Hopp til innhold

Reiste på oppfordring frå Kjærstad

– Du må sjå Samarkand før du døyr, skreiv Jan Kjærstad. Lesaren Sigurd tok han på ordet og reiste.

Registan i Samarkand

Registan, det gamle senteret i Samarkand, sett frå toppen av ein av minaretane. Minaretane er eigentleg stengde på grunn av rasfare, men ein liten pengesetel slepp deg lett forbi vakta, fortel Sigurd.

Foto: Privat

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

I trilogien til Jan Kjærstad om Jonas Wergeland, Forføreren, Erobreren og Oppdageren, vert lesarane fleire gonger oppfordra til å reise til Samarkand.

Fortell meg om Samarkand, sa han omsider, som alltid, like før han skulle gå. Om Samarkand og det jeg opplevde der kan jeg aldri fortelle deg, sier hun. Dit må du reise selv.

Forføreren av Jan Kjærstad

– Gjerne det, men kvar er det?, var spørsmålet lesaren Sigurd stilte seg etter å ha lese bøkene.

Flirte av «visum»

Han fann ut at Samarkand ligg i Usbekistan, i det som tidlegare var Sovjetunionen.

– Hjå det russiske flyselskapet Aeroflot kunne dei hjelpe meg med flybillett, men visum hadde dei ikkje peiling på.

Han kontakta den norske ambassaden i Moskva, som anbefalte ein heller tvilsam nettstad. Ved å betale hundre dollar, fekk han tilsendt nokre litt mystiske papir.

– På Gardermoen lo dei berre av «visumet» mitt, men lét meg til slutt få reise likevel.

Samarkand Uzbekistan

Samarkand vart grunnlagt om lag 700 år f. Kr., og er ein av dei eldste byane i verda. I 2001 kom byen på verdsarvlista til UNESCO.

Foto: Staff / REUTERS

Etter ein lang og ubehageleg flytur kom han fram til Tasjkent. Derifrå gjekk turen vidare med tog til Samarkand.

– Det er den finaste staden i verda!, synest Sigurd.

Få vestlege turistar

Ulugh Beg-observatoriet i Samarkand

Sigurd framfor Ulugh Beg-observatoriet frå 1400-talet, som også vert nemnt av Jan Kjærstad.

Foto: Privat

Usbekistan er eit lukka land, og vert av fleire menneskerettsorganisasjonar omtalt som ein autoritær stat, med avgrensa borgarrettar.

– Eit forferdeleg diktatur der folk gjer det beste ut av det, meiner Sigurd.

Samarkand er den nest største byen i landet, men er lite besøkt av turistar. Men fleire av dei store islamske heilagdommar ligg i Usbekistan, og mange muslimar reiser dit difor på pilegrimsferd.

Dei få som kjem frå den vestlege verda reiser på organiserte turar og vert sjeldan meir enn ein dag på kvar stad, fortel Sigurd, som sjølv var i Usbekistan i mai-juni 2007.

– Kjensla av å surre rundt i Samarkand ei veke på eiga hand var difor spesiell. Også for dei lokale; ikkje mange turistar rekk å få sin eigen stam-bar og skomakar i den byen.

Fortalde Kjærstad om reisa

Jan Kjærstad

Forfattar Jan Kjærstad hadde ikkje sjølv vore i Samarkand.

Foto: Falch, Knut / SCANPIX

Ei tid etter reisa møtte Sigurd på forfattar Jan Kjærstad. Då fortalde han historia om reisa til Samarkand.

– Reiste du heilt dit? Var ikkje det veldig kronglete?, var responsen til Kjærstad fortel Sigurd.

Kjærstad hadde nemleg berre lese seg opp om Samarkand på internett, og ikkje vore der sjølv.

– Eg har sjølvsagt lese Kjærstad-trilogien på nytt, og etter turen til Samarkand har eg sett svakheitene i researchen; det er stader ein ikkje har den ”riktige” utsikta og slikt, men ingen skal ta frå forfattaren at han fanga stemninga. Han er kanskje den beste nolevande norske forfatteren, meiner Sigurd.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Har du hatt ei lesesoppleving som fekk deg til å setje deg på flyet, toget eller i bilen for å sjå ein spesiell stad? Fortel oss gjerne om det på nettkultur@nrk.no! Alle artiklane i sommarserien vår om reiser inspirert av bøker finn du her .

Kulturstrøm

  • Nintendo varsler ny konsoll i år

    Det japanske spillselskapet Nintendo varsler at arvtakeren til deres spillkonsoll Switch vil bli presentert innen utgangen av selskapets regnskapsår, melder nyhetsbyrået AFP.

    Nintendo Switch er selskapets mestselgende konsoll noensinne. I desember 2023 var det solgt 139 millioner eksemplarer på verdensbasis.

  • Endrar på Taylor Swift-billettar i Sverige

    Ticketmaster gjer endringar på billettane som er selde til konsertane Taylor Swift skal halde i Stockholm neste veke, melder Expressen.

    Dei rundt 200.000 selde billettane var personlege. Det vil seie at den som kjøpte billettane, også var den som måtte bruke dei i dåra.

    Ordninga fekk kritikk, og no har Ticketmaster snudd.

    – Arrangøren har fjerna den tidlegare regelen for å gjere det enklare for fansen å bruke billettane sine, skriv dei ein e-post til kjøparane.

    Taylor Swift opptrer i en rosa paljettdrakt på Monumental stadium på Eras Tour-konserten i Buenos Aires i Argentina i november i 2023.
    Foto: Natacha Pisarenko / AP