Hopp til innhold

Reflex

Reflex blei til allereie i 1973, som eit av dei første norske gospelkora. Dette er ein livlig gjeng, som elskar å opptre.

Reflex
Foto: Bilde frå musikkvideo

Om Reflex kjem vidare til Kjempesjansen frå Nettsjansen skal dei synge  for oss, den songen kan du og høyre dei synge på  musikkvideoen deira.

Speler Reflex sin musikk

Koret har mykje å vere stolt av, dei har opplev mykje gjennom åra. Det største er nok at eit av dei mest kjente amerikanske gospelkora, Kurt Carr Singers, har spilt inn ein coverversjon av ein original Reflexlåt (Like a Mighty River).

Men det stoppar ikkje der, dette koret har opptredd i Royal Albert Hall, etter ein invitasjon frå ein kjent engelsk gospelartist, Adrian Snell.

Personleg røykmaskin 

Reflex
Foto: Bilde frå musikkvideo

Sidan gruppa har spela nesten overalt er det ikkje rart at dei har mange historier å kome med. Som for eksempel då dei var med på ein friluftskonsert under O L på Lillehammer var det så kaldt at folk trudde dei brukte røykmaskin, men det gjorde dei ikkje.

- Frostrøyken frå songarane gav inntrykk av at vi brukte røykmaskin.

Slike ting har gruppa opplevd mykje av. ei anna historie er då dei skulle vere med ei TV2-sending.

- Halvparten av songarane blei ståande fast i heisen på Hotell Norge i Bergen, og dette var jo rett før sending, direktesending!

Kva vil de bruke pengane de vinn på?

- Reise rundt i Nord-Norge å synge, og kanskje reise til Japan.

På gøy med Reflex:

Kva er det raraste oppdraget de har fått?

- Kore Englebert Humperdinck under Momarkedshowet i 2000.

Kva slags Disneyfigur symboliserer koret best?

- Bestemor Duck. Vi har drive med dette i mange år, og på grunn av hard arbeid, dugnadsånd og gode kaker er framleis sprell levandes.

 

Kulturstrøm

  • Buing under Israels øving til ESC-semifinale

    Da Israel øvde i Malmö onsdag kveld ble det buet fra salen. Ifølge opptak NRK har hørt og Aftonbladet. Den svenske avisen skriver også at sikkerhetsvakter stod langs trappen opp til scenen da den israelske artisten Eden Golan stod på scenen under generalprøven. Når den andre semifinalen går av stabelen torsdag sensurerer EBU lyden ut på lufta.

  • Får støtte frå pappa

    Den svenske artisten Eric Saade markerte støtte for Palestina under eit Eurovision-arrangement tysdag.

    No får han støtte frå pappa Walid Saade, melder Expressen.

    – Vi viser at vi finst og at det som pågår ikkje får skje, seier han til avisa.

    Besteforeldra til Eric Saade flykta frå Palestina til Libanon i 1948.

    Sweden Eurovision Song Contest Semi-Final
    Foto: Martin Meissner / AP
  • Regjeringen gir en million kroner til Rørosmartnan

    – Rørosregionen er en viktig region for Norge. En investering i kvalitet for investering for Rørosmartnan gir et godt bidrag. Sammen med det lokale næringslivet vil regjeringen bidra til at kulturhistorien og tradisjonene blir sikret på Røros og bevilge 1.000.000 kroner til Rørosmartnan, sier Jonas Gahr Støre.

    Støre var i vinter på besøk på Røros og åpnet arrangementet som første statsminister. Bidraget kommer I forbindelse med revidert nasjonalbudsjett, som legges fram 14. mai.

    – Dette er en merkedag for oss på Røros, og et viktig signal om at Rørosregionen er viktig også for hele Norge, sier ordfører Isak Veierud Busch (A).

    Støre på Rørosmartnan
    Foto: Statsministerens kontor