Hopp til innhold

Sjå bilane du ikkje skal sjå

Arne Selmer var på ferie på bana Nürburgring i Tyskland i påska. Plutseleg kom det mange bilar på bana, bilar som nesten ingen tidlegare har sett. Heldigvis hadde han med seg videokamera.

Kamuflert Mercedes
Foto: Arne Selmer / NRK

NETT-TV: Dei nye bilane snikfilma på bana.

NETT-TV: Sjå bilar snurre og kjøre av bana.

På Nürburgring (die Nordschleife) i Tyskland får alle som vil tatt med seg bilen sin ut for å strekke på beina.

- Denne bana blir på folkemunn kalla "the ring", eller "Ringen" på godt norsk, fortel Arne Selmer som var på ferietur på Ringen i påska.

På Ringen kan du for eksempel stå og sjå på andre som kjører eller du kan kjøre deg ein liten tur sjølv. Du kan til og med bestille deg ein "taxitur" rundt på bana.

 

Porsche med fire dører
Foto: Arne Selmer / NRK

Ganske stor

Det er nok feil å kalle det ein "liten tur" når det gjeld denne bana, den er nemleg heile 21 km lang, eller 20,8 km for å vere heilt nøyaktig.

Då Arne Selmer tok med seg bilen sin fekk han seg mange turar rundt på denne bana, det same gjorde og mange andre. For det er nok av folk som reiser til Nürburgring i påskeferien sin.

Kamuflerte bilar

Men det er ikkje berre privatfolk som brukar denne bana til å kjøre, men bilprodusentane er store brukarar av bana, og då må privatfolket halde seg på sidelinja.

 

Audi R8, med V10 motor
Foto: Arne Selmer / NRK

No i påska var for eksempel BMW, Mercedes, Porsche og Audi av dei som tok med nye modellar ut på bana.

Dei nye bilane hadde dei prøvd å kamuflere, og det var ikkje akkurat få av dei å sjå på bana. Men det var og andre nye bilar som ikkje var kamuflert. Arne Selmer trur dette kanskje kan ha noko med at det er gamle modellar som har fått seg ny motor, og då treng dei ikkje kamuflere bilane.

Brann opp

Ein av dei nye bilane var nye Audi R8, og den versjonen som var å sjå på bana hadde ein V10 motor i seg! Dagen etter at Arne Selmer var på bana tok denne bilen fyr, og det gjorde nok ikkje til at produsentane smilte stort.

Kulturstrøm

  • Gustav Klimts siste maleri solgt på auksjon

    Maleriet «Portrait of Miss Lieser» av den østerrikske kunstneren Gustav Klimt ble solgt på auksjon i Wien for 30 millioner euro, som tilsvarer rundt 350 millioner kroner.

    Klimt startet på portrettet i 1917, og det skulle bli hans siste maleri før han døde året etter. Han fikk aldri gjort det helt ferdig.

    Maleriet var savnet i nesten 100 år før det dukket opp på auksjonshuset i Wien tidligere i år, skriver BBC.

    Det har vært flere debatter om hvem kvinnen på bildet er, og hva som skjedde med bilde under 2. verdenskrig.

    Auksjonsleder Michael Kovacek, co-administrerende direktør for Kinsky Auction House taler ved siden av Claudia Moerth-Gasser, Klimt Expert, i begynnelsen av en auksjon for den østerrikske kunstneren Gustav Klimts portrett ble auksjonert ut.
    Foto: Reuters