Dette er ein gammal slekstsgard som Harald overtok i 1992, men i gamle papir kan ein truleg spora garden heilt tilbake til 1300 talet.
Det var ikke mye "skrot" på loftet Harald Buttedal. Foto: NRK
Bygde nytt i 1794
Det er på loftet i våningshuset vi er på jakt denne gongen og ettersom dette huset skriv seg frå 1794, fann vi mange interessante gamle ting.
Sjølve huset har og ein spesiell historie. Det blei bygd fordi far til jenta som blei gift til garden dette året hadde ymta frampå om at dåverande våningshus ikkje var godt nok. Eigaren av garden på den tid, Sebiørn Nielsen Buttedal misslikte sjølvsagt denne kritikken og før bryllupet i 1794 var det bygd nytt flott våningshus på garden.
Loftet utan skrot
Ellers misstenkjer eg ekteparet Buttedahl for både og ha rydda og vaska på loftet før vi kom. Her var nemleg ikkje dei store mengdene med overflødig skrot som ein ofte finn på slike loft men derimot fullt opp av vekkstua bord, stolar, kister, skåp og skatoll, senger, lysekruner, måneskinnslamper og mange gamle piper for å nevna litt av det vi fann.
Mange av tinga var skada og truleg er nok dette og årsaken til at dei i si tid har vorte sett på loftet, og som Harald sa – det vil alltid finnast grenser for kor mykje ein kan bruka av midlar for å få sett tinga i stand att. Vi fann likevel ting som var heilt inntakt og som nok vil finna vegen ned i bestestova, m.a. ei kiste frå 1691 og to gamle veggskjold.
Frode kokk slår til igjen
Når det gjeld Frode og mat denne gongen så hadde han tatt med seg fjellaure frå Hardangervidda til Lierdistriktet ! Kva planen var med det? Tja, resultatet vart i alle fall vellukka – som alltid når det gjeld "Frode kokk"!
Og dermed var det som sagt slutt – i alle fall i denne omgang. Om vi får laga fleire program i denne serien veit vi ikke i dag, - men vi håpar sjølvsagt!
NRK1, tirsdag 11. mai 2004 kl. 19:55
Send e-post til Fra loft og kjeller.