Hopp til innhold

Nærmar seg glansdagane

Etter fleire romanar som har blitt liggande halvlesne eller knapt nok det, er Irving tilbake med ein roman der han nærmar seg glansdagane.

John Irving

John Irving si roman «Siste natt i Twisted River» har noko av det gode, gamle ved seg, meiner anmeldar Marta Norheim.

Foto: Cook Neilson/Gyldendal forlag

Bellmans merkelege bjørnevise har kverna rundt under lesinga av Irvings nyaste roman «Siste natt i Twisted River»:

«Ack, döden är en faslig björn:
han kräver livet varje timma.»

Siste natt i Twisted River
Foto: Gyldendal forlag

Det overraskar neppe Irving-kjennarar, som vil vite at bjørnen er ein sentral figur i fleire tidlegare romanar; både ekte og innbilte bjørnar har store roller og slik er det denne gongen også.

Faste former

Det er i det heile tatt mykje gjenkjenneleg i denne romanen. Irving er blant dei forfattarane som har skapt seg sitt univers, sine karakterar og sine episke motorar som han turnerer med større og mindre hell. I denne romanen altså med større hell enn på lenge.

Det er ingenting gale i å køyre med kjente saker; problemet med Irving er eit anna: Han er ein teknisk briljant forfattar som maktar å lage intrikate reisverk og komplekse årsakskjeder.

Det startar gjerne med ei heilt tilfeldig hending som etterkvart får fatale konsekvensar. Gjennom dette reisverket slepper han så dei utvalte figurane, som altså kjem i skade for å hamne opp i noko som set årsakskjeda i gang. Slumpen samansverjer seg med lagnaden og steller i stand trøbbel nok for eit heilt liv og ein lang roman.

Irving-maskina

Og så er vi i gang. Problemet oppstår når Irving skrur på maskina og let den humpe og gå, utan å bry seg med å gje personane det minimum av liv dei må ha for at vi skal bry oss om dei og utan å gje intrigen det minimum av relevans den må ha for å få lesaren til å meine det er bryet verd å henge med.

Det kan mangle eit nærver, ein nerve, ein vilje til å fortelje noko, og då blir det intrikate reisverket berre trist. Særleg trist for dei av oss som har hatt store lesaropplevingar med romanane frå 70-80-talet, slike som «Garps bok», «Hotel New Hampshire» og «En bønn for Owen Meany».

To trekantar - to døde kvinner

«Siste natt i Twisted River»” har noko av det gode, gamle ved seg. Vi er i eit røft tømmerhoggarmiljø nord i USA, på grensa til Kanada. Her residerer den halte kokken og sonen hans på 12 år. Og bestevenen til kokken, Ketchum. Ketchum elskar fridomen, det vil seie den ekte, gamaldagse versjonen av denne i vår tid så forflata amerikanske grunnverdien. Han fløytar tømmer, vandrar rundt med hundar og våpen, forsvarer sine vener inntil døden, sjarmerer kvinner i senk og -skyt bjørnar.

«En björn har till vän och värd,
och bara björnar bo mig nära».

Ein gong for lenge sidan elska han den kvinna som var gift med kokken. Men Rosie kravde at dei to skulle vere vener og dette venskapet er sentralt gjennom heile romanen, sjølv om Rosie sjølv døyr i fylla i ei typisk irvingsk ulukke som Ketchum resten av livet meiner at han burde ha avverga.

Det som set i gang handlinga er likevel ein annan trekant: Kokken har eit hemmeleg forhold med den formidable Rødhud-Jane. Hemmeleg, fordi ho tilhøyrer den mest sjalu og hemngjerrige lensmannen i verdslitteraturen. Då den litt engstelege sonen til kokken høyrer lydar om natta og ser eit stort vesen med svart ragg i senga til far, tenkjer han straks ”bjørn” og gjer kort prosess. Det viste seg å vere Jane med utslått hår han drap med ei allereie mytologisk steikepanne.

«Sen vill jag ställa an min färd,
att bara björnar ska mig bära»

Danny og far må flykte, dei skifter adresser, namn og kvinner for å halde seg unna den hemngjerrige lensmannen, medan Ketchum held kontakten via telefon og etterkvart fax når han omsider lærer seg kunsten å skrive (tidlegare forsøk har stranda på at han forførte alle kvinner som prøvde å lære han kunsten).

Ein ekte helt

Så langt intrigen. Det som hevar denne romanen er ikkje denne i seg sjølv, men miljøskildringa frå tømmerfløytarmiljøet, som er skildra på ein raus og kjærleg måte midt i alt det bisarre som skjer. Ikkje minst gjeld dette Ketchum, som er ein slags mytisk forvaltar av gamle amerikanske dygder.

Han kombinerer ein djup trong til å vere fri med ei like sterk evne til å ta vare på vener som treng han. Han viser omsorg utan å gjere noko nummer ut av det, ros ville heilt sikkert gjort han ille til mote. Han tek ansvaret. Han fører eit røft og ramsalt språk, der tabuorda er talrike, fantasirike og sit laust. Han drikk meir og slåss betre enn alle, men det siste berre i forsvar. Det plagar han at han ikkje greier å skyte den hemngjerrige lensmannen først som sist, men det går rett og slett ikkje ettersom lensmannen aldri går til åtak på Ketchum. Og han møter bjørnen som likemann.

«Kom björnar, kom i tripp och trav!»

Ketchum er rett og slett noko så sjeldan som ein helt, ja han er noko endå sjeldnare, ein helt som fungerer heilt fint i ein samtidsroman.

Ein kjøkenodyssé

Det var den gode sida ved romanen. Saman med denne helten frå villmarka verkar kokken og sonen -som etterkvart vert forfattar- nokså blasse. Heller ikkje kvinnene dei møter på sin odysse frå restaurantkjøken til restaurantkjøken byr på særleg spenning, først og fremst, kanskje, fordi dei får berre ein eigenskap kvar.

Kvifor denne veldige økonomiseringa på karaktertrekk hjå kvinner, Irving? I preiodar får ein dermed den litt triste kjensla av at forfattaren har sett i gang maskineriet og gått sin veg. Og når han låner bort trekk frå eigen biografi til forfattarsonen, så blir det berre dumt. Ein overflatisk leik med og harselas over lesemåtar som viser at forfattaren har blitt irritert over tolkingar av romanane hans.

Det er forsåvidt ei ærleg sak at han irriterer seg, men då burde han ha tenkt betre gjennom saka først, -og allerhelst tatt opp temaet i ein artikkel. I romanen fungerer det i alle fall ikkje. Spenninga når Ketchum er fråverande, går helst på om den hemngjerrige lensmannen vil finne dei til slutt. Dei som har lese Irvingromanar før, vil vite svaret.

Kulturstrøm

  • Gérard Depardieu stilles for retten i overgrepssak i oktober

    Skuespilleren Gérard Depardieu anklages for seksuelle overgrep og stilles for retten i oktober, opplyser fransk påtalemyndighet.

    Depardieu ble mandag løslatt etter å ha blitt avhørt om angivelige seksuelle overgrep, opplyser skuespillerens advokat. Skuespilleren nekter selv for å ha gjort noe galt.

  • ABBA-Benny lagar jinglar til svensk P2

    ABBA-veteranen Benny Andersson har komponert lydlogoar til den svenske radiokanalen P2, melder Sveriges Radio.

    – Eg har laga 37 forskjellige forslag for å sjå om hansken passa, seier komponisten og musikaren til kanalen.

    Jinglane er spelt inn saman med Sveriges Radios Symfoniorkester, og Andersson er sjølv med på piano.

    Dei nye lydsnuttane blei tekne i bruk måndag.

    Benny Andersson
    Foto: Alberto Pezzali / AP