Øystein Lønn
"Simens stormer"
Gyldendal 2003
I aller siste avsnitt i romanen møter Simen, ni år, Sofia for første gong. Ho luktar lakris. På første side døyr Sofia, her luktar det sur vin og hollandsk ost.
Av dette kan ein lære to ting om Øystein Lønns "Simens stormer". Det eine er at lukter spelar ei viktig rolle i Simens liv. Det andre er at dette ikkje er ei kronologisk historie som startar med barndom og sluttar med død, snarare tvert i mot og vel så det, skal det vise seg.
Kvartett utanom det vanlege
Dei sentrale personane i denne romantrilogien forutan ekteparet Simen og Sofia er Bird, bror til Sofia og journalist i avisa der Simen er redaktør, og Leon, den kortvaksne musikaren som er ein av dei mange elskarane til Sofia. Simen veit om alle saman, men dei kranglar aldri om det; rettnok kastar han ein gong alt inventaret deira i ein kontainer, og rettnok grin og hyler Sofia seg i søvne om nettene, men ekteskapsproblem er aldri tema. Legg så til at Sofia er dyktig hjernekirurg, har absolutt gehør, er suksessrik aksjespekulant og figurerer, også etter at ho er død, i shamporeklame på TV, og du anar at dette er ein kvartett utanom det vanlege.
Smidig forteljar
Det mest uvanlege er likevel forteljemåten. Teksten bevegar seg smidig som ein jazzimprovisasjon; forteljar, tid og stad kan veksle midt i ei setning. Viss du slappar litt av i lesinga, anar du ikkje kvar du er og kven som fører ordet. Resultatet er ein flytande tekst utan faste haldepunkt.
Nifst god med stemningar
Personane blir liggande i eit gåtefullt halvmørke, dei smyg seg inn i teksten med tankar og ikkje minst med sansingar, lukter og stemningar, og er borte att før du får tak i dei. Det som står tilbake er ei diffus kjensle av at livet er ein temmeleg ustabil tilstand, der driftene styrer og der vennskap ikkje blir bygd på det ein seier men det ein teier om. Øystein Lønn er nifst god til å mane fram stemningar.
Av Marta Norheim
Kulturnytt, NRK P2, torsdag 25. september 2003