Hopp til innhold

Skal leie ny storsatsing

Åtte laurdagar i haust skal Stian Barsnes Simonsen teste menneskekunnskapane og fordommane til kjente nordmenn.

Stian Barsnes-Simonsen
Foto: Ekroll, Anne Liv / Anne Liv Ekroll, NRK

Til hausten skal Stian Barsnes Simonsen leie det nye underhaldingsprogrammet «De ukjente» på NRK1 på laurdagskvelden.

I åtte program skal det unge programleiartalentet, som nyleg blei tidenes yngste vinnar av Riksmålsforbundets mediepris, utfordre kjente menneske til å teste menneskekunnskapar og daglegdagse fordommar om ulike yrkesgrupper.

- Eg er audmjuk og stolt over å få leie haustens store laurdagssatsing, seier ein glad Barsnes Simonsen.

Underhalding om fordommar

I «De ukjente» skal to kjendislag gjette kva yrker eit utval menneske har. Mange av dei vil segle under falsk flagg, og deltakarane må gå langt for å syne kor overbeviste dei er om at dei gjettar riktig.

Programmet er inspirert av NRKs største sjåarsuksessar, mellom anna programmet Hodejegerne som blei leia av Tande-P.

- Vi har sett tilbake på NRKs beste konsept frå tidlegare, samla dei gode ideane, og gjort det veldig 2009. Hodejegerne er ein inspirasjon, men dette blir definitivt nytt og sprekt, seier prosjektleiar Stig Karlsen.

Han seier at underhaldingsprogrammet skal treffe heile familien.

- Det blir større spaning, større konsekvensar for deltakarane, og ikkje berre ein gjetteleik. Programmet handlar om korleis vi alle møter og førehandsdømmer andre menneske, noko alle kan kjenne seg att i.

- Fantastisk flink

Karlsen meiner Barsnes Simonsen er meir enn klar for å leie underhaldingsflaggskipet til NRK.

- Stian er ein fantastisk god programleiar, og har ei super formidlingsevne til både unge og vaksne. Dette er eit naturleg steg for han no, når ein ser på kvalitetane han har synt fram dei siste åra.

Og ambisjonane er heilt klart å vinne laurdagskvelden.

- Det er litt tidleg å seie kven konkurrentane blir, det får vi komme attende til. Men vi ønskjer å samle heile landet framfor skjermen, og har stor tru på suksess!, avsluttar Karlsen.

Kulturstrøm

  • «Victoria må dø» vant publikumspris

    Den norske filmen «Victoria må dø» vant publikumsprisen under årets Barnefilmfestival i Kristiansand.

    «Mounted Games» av Karen Houge vant årets pitchekonkurranse og «Smerteterskel» stakk av med prisen for beste kortfilm.

    Festivalsjef Cathrine Sordal forteller i en pressemelding at det har blitt vist 83 filmer fra 42 land under årets festival.

    Barnefilmfestivalen har i år delt ut 10 ulike filmpriser.

  • Aaron Sorkin skriv «The Social Network»-oppfølgar

    Aaron Sorkin held på med eit manus til det han kallar «ein slags The Social Network-oppfølgar», fordi han meiner Facebook har skulda for storminga av Kongressen i USA 6. januar 2021.

    Det sa Sorkin under ei direktesending av podkasten «The Town». Han vil derimot ikkje seia kvifor han meiner Facebook står bak storminga.

    Sorkin fekk ein Oscar for manuset til dramafilmen The Social Network frå 2010, regissert av David Fincher. Filmen tek for seg oppstarten av Facebook.

    Sorkin har tidlegare sagt at han ønsker å skriva ein oppfølgar som utforskar «den mørke sida» av Facebook, særleg dersom Fincher vil regissere.

    Aaron Sorkin
    Foto: GARY HERSHORN / Reuters