Hopp til innhold

Safari

Seint på hausten for 9 år sidan var det nokre smarte menneske som tenkte; la oss starte eit kor, og så gjorde dei det.

Safari
Foto: Bilde frå musikkvideo

Om du vil at Safari skal få ein plass i Kjempesjansen treng dei di støtte. Om dei får ein plass vil dei framføre "Joyful, joyful"  (av Ludwig van Beethoven, arr: Mervyn Warren), den kan du og sjå på  musikkvideoen deira. 

Full fyr

Men sidan den gong har ikkje alt gått på skinner. På ein konsert dei skulle halde i Trondheim ville arrangørane slå litt ekstra på stortromma så dei rigga scena med pyro, eller med andre ord fyrverkeri, dette skulle fyrast av på opningsnummeret.

Safari brukar ikkje å ha så mykje koreografi, men eit lite stunt skulle det bli.

- Mens vi kryper saman på scena rett før første refreng fyrer arrangørane av tre fyrverkeribomber/konfettibomber rett ved oss. Alle blei heilt satt ut, og då konserten liksom skulle tatt heilt av, sto vi berre der å måpte. Ingen blei skadd, men vi har ikkje brukt pyro sidan, eller koreografi for den saks skuld.

Stolt gjeng 

Safari
Foto: Bilde frå musikkvideo

- for seks år sidan leigde vi Rockefeller i Oslo på eige initiativ.

Heldigvis stilte bandet gratis, så det gjengen håpa på var det skulle kome nok folk slik at dei i alle fall fekk dekka det kosta å leige lokalet. Då konsertdagen kom var det kjøpt over 600 billetter, og det kom over 300 til i døra.

- Med eit PR-budsjett på rundt 2000 kroner hadde vi klart å fylle Rockefeller med rundt 1000 menneske i salen. Dette er noko vi er ganske stolte av.

Kva vil de gjere med pengane de vinn?

- Vi drøymer om å få spelt inn ei n CD, og då kjem pengar godt med. Om det blir meir pengar vil vi fly inn ein produsent frå statane som kan hjelpe oss med å få det rette ”soundet”. Om det framleis er pengar igjen så har vi lyst til å spele i utlandet.

På gøy med Safari:

Er det noko de absolutt ikkje klarer?

- Vi er veldig flinke på å kome for seint, ikkje berre til øving, men og frå pause, turar og konsertar. Vi slit og med å svaie frå side til side i takt. Det er alltid ein eller anna , heldigvis ikkje den same heile tida, som er veldig engasjert i songen og svaiar motsatt av alle dei andre.

Kva slags Disneyfigur symboliserar koret?

- Det må nok bli Langbein. Litt rar, litt klumsete og litt hjelpelaus, men om situasjonen krev det så gje han ei peanøtt og du får Superlangbein.

Kulturstrøm

  • Gustav Klimts siste maleri solgt på auksjon

    Maleriet «Portrait of Miss Lieser» av den østerrikske kunstneren Gustav Klimt ble solgt på auksjon i Wien for 30 millioner euro, som tilsvarer rundt 350 millioner kroner.

    Klimt startet på portrettet i 1917, og det skulle bli hans siste maleri før han døde året etter. Han fikk aldri gjort det helt ferdig.

    Maleriet var savnet i nesten 100 år før det dukket opp på auksjonshuset i Wien tidligere i år, skriver BBC.

    Det har vært flere debatter om hvem kvinnen på bildet er, og hva som skjedde med bilde under 2. verdenskrig.

    Auksjonsleder Michael Kovacek, co-administrerende direktør for Kinsky Auction House taler ved siden av Claudia Moerth-Gasser, Klimt Expert, i begynnelsen av en auksjon for den østerrikske kunstneren Gustav Klimts portrett ble auksjonert ut.
    Foto: Reuters