Hopp til innhold

Sjå dei første bileta frå 22. juli-filminnspelinga

I ein politiliknande uniform vandrar skodespelar Anders Danielsen Lie rundt på Håøya i Nøtterøy kommune mellom filmopptaka.

HÅØYA: På ei øy i Nøtterøy kommune, som liknar Utøya, er innspelinga av filmen om 22. juli i gang. FOTO: JOHN-ANDRÉ SAMUELSEN

Den elles så fredelege Håøya i Vestfold er i desse dagar forvandla til Utøya og er full av filmfolk. Regissør Paul Greengrass og resten av filmcrewet er i gang med opptak til 22. juli-filmen, som er basert på Åsne Seierstad si bok «En av oss».

Denne veka blei det kjent at skodespelar Anders Danielsen Lie skal spele Anders Behring Breivik i 22. juli filmen, som er produsert av Netflix.

Tysdag var dei i gang med å gjenskape beredskapstroppen si båtferd til Utøya. Ein liten ribb er fullasta med skodespelarar utkledd som politi.

Filmen skal følgje tre historier. Den første handlar om dei overlevande etter åtaket og deira forsøk på å kome tilbake til det vanlege livet. Den andre historia handlar om Norges politiske leiarskap og korleis dei styrte landet gjennom krisa. Den siste historia tek for seg advokatane som følgde terroristen gjennom rettssaka.

Filmar at politiet stormar Utøya-huset

Utøya-film-innspilling

FILMINNSPELING: Her filmar dei scena der politiet stormar Utøya-huset.

Foto: John-André Samuelsen

På Håøya er det eit kvitt hus som er til forveksling likt hovudhuset på Utøya. Det har blitt skrevet Utøya på huset på Håøya. Tysdag spelte dei også inn ei scene der politiet sakte men sikkert nærmar seg Utøya-huset og til slutt stormar det.

Filmskaparane hadde to dagar med opptak på Håøya i Nøtterøy. Onsdag starta opptak på Malmøya i Larvik kommune, der dei skal vere i tre dagar å filme.

Kulturstrøm

  • Deler av Twitters kildekode lekket på nettet

    Utdrag av Twitters kildekode har blitt lekket på nettet, og det Elon Musk-eide selskapet leter nå etter den ansvarlige.

    Ifølge et rettsdokument ble deler av kildekoden lagt ut på den Microsoft-eide plattformen Github. Den brukes for deling av kode for programvareutvikling.

    Det skriver The New York Times.

    Kildekoden ble postet av en bruker som kalte seg «FreeSpeechEnthusiast». Ifølge Github ble koden fjernet fredag på forespørsel fra Twitter.

    Nå har Twitter bedt en domstol i California om å gi informasjon som kan identifisere personen bak «FreeSpeechEnthusiast», ifølge dokumentet som ble levert domstolen 24. mars.

    Github har ikke svart på Reuters' spørsmål om hvorvidt de har gitt Twitter denne informasjonen. Twitter har heller ikke svart på en forespørsel om kommentar. (NTB)