Hopp til innhold

Ronny Brede Aase ser ljost på radioens framtid

Trass i ein eksplosjon av podkastar og andre lydkonkurrentar er det framleis mange som lyttar på lineær radio. – Det er ein siger, seier Ronny Brede Aase, som er aktuell med eige program på P1.

Ronny Brede Aase utenfor NRK på Marienlyst. Han har en kopp kaffe i hånda.

Ronny Brede Aase leiar Fredag med Ronny på P1 kvar fredag frå kl. 11-13.

Foto: Daniel Rørvik Davidsen

Dei er overalt. Podkastane. Strøymetenestene. Abonnementa. Likevel er nordmenn trufaste mot lineær radio.

Vi høyrer i snitt halvannan time på radio kvar dag og den samla tilbakegangen i fjor var på berre to minutt. Det viser audio-målinga frå selskapet Nielsen.

– Radioens død har blitt spådd kvar gong det har dukka opp nye plattformer, men det ein ser er at folk konsumerer meir lyd. Det er ein siger, og eg meiner at det eine ikkje utelukkar det andre, men at lineær radio og podkast utfyller kvarandre, seier Ronny Brede Aase.

Han er eit av Noregs mest kjente radiofjes. I mange år leia han «P3-morgen» med Silje Nordnes og Markus Neby. Nå er han aktuell med sitt eige program på NRK P1. Det heiter «Fredag med Ronny», og skal gå kvar fredag føremiddag frå kl. 11-13.

– Å få eit eiga program på den største kanalen på NRK ser eg på som ærefullt. Eg gler meg enormt å til ha direktesendt radio, og ha fredagsfest saman med lyttarane.

Ronny Brede Aase fra NRK smiler og ser inn i kamera.

35-åringen frå Førde byrja i NRK i 2007, og har vunne fleire prisar for innsatsen sin som programleiar – både på radio og TV.

Foto: Daniel Rørvik Davidsen / NRK

«Fredag med Ronny»

I «Fredag med Ronny» er det lyttarane som er i fokus, der Ronny i sitt «aleine-i-studio-show» skal ha med lyttarane på telefonen på direkten.

– Det er unikt å ha radio som selskap. Det handlar om fellesskapskjensla ein får ved oppleve noko som går «her og nå» med andre.

– Det gir ei tryggleikskjensle, og ein tilstadeverelse. Du er påkobla augeblikket og får beskjed viss verda går til helvete, og elles kan du senke skuldrene og nyte, seier Aase.

– Manglar ikkje på utfordringar

NRK er blant dei som har ein unik og sterk posisjon i lydmarknaden med høge lyttartal både på podkast og lineær radio. NRK P1 har omtrent 1,2 millionar lyttarar dagleg.

For oss er det viktig å tilpasse dei lineære kanalane slik at dei er attraktive for lyttarane i framtida, seier Bjørn Tore Grøtte, kanalsjef i P1.

Ifølgje ansvarleg redaktør i nettavisa Kampanje.com, Knut Kristian Hauger, har radiomediet halde seg oppsiktsvekkjande godt.

Likevel understrekar han at framtida kan by på fleire hinder.

– Det manglar ikkje på utfordringar og konkurrentar, seier han.

Stadig fleire av oss – spesielt dei unge – bruker no meir og meir tid på dei reine strøymetenestene til Spotify, Apple Music, Tidal og på podkastar.

Dette er ei utvikling som gjer vondt for radiokanalane, seier Hauger.

Portrett, Knut-Kristian Hauger.

Knut Kristian Hauger, ansvarleg redaktør i nettavisa Kampanje.com.

Foto: Kaja Marie Andreassen. / NRK

Men til så lenge held radiokanalane stand og mange av dei store, norske mediehusa har òg store satsingar på podkastar sjølv. Bruken av podkast har òg eksplodert og det er bra for norske lydprodusentar isolert sett, legg Haugar til.

Gullalder for lyd

Ifølgje Grøtte i P1 er det viktig med kvalitet på det journalistiske arbeidet. I tillegg er det viktig at ein endrar seg i takt med ønska og behova til befolkninga.

– Det er ein gullalder for oss som driv på med lyd. For oss i NRK er det naturleg at radio og podkast er noko som utviklar seg saman.

Kor viktig er det å ha store profilar som Ronny Brede Aase?

Det å vere samlande nasjonalt er superviktig. Det å få ein folkekjær gullklump som Ronny til å lage personleg direkteradio i dialog med lyttarane er verdt mykje.

– Også for P1 er det viktig å tiltrekke seg store profilar.

Friminutt med Herman og Mikkel

Herman Flesvig og Mikkel Niva stod bak den populære NRK-podkasten «Friminutt». Nå har dei gått over til Schibsted.

Fordelar og ulemper med store profilar

Knut Kristian Hauger i Kampanje meiner det er viktig at radiokanalane klarer å byggje opp sterke profilar, men at det også er ein farleg veg å gå. For når profilane blir for store er risikoen at lyttarane følgjer profilen og ikkje kanalen.

– Vi ser no ein klar tendens til at dei største radioprofilane blir freista over på nye plattformer. Schibsted allereie har «rappa» nokre av landets aller største profilar frå NRK og internasjonalt ser vi at Spotify hentar profilar som lagar eigne podkastar òg.

Aase meiner det handlar meir om å byggje relasjonar til lyttarane enn å vere ein stor profil.

– Det handlar om å skape tillit hos lyttarane, og vere eit menneske som tar dei imot med opne armar.

Han ser ljost på framtida der radio og podkast går hand i hand.

– Det bidrar til at floraen av lyd blir større, og vi får fleire som brenn for faget, seier han.

Kulturstrøm

  • Ny undersøkelse: Færre leser for barna sine

    Stadig færre foreldre leser høyt for barna sine. Andelen boklesere i befolkningen synker sakte, viser Leserundersøkelsen 2024, som blir sluppet i dag, skriver Den norske forleggerforeningen i en pressemelding.

    – Foreldres lesing er avgjørende for barns ordforråd og leseglede. Nå faller også disse tallene, dette er dramatisk, sier Trine Skei Grande, administrerende direktør i Forleggerforeningen.

    Én av fire foreldre leser aldri høyt for barna sine. I 2017 svarte 93 prosent av foreldre med barn under 10 år at de leste høyt for barna sine. I 2023 var tallet 75 prosent. Samtidig viser undersøkelsen at de som leser for barna sine, gjør det oftere enn før.

    Leseundersøkelsen har blitt gjennomført av Forleggerforeningen og Bokhandlerforeningen siden 1977.

    – Leserundersøkelsen bekrefter at vi trenger et krafttak for lesing, sier Trine Skei Grande i Forleggerforeningen og Anne Schiøtz i Bokhandlerforeningen.

  • Årets verk og Årets utøver

    Årets verk og Årets utøver 2023 ble delt ut i Spillerom, NRK P2, søndag 21. april. Dirigent og fiolinist Lars-Erik ter Jung er kåret til Årets utøver 2023. Tre vinnere får prisen Årets verk; Jan Erik Mikalsen for Fleurs, Nils Henrik Asheim for Organotopia, Tine Surel Lange – Two sides of the River. Prisene deles ut av Norsk komponistforening.

    Årets utøver og Årets verk 2023
    Foto: Kristin Kverndokk / NRK
  • Gyldendalprisen til Hanne Ørstavik

    «En av Norges mest markante og særpregede forfattere», heter det om vinneren av Gyldendalprisen for 2023, Hanne Ørstavik.

    Dermed kan Ørstavik føye enda en gjev litterær pris til en liste som fra før av omfatter Brageprisen, Sultprisen, P2-lytternes romanpris, Amalie Skram-prisen, Oktoberprisen, Doblougprisen og Aschehougprisen.

    Gyldendalprisen er på hele en halv million kroner og deles ut annethvert år til «et særlig betydelig forfatterskap uavhengig av hvilket forlag forfatteren er tilknyttet».

    Hanne Ørstavik utgir bøkene sine på Oktober forlag, har skrevet til sammen 14 romaner, senest fjorårets «Bli hos meg», og er oversatt til 30 språk.

    Hanne Ørstavik, Gyldendalprisen
    Foto: Forlaget Oktober