred Olav Vatne)

Pianistlegenda Martha Argerich har uttalt at han har alt og meir til, og at ho aldri har høyrt noko liknande. Den britiske journalisten Norman Lebrecht skreiv om pianospel frå ein annan planet, medan Eystein Sandvik i NRK Kulturnytt nyleg kalla han ein heilt utruleg pianist.

Russiske Daniil Trifonov har fått ekspertane til å sperre auge og øyre vidare opp enn knapt nokon annan ung pianist i verda dei siste åra. Denne veka held han konsertar med Oslo-Filharmonien i Oslo og Lillehammer.

Du kan høyre konserten i NRK P2 torsdag kveld kl. 19.30 eller i NRKs nettradio.

Mjukar opp etter mange timar øving

Etter å ha demonstrert fingerbrekkande ferdigheiter under prøvene med orkesteret, møter 22-åringen NRK i ein tom konsertsal i Oslo Konserthus nokre timar før sin første konsert i Noreg.

– Når ein øver mange timar i strekk, oppstår det spenningar i hendene, forklarar Trifonov etter å vist meg korleis han spelar liggande på pianokrakken.

– Eg var interessert i yoga og ulike teknikkar for utstrekking, og ein dag slo det meg: kvifor ikkje tøye ut medan eg spelar? Etter til dømes fem timar med vanleg øving er det godt å få strekkje ut hender og fingrar på denne måten. Men dette er berre ein av mange metodar eg brukar for å få tilbake fleksibiliteten i fingrane.

Daniil Trifonov

Daniil Trifonov i meir normal positur under øving med Oslo-Filharmonien.

Foto: Fred Olav Vatne / NRK

Må vere svært merksam overfor kroppen

Denne veka spelar Trifonov i Noreg; neste veke held han konsertar i Italia, Frankrike og Tyskland. Mellom øving og konsertar komponerer han eigen musikk: no om dagen jobbar han med orkestrering av sin nye pianokonsert, som i april skal verte urframført i Cleveland i USA, der han har budd dei siste åra.

– Med eit så krevjande program må ein må vere svært merksam overfor kroppen og ta godt vare på den, seier han.

Daniil Trifonov

Daniil Trifonov vart fødd i den russiske byen Nizjnij Novgorod like før Sovjetunionens fall.

Foto: Fred Olav Vatne / NRK

Daniil Trifonov vart fødd og budde dei første ni åra av sitt liv i den russiske byen Nizjnij Novgorod, førti mil aust for Moskva. Mora var musikklærar og faren komponist, og Daniils musikkinteresse tok av for alvor etter eit møte med farens trommemaskin TOM:

– Det instrumentet fengsla meg verkeleg med sine evner til å skape ulike lydar og fargar. Eg byrja å eksperimentere med det sjølv i femårsalderen.

– Det er mykje nostalgi i denne musikken

Som gut hadde Daniil Trifonov komponistar som sine største heltar. Mozart var den første, og som 11-åring vart han hekta på musikken til landsmannen Aleksandr Skrjabin. Sergei Rakhmaninov har han først spelt musikk av dei siste tre åra.

– Det er mykje nostalgi i denne musikken, seier Trifonov om Rakhmaninovs Rapsodi over eit tema av Paganini, som han spelar på konsertane denne veka. Komponisten hadde ikkje sett heimlandet på mange år då han skreiv verket i Sveits i 1934. Den utflytta pianisten kjenner seg att i landsmannens heimlengsel:

– Som barn brukte eg ofte å besøke besteforeldra mine på landet. Dei budde i eit vakkert område av Russland med fine landskap og nydelege kyrkjer. Eg skulle ønske eg kunne dra dit snart – den atmosfæren er enormt fruktbar for å forstå musikken til Rakhmaninov.

Daniil Trifonov spelar med Oslo-Filharmonien i Oslo Konserthus onsdag 8. januar kl. 19.30 og på Maihaugen på Lillehammer fredag 10. januar kl. 18.00. Du kan høyre konserten frå Oslo Konserthus i NRK P2 torsdag 11. januar kl. 19.30.

Kulturstrøm

  • Gérard Depardieu stilles for retten i overgrepssak i oktober

    Skuespilleren Gérard Depardieu anklages for seksuelle overgrep og stilles for retten i oktober, opplyser fransk påtalemyndighet.

    Depardieu ble mandag løslatt etter å ha blitt avhørt om angivelige seksuelle overgrep, opplyser skuespillerens advokat. Skuespilleren nekter selv for å ha gjort noe galt.

  • ABBA-Benny lagar jinglar til svensk P2

    ABBA-veteranen Benny Andersson har komponert lydlogoar til den svenske radiokanalen P2, melder Sveriges Radio.

    – Eg har laga 37 forskjellige forslag for å sjå om hansken passa, seier komponisten og musikaren til kanalen.

    Jinglane er spelt inn saman med Sveriges Radios Symfoniorkester, og Andersson er sjølv med på piano.

    Dei nye lydsnuttane blei tekne i bruk måndag.

    Benny Andersson
    Foto: Alberto Pezzali / AP