Hopp til innhold

Regissørektepar kjempar om å lage årets beste barnefilm

– Det blir krig i heimen nå om å trekke det største publikummet, ler Thale Persen. Ekteparet Arild Fröhlich og Thale Persen regisserer kvar sin barnefilm som har premiere i 2015.

Se regissør-paret i aksjon her

30. januar i fjor fekk Thale Persen og regissørektemannen Arild Fröhlich støtte frå Norsk filminstitutt til kvar sin barnefilm. Persen fekk 9 millionar i støtte til «Julekongen - Full rustning». Medan Arild Fröhlich fekk 16,3 millionar i støtte til «Doktor Proktors tidsbadekar».

Thale

Thale Persen er nå i gang med filminnspeling av «Julekongen - Full rustning» på den tsjekkiske landsbygda.

Foto: Helga Tunheim

På landsbygda ved byen Jičín i Tsjekkia er Thale Persen nå på plass med resten av filmstaben og skodespelarane. Dei har akkurat starta filminnspelinga av «Julekongen - Full rustning». Dei fleste skodespelarane er dei same som i «Julekongen», julekalenderen som gjekk på NRK Super i 2012.

I julekalenderen blei vi kjent med Kevin som bur i Sølvskogen saman med sin familie. Ein dag oppdagar han ei hemmeleg hole som leiar inn til ei anna verd med riddarar. I filmen får vi vite kva som har skjedd med karakterane tre år etter. Persen syns det er stas å lage ein oppfølgar av den populære tv-serien.

Vetle og Bjarte

Vetle Qvenild Werring og Bjarte Tjøstheim speler to av hovudrollene i «Julekongen - Full rustning».

Foto: Helga Tunheim

Julekalenderen hadde eit rikt univers. Så sjølv om eg heldt på med serien veldig lenge, så var det kjekt å gå inn i universet igjen. Eg var spent på korleis det hadde gått med alle karakterane tre år etter.

Ektemannen Arild Fröhlich var i Budapest før jul og spelte inn «Doktor Proktors tidsbadekar».

Arild

Arild Fröhlich er regissøren bak «Doktor Proktors tidsbadekar» som kjem på kino i oktober.

Foto: Helga Tunheim

Les også: «Doktor Proktor» får storslagen oppfølger

Ein fordel

Det er ikkje noko konkurranse, smiler Persen. Ein må jo unne kvarandre det beste. At me jobbar med det same ser eg på som ein fordel. Då kan ein dra nytte av kvarandre og alltid få eit ærleg svar. Så få vi sjå korleis det går til hausten. Vi får kryssa fingrane for at folk har lyst å sjå begge filmane.

Slott

«Julekongen - Full rustning» blir spelt inn på Kost Castle i Tsjekkia.

Foto: Helga Tunheim

«Doktor Proktors tidsbadekar» har premiere 16. oktober og «Julekongen - Full rustning» har premiere 13. november.

Kulturstrøm

  • Céline Dion gjør comeback i OLs åpningsseremoni

    Arrangørene av sommer-OL i Paris bekreftet fredag at den canadiske artisten Céline Dion skal opptre under åpningsseremonien.

    Arrangørene har tidligere hintet om at den internasjonale popdronningen skulle opptre, men først fredag kveld ble det offisielt bekreftet, melder CNN.

    Céline Dion slutter seg dermed til Lady Gaga og den fransk-maliske artisten Aya Nakamura på scenen. Hun forventes å synge «L'Hymne à L'amour» – en hyllest til den franske legenden Edith Piaf.

    55-åringen måtte tidligere i år avlyse sin verdensturné fordi hun er rammet av sykdommen «stiff person syndrome», en svært sjelden, nevrologisk sykdom.

    Opptredenen i Paris er Dions første siden hun fikk diagnosen.

    (©NTB)

    Celine Dion begins world tour in her hometown
    Foto: ALICE CHICHE / AFP
  • Sendes på hemmelig oppdrag

    – Regissør Guy Ritchie er tydelig inspirert av klassiske «men-on-a-mission»-filmer. (...) Hans «The Ministry of Ungentlemanly Warfare» er løst basert på sanne figurer og hendelser under andre verdenskrig, men Ritchie behandler historien som en enkel machofantasi med tvilsom logikk og glimt i øyet, skriver filmkritiker Birger Vestmo.